Greta Thunberg har slutta seg til Fosen-aksjonistane ved Statkraft

Fosen-aktivistane blokkerer Statkrafts lokale på Lilleaker i Oslo. No har dei fått selskap av den verdskjende miljøaktivisten Greta Thunberg.

NPK-NTB-Anders R. Christensen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For meg er det sjølvsagt å stå i solidaritet med dei unge samane som kjempar for dei grunnleggjande menneskerettane sine. Denne kampen har gått føre seg i hundreår, og vi kan ikkje akseptere at kolonialiseringa av Sápmi framleis skjer. Derfor bør alle som kan vere i Oslo no, og vise si støtte, gjere det, seier Greta Thunberg i ei pressemelding frå Natur og Ungdom.

Ho kom til Oslo torsdag formiddag og drog rett til Statkrafts lokale på Lilleaker som Fosen-aksjonistane har blokkert sidan torsdag morgon.

Den verdskjende svenske miljøaktivisten deltok også på Fosen-aksjonane i Oslo i februar i år.

NSR-U-leiar Elle Márgget Nystad, Greta Thunberg og Ella Marie Hætta Isaksen demonstrerer utanfor Statkraft sine kontor. | Foto: Lovise Tokle Rannekleiv / Natur og Ungdom

Storeigar i vindturbinane på Fosen

Statseigde Statkraft er hovudeigar av Fosen Vind, som opererer 80 av dei 151 vindturbinane på Fosenhalvøya.

– Selskapa tener rått på menneskerettsbrotet på Fosen, og ein god del av desse pengane rullar inn til staten gjennom Statkraft. Vi krev at inntektene vindselskapa tener på dei ulovlege vindkraftanlegga sine, blir øyremerkte til å reparere brotet og går til å restaurere landet tilbake til reindrifta, seier talsperson for aksjonistane Ella Marie Hætta Isaksen.

Dei tilsette i Statkraft er sende på heimekontor, opplyser politiet.

– Må krevje ei løysing

Det var onsdag at aksjonistane byrja markeringa av at det no er to år sidan Høgsterett slo fast at vindturbinane på Fosen strir med menneskerettane. Aksjonistane sette opp lavvoar på Karl Johans gate i Oslo, og aksjonistar sette seg ned i vandrehallen på Stortinget og joika. Dei vart onsdag kveld borne ut av Stortinget av politiet etter at dei nekta å flytte seg.

Torsdag er lavvoane på Karl Johans gate flytta til Eidsvolls plass utanfor Stortinget for å vareta branntryggleiken, seier Isaksen til Dagsavisen.

Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver seier i ei pressemelding at Statkraft og resten av industrien må bli med og krevje at ei løysing blir lagd på bordet.

– Ei løysing i Fosen-saka er kritisk for å kunne komme vidare med anna utbygging av fornybar energi i Noreg på den rette måten. Det treng vi sårt for å løyse klimakrisa, seier Gylver.

Leiar i Natur og Ungdom, Gina Gylver | Foto: Rasmus Berg / Natur og Ungdom

Statkraft ser an utviklinga

Ved tidlegare Fosen-aksjonar, der inngangar har vorte sperra eller aksjonistane har nekta å forlate bygg, har ikkje politiet gjort noko før dei har vorte bedne om det av dei som disponerer bygget.

Geir Fuglseth, kommunikasjonsansvarleg i Statkraft og Fosen Vind, seier til NTB at dei vil sjå an utviklinga før dei tek ei avgjerd om dette.

– Å be politiet om å fjerne aksjonistane vil ikkje vere det første vi gjer, seier Fuglseth.

Han seier at Statkraft er oppteken av å finne ei løysing på Fosen.

– Vi beklagar at denne saka har teke så lange tida og belastninga dette har medført for dei ramma samane. Vi ønskjer å komme til ein løysing og har tru på at meklinga som er i gang, skal få på plass tiltak som skal vareta dei ramma dei samiske rettane, ser Fuglseth.