2023 skremmer klimaforskaren: – 1,5 gradar kjem vi ikkje til å greie

Cicero-forskarane prøver å forstå kvifor 2023 blir tidenes varmaste år. Ein ting er klart for dei: Vi når ikkje 1,5-gradarsmålet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Dette er året som har skremt sjølv garva klimaforskarar. Alle år no er dramatiske og spesielle, men dette året har vore ekstra spesielt.

Det seier forskar ved Cicero Senter for klimaforsking Bjørn Samset. Han held innlegg på eit arrangement på Klimahuset i samband med det komande klimatoppmøtet i Dubai.

Samset trekker fram at Sør-Amerika nyleg har vore råka av fleire hetebølgjer av historisk storleik. Canada fekk historisk kraftige skogbrannar allereie før brannsesongen var i gang. Det har vore tørke i Sør-Europa i normalt fruktbare landbruksområde, og her heime fekk vi oss ein vekkar med ekstremvêret «Hans».

– Nokre meinte at det ikkje var så store mengder nedbør, at vi er vande med det, men det var måten det kom og retninga det kom. Vêret, kva skal ein seie, viste oss ein finger.

Ansiktet til klimaendringane

Kvar for seg er dette ekstremvêr, men det er når ein set dei saman at ein får ansiktet til klimaendringane, nemleg ei forverring av dei ekstreme situasjonane, forklarar forskaren. Han understrekar at klimaendringane ikkje skapar nye ekstremvêr, men klimaendringane tar dei forholda vi har og forsterkar og forverrar dei.

– Det er ikkje ekstremvêret som har skremt oss, det er det som ligg bak ekstremvêret, seier Samset, og viser til at global oppvarming gir meir ekstremvêr.

Han peikar vidare på at det blir stadig fleire klimarelaterte skader. Både når ekstremvêret inntreffer, men også når nyheitene har byrja å gå vidare til neste katastrofe.

– Langtidseffektane summerer seg opp. Og alle desse blir gjort verre av måten vi har innretta samfunnet på.

Når ikkje Paris-målet

– 1,5 gradar kjem vi ikkje til å greie, konstaterer Samset.

Saman med fire andre Cicero-forskarar, står han i dag bak eit innlegg i Aftenposten der dei slår fast at det ikkje er noka reell moglegheit til å stanse den globale oppvarminga på 1,5 gradar over førindustrielt nivå, slik ein er blitt samde om i Parisavtalen.

– Vi er nøydde til å innsjå at kombinasjonen av utslepp til no og energiubalansen, det dyttar oss over 1,5 grad, seier han på Klimahuset.

Klimaforskar Bjørn Samset ved Cicero senter for klimaforsking. Foto: Cicero

I innlegget skriv forskarane at eit konservativt forslag syner at vi kjem til å krysse 1,7 gradar om berre eit tiår, og 1,9 gradar eit tiår seinare.

– Det seier vi ikkje for å vere sure, dystre og negative. Vi seier det fordi når vi kjem til COP28, så er det mange viktige tema. Tilpassing til klimaendringane må setjast fokus på i enda større grad, seier Samset.

Uvanleg stor margin

Forskaren slår fast at 2023 blir det varmaste året nokosinne målt.

– Det er rekordvarmt, og med ein uvanleg stor margin.

Han legg til at ein i år for første gong òg har målt enkeltdagar som passerer to gradar over førindustrielt nivå. Det vil ikkje seie at vi er på togradarsmålet, men det er ei antyding om at vi stadig får varmare dagar.

Mesteparten av den rekordhøge målinga er òg i havområde.

Samansett

Noko av det kan forklarast med at det i år er vêrfenomenet «El Niño», som påverkar vêr og temperaturar i heile verda.

– Det er litt av grunnen til at det skjer så mykje i Sør-Amerika akkurat no, men det er på langt nær all grunn, forklarar Samset, og understrekar at det er ein «vanleg» El Niño i år. Vêrfenomenet har så vidt byrja, og vil halde fram utover våren og påverke vêret gjennom mykje av neste år.

Forskarane synest òg det er spanande å følgje med på effektane av utbrotet til Hunga Tonga-vulkanen på Hawaii i byrjinga av 2022. Det fekk ikkje så mykje merksemd, fordi mykje føregjekk under vatn. Utbrotet førte likevel til ekstra vassdamp i stratosfæren.

– Vi jobbar med å forstå det, men eg trur likevel ikkje utbrotet har kjempestor påverknad.

Vidare har vi blitt flinke å rydde opp i luftforureining. Det er bra for miljøet, men faktisk har luftforureining bidrege til å avkjøle jorda med om lag ein halv grad. Når vi stoppar luftforureining, har det rask effekt.

Støvet som bles frå Sahara har vore litt annleis enn vanleg, legg Samset til.

Ubalanse

– Vi må prøve å skru alle desse saman, men vi må også vere ærlege og seie at vi ikkje har den fulle oversikta over kvifor 2023 har blitt så varmt.

Det som bekymrar forskaren, er òg at jordas energiubalanse går opp. Han forklarar at det som driv klimaendringane, er at det kjem meir energi inn enn det som går ut.

– Det betyr at sjølv om vi hadde slutta å påverke klimaet no, så hadde vi framleis hatt meir oppvarming igjen. Vi har skrudd opp termostaten, men rommet har ikkje rokke å varme seg opp.