Frå gjengvalden i Sverige til lekkasje til øydelagd gassrøyrleidning – her er nokre av dei viktigaste nyheitene.
Åshild Slåen
Publisert Oppdatert 05.06.2024 14:06
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Israel erklærer krig etter Hamas-åtak
Laurdag 7. oktober angreip palestinske Hamas Israel med både rakettar og bakkestyrkar som gjekk til åtak på sivile.
Ifølgje Israel er 1300 personar drepne på israelsk side og over 3000 såra. Dei har òg identifisert 97 gissel som Hamas har teke med tilbake til Gaza, ifølgje The Wall Street Journal.
Hamas er ein politisk og paramilitær organisasjon som kontrollerer Gaza-stripa. Området ligg på austkysten av Middelhavet der det bur over 2 millionar innbyggjarar, dei fleste palestinarar. Reise inn og ut av Gaza blir kontrollert av Israel.
11. oktober var det to år sidan den norske høgsteretten slo fast at utbygginga av vindkraftparken på Fosen er eit menneskerettsbrot. Det utløyste nye demonstrasjonar i hovudstaden, og onsdag okkuperte samiske aksjonistar vandrehallen i Stortinget. Dei vart så borne ut av politiet.
Vindkraftparken på Fosen er bygd på gamalt vinterbeite for reindriftssamar, som ifølgje høgsterett fekk rettane sine krenka. Aksjonistane ønsker at vindkraftparken blir fjerna.
Fosen-aksjonistar på Karl Johan. | Foto: Rasmus Berg / Natur og Ungdom via Flickr (CC BY-NC-ND 2.0 DEED)
Den siste veka har det vore to store rundar med jordskjelv i Afghanistan, laurdag 7. oktober, og onsdag 11. oktober. Dei fyrste skjelva fann stad i vestlege Afghanistan, og det er til no stadfesta minst 2445 omkomne som følgje av hendinga. Det seinare skjelvet natt til onsdag fann stad i same område.
Den norske regjeringa har meldt at dei gir 20 millionar kroner til organisasjonar som Røde kors og Røde halvmåne og Verdas matvarefond. Dei arbeider med nødhjelp i området.
Ifølgje FN er meir enn 90 prosent av dei drepne av skjelva kvinner og barn, sidan fleire av dei var inne heime då skjelva starta.
Afghanske frivillige ryddar opp etter jordskjelvet onsdag 11. oktober. | Foto: AP Photo/Ebrahim Noroozi
Gassrøyrleidning mellom Finland og Estland er ute av drift
Gassrøyrleidninga Balticconnector er ut av drift etter ein lekkasje. Denne leidninga bind saman gassnettverket i Estland og Finland, og har vore i full drift sidan Russland kutta gass til Finland i fjor. Leidninga går under Finskebukta, vest for Helsinki og Tallinn.
Lekkasjen starta natt til sundag, og det er no klart at leidninga vil ta minst fem månader å reparere. Det finske forsvaret etterforskar no kva som kan ha ført til lekkasjen, og finske styresmakter meiner det kan ha vore «ekstern aktivitet» som står bak.
Det er ikkje stadfesta at ein konkret aktør står bak lekkasjen. I fjor fekk ei anna gassrøyrleidning lekkasje mellom Sverige og Danmark. Det er enno ikkje klart kven som kan ha stått bak den hendinga, sjølv om det der også er spor som tyder på at nokon gjennomførte sabotasje på leidninga.
Foxtrot-nettverket er splitta i to fløyer, mellom «Reven» og ein mann med kallenamnet «Jordgubben». Kva som kjem til å skje med nettverket i framtida er vanskeleg å seie, men valden kjem truleg ikkje til å slutte fullstendig, sjølv om ein leiar er arrestert.
Natt til tysdag var det sju nye brannåtak i Stockholm, der tre personar vart arresterte. Politiet stadfestar at hendingane er knytt til den pågåande gjengkrigen.
Det har vore ei valdsbølgje i Sverige som følgje av eit gjenoppgjer. Her frå ein eksplosjon som skjedde i Uppsala 28. september. | Foto: Pontus Lundahl/TT / NTB
✨Lyspunkt✨: Fyrste kvinne får minnesnobelprisen i økonomi åleine
Den amerikanske samfunnsøkonomen Claudia Goldin fekk årets Nobels minnepris i økonomi. Med det er ho den fyrste kvinna som har vunne denne prisen i økonomi åleine.
Foto: Editing1088, Wikimedia Commons
Tidlegare kvinnelege vinnarar har fått prisen delt med andre økonomar. Goldin har forska på kjønnsforskjellar i arbeidslivet over fleire hundre år, og gjort at vi forstår meir om kvinner si rolle i arbeidslivet.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.