Aktivistar frå nærmare 60 ulike organisasjonar møtte opp på Eidsvolls plass for å vise klimaministeren kva dei krev under årets klimatoppmøte.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg synest det er viktig å gi ein klar beskjed til regjeringa og klimaministeren før dei drar på COP om at dei må gjere noko med Noregs klimapolitikk. Dei må la olja ligge og faktisk handle, for det er no det trengst.

Laura Vaagland er ein av dei mange demonstrantane som måndag 20. november møtte opp til Den store klimamarkeringa framføre Stortinget. Nærmare 60 organisasjonar hadde slutta seg til demonstrasjonen i forkant av FNs klimatoppmøte (COP28) i Dubai.

– Eg synest det er dødsbra! Det er så mange folk her! Det viser også kor utruleg viktig denne saka er, og kor utolmodige vi er.

20-åringen er tidlegare leiar av Natur og Ungdom i Bergen og er no med i Naturvernstudentene på UiO. Ho har demonstrert for klimahandling i årevis, men opplever at ingenting skjer.

– Det er vi dødsleie av. No er det det dei kallar eit skjebnetoppmøte, og det er det jo verkeleg. Det bestemmer framtida for Noregs klimapolitikk og også for verda.

På årets klimatoppmøte vil vi mellom anna få den første vurderinga av framgangen til Parisavtalen, det som blir kalla Global Stocktake (GST). Andre tema er utfasing av fossil energi, tap og skade og klimafinansiering. Toppmøtet startar 30. november.

Mange samla seg framføre Stortinget måndag ettermiddag. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Aktivistane ber regjeringa la olja liggje. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Barnas klimapanel legg ned ein rapport i kofferten til statsråden. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap). | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Det var musikalske innslag under klimamarkeringa. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Kofferten med reisegåver til klimaministeren. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Etterlyser konkrete tiltak

I tillegg til appellar, musikalske innslag og dans, la ulike organisasjonar og aktivistar ei rekkje gåver i ein koffert som mot slutten av demonstrasjonen var overlevert til Noregs ferske klimaminister.

Blant gåvene til Andreas Bjelland Eriksen (Ap) var mellom anna ei t-skjorte med namnet til ein fengsla aktivist og Barnas klimarapport. Klimaministeren heldt òg ein appell om Noregs klimainnsats frå scena.

Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) får ein koffert med gåver frå ulike organisasjonar til å ta med på klimatoppmøtet i Dubai. Foto: Lovise Tokle Rannekleiv/Natur og Ungdom/CC BY-NC-SA 2.0

Vaagland var ikkje veldig imponert over det han sa frå talarstolen.

– Han snakkar politikarspråk og kjem ikkje med nokon konkrete tiltak.

Ho meiner det viktigaste Noreg kan gjere er å la olja ligge og lage ein ordentleg plan for utfasing, noko klimaministeren har avvist.

– Han viser til alle andre moglege måtar å kutte utslepp på, som ikkje monnar like mykje og som ikkje vil vere sterkt nok og bidra nok til at klimagassutsleppa går ned.

Etter markeringa lova Eriksen at han tar klimasaka på fullt alvor. Han representerer Noreg på klimatoppmøtet saman med utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

– Vi skal gjennomføre politikk som gjer at Noreg når måla sine, og vi skal vere med internasjonalt for å bidra til at verda får så ambisiøse mål som mogleg, slik at vi klarar å handtere klimakrisa på ein trygg og forsvarleg måte, sa han til NRK Dagsrevyen.

Statsråden poengterte at han i 2050, når vi skal vere eit lågutsleppssamfunn, er 58 år.

– Så dette handlar både om mi eiga framtid, om mine barns framtid og om vår felles framtid.

Har følt seg håplaus

Også Live Hodne Titlestad (17) og Eira Børresen Ryste (17) hadde møtt opp på klimademonstrasjonen. Dei er høvesvis leiar i Natur og Ungdom sitt lokallag Oslo Øst og nestleiar i Oslo Natur og Ungdom.

Dei synest begge det er kjekt å sjå at så mange møtte opp. Titlestad har inntrykk av at det har dabba litt av dei siste åra.

– Det er veldig godt å sjå at folk framleis har engasjementet oppe. Eg trur ikkje eg er aleine om å ha følt meg litt håplaus og litt einsam i denne saka sidan dei store skulestreikane. Så det er godt å sjå at folk kjem. 60 ulike organisasjonar, det er jo heilt rått!

– Ola Svenneby sa etter stortingsvalet at generasjon Greta Thunberg er død. Synest de at dette motbeviser det?

– Ja! Eg er stolt generasjon Greta Thunberg, svarar Ryste, og Titlestad skyt inn at ho har skrive det i Instagram-bioen sin.

Må innsjå alvoret

Om ho kunne sende med klimaministeren ei oppmoding til klimatoppmøtet, er det at han må innsjå alvoret i saka.

– Eg føler at det er ingen som verkeleg skjønar alvoret. For viss dei hadde gjort det, så hadde vi ikkje trengt å stå her. Då hadde vi vore ferdig med det. Då hadde vi fått klimahandling, men vi må stå her år etter år og rope, seier Titlestad oppgitt.

– Heilt einig! Og han må ta det seriøst. Eg trur jo eigentleg at han tar det seriøst, men eg trur ikkje han innser kor mykje meir seriøst han burde ta det, legg Ryste til.

Ho synest det er «idiotisk» at regjeringa ikkje vil gå inn for ein plan for utfasing av olje, slik klimautvalet har tilrådd.

– «Det berre kjem til å skje av seg sjølv». Nei, det kjem jo ikkje til å skje av seg sjølv! Vi ser jo at det ikkje skjer.

Blir spanande

I forkant av klimamarkeringa møtte Framtida.no Thea Erfjord frå Spire. Saman med Matilde Angeltveit, som er ungdomsdelegat under COP28, losa ho dei frammøtte gjennom programmet for klimamarkeringa. Etterpå var ho godt nøgd med oppmøtet.

– Det er veldig kult at vi er så mange som står samla og seier ifrå tydeleg, sånn vi hadde lyst, og krev klimahandling.

– Kva la du i kofferten til klimaministeren?

– Veit du kva, eg og Matilde fekk ikkje lagt oppi noko! Men Spire la oppi «Feigt, falskt, fossilt»-brosjyren og det var mange som la oppi ulike rapportar.

Erfjord håpar Andreas Bjelland Eriksen tar til seg det som blei sagt under markeringa, og tar det med seg til klimatoppmøtet.

– Så er det jo ikkje godt nok enda, dessverre. Det blir spanande å sjå korleis det blir på COP.