2023 ligg an til å bli det varmaste året nokosinne målt

Oktober var 1,7 gradar varmare enn det førindustrielle snittet. 2023 blir truleg eit nytt rekordår.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Forskarar frå Copernicus Climate Change Service, EU sitt jordobservasjonsprogram, spår at 2023 med stort sannsyn vil verte varmare enn noko anna år som har blitt målt. Så langt i år er temperaturen 1,43 gradar høgare enn det førindustrielle snittet.

Parisavtalen slår fast at det ikkje skal bli meir enn 2 gradar varmare, og «helst ikkje» meir enn 1,5. Verda er derimot på veg mot 2,5 gradars oppvarming.

Visedirektør Samantha Burgess i Copernicus seier til The Guardian at kjensla av hastverk for ambisiøs handling aldri har vore sterkare, når verda i slutten av november skal samlast til klimatoppmøte i Dubai.

Laurdag vart det dessutan sett ny europeisk varmerekord for november, då det vart målt heile 35,1 gradar i byen Sisi på den greske øya Kreta.

Friederike Otto, klimaforskar ved Imperial College London, seier til The Guardian at varmerekorden i 2023 betyr menneskeleg liding.

Innanfor dette året har ekstreme heitebølger og tørkeperiodar, gjorde mykje verre av desse ekstreme temperaturane, forårsaka tusenvis av dødsfall, folk har mista levebrødet sitt, vorte fordrivne, og så bortetter. Dette er rekordane som betyr noko. Det er grunnen til at Parisavtalen er ein menneskerettsavtale, og å bryte måla som står skrive i den, er å krenke menneskerettar på ein enorm skala, seier Otto til The Guardian.


Hetebølga har skapt nye varmerekordar fleire plassar i Europa. Foto: Dan Cristian Padure/Unsplash