Stengde skular i Delhi etter alvorleg luftureining

Den indiske storbyen slit med dramatisk dårleg luftkvalitet.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Styresmaktene i byen og territoriet Delhi i India stengde skulane førre veke, då luftureininga i byen nådde urovekkande nivå.

Forskarar fryktar at lufta vil verte endå verre i løpet av den neste veka.

Delhi er den nest største byen i verda med sine nesten 33 millionar innbyggarar, og det er også ein av dei mest ureina byane i verda. Urovekkande ureining har vorte ei årleg hending.

Lufta i Delhi vert nemleg endå verre i overgangen til vinteren. Dette skuldast mellom anna brenning av planterestar i jordbruket, ulovleg fyrverkeri i samband med den hinduistiske lysfestivalen divali, og lite vind, i tillegg til utsleppa frå trafikk, anleggsarbeid og fyring. 

Ureininga vert mellom anna måla i form av såkalla PM2,5-partiklar. Grensa for kor mange partiklar det kan vere før lufta vert rekna som skadeleg, er 60 mikrogram per kubikkmeter. Torsdag kveld viste målingane 7–8 gonger så høgt nivå nokre stader i byen og i forstadane.

I tillegg til å stenge skulane, svarte byen med å forby alt anleggsarbeid som ikkje er naudsynt. Tidlegare i haust sette dei inn fleire avgangar på buss og bane, for å redusere biltrafikken. Neste veke vil dei innføre datokøyring, som vil seie at bilar med registreringsnummer som sluttar på eit oddetal, berre får lov til å køyre på oddetalsdagar, og partalsskilt på partalsdagar.

Urein luft påverkar helsa til innbyggarane i byen kvart år. Både born og eldre kan utvikle astma, bronkitt og andre lungeplager. Personar med luftvegsproblem vert frårådde mot å gå ut av døra om det ikkje er absolutt naudsynt.


Illustrasjonsfoto: Petter Rudwall