Hellas vil innføre ekstremvêr-reform etter enorme øydeleggingar

Dei siste månadane har veldige skogbrannar, flaumar og stormar herja med grekarane. No vil regjeringa styrke beredskapen for å vere betre førebudd på effektane av klimaendringane.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei greske styresmaktene vil reformere den utdaterte beredskapen etter at ekstremvêr har ført til store øydeleggingar i landet dei siste månadane.

I løpet av sommaren braut hundrevis av skogbrannar ut. Særleg dramatiske var dei på Rhodos og nær byen Alexandroupolis. 21 personar døydde, og titusenvis av personar måtte evakuerast.

For nokre veker sidan tok stormen Daniel livet av minst 180 000 gardsdyr og øydela store mengder avlingar i den viktige jordbruksregionen Thessaly, noko som kan føre til matmangel i landet til vinteren. Og i slutten av september vart det innført portforbod i byen Volos, og vegane vart stengde, som følge av den kraftige stormen Elias. Sidan stormen Daniel har Volos vore utan reint drikkevatn.

EU har lova over 2 milliardar euro til gjenoppbygging etter brannane og flaumane i Hellas dei siste månadane.

Motstridande respons

Kyriakos Mitsotakis er statsminister i Hellas. Foto: World Economic Forum/Sikarin Fon Thanachaiary

Statsminister Kyriakos Mitsotakis slår fast at hyppig ekstremvêr som følge av klimakrisa gjer det naudsynt å implementere beredskap og klimatilpassing i alle deler av politikken. Regjeringa vil no innføre ei reform som skal sørge for ein meir koordinert respons på ekstremvêr.

Ei svakheit i landet har nemleg vore at ulike greiner av styresmaktene ikkje har vore koordinerte, og i nokre tilfelle har jobba mot kvarandre. Under stormen Elias kom det til dømes motstridande informasjon om kva for skular som skulle stengast då det regna som verst, skriv avisa Kathimerini.

Styresmaktene vil difor spikre rutinar som involverer departementa for innanriks, helse, transport, infrastruktur, forsvar, beredskap og klima. Også lokale og regionale styresmakter skal involverast.

Til dømes ville ein slik koordinert respons truleg ha bremsa eit smitteutbrot etter at stormen Daniel tok liv av store mengder gardsdyr.

Regjeringa skal legge fram eit lovforslag før vinteren. Landet skal vere førebudd på alle typar ekstremvêr, ifølge planen. Dessutan skal offentlege tilsette trenast i beredskap og motstandsdyktigheit.


Illustrasjonsfoto: Chris Gallagher via Unsplash