Palestinakomiteen fordømmer drap på sivile: – Brutale drap i både Palestina og Israel

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby reagerte på ordvalet frå Palestinakomiteen sin leiar. – Dei væpna palestinske motstandsgruppene bryt folkeretten, seier Line Khateeb.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Dei væpna palestinske motstandsgruppene bryt folkeretten når dei angrip og kidnappar sivile. Den israelske hæren bryt folkeretten når dei bomber bustadblokker og sivile område.

Det skriv Palestinakomiteen i eit utsegn på Instagram søndag 8. oktober.

Unge Høgre-leiar kritiserer Palestinakomiteen

Laurdag morgon gjekk Hamas-krigarar frå Gazastripa til åtak på Israel med både rakettar og bakkestyrkar. Over 700 israelarar, både militære og sivile, skal vera drepne og fleire kidnappa.

Israel har gått til kraftig åtak mot Gazastripa i etterkant av åtaket. På palestinsk side skal nærare 500 vera drepne og over 100.000 er drivne på flukt.

Laurdag kveld gjekk Unge Høgre-leiar Ola Svenneby ut i avisa Vårt Land og kritiserte språkbruken til leiar i Palestinakomiteen, Line Khateeb, som brukte uttala følgjande til NRK:

– Palestinsk motstandsrørsle har gått inn i israelsk territorium. Dei har frigjort seg sjølv, gått inn i israelske busettingar og teke kontroll der. Det er heilt spektakulært på eit vis. Òg måten dei har gjennomført det på, seier ho i NRK-intervjuet, som er sitert av Vårt Land.

– Eg er lettare sjokkert. Palestinakomiteen står fram radikaliserte og ute av stand til å sjå menneskelege lidingar på ei anna side enn si eiga, sa Svenneby til Vårt Land.

Han meiner palestinarane har rett til å driva ein motstandskamp, men fordømmer målretta åtak på sivile.

Palestinakomiteen ber Noreg ta grep

Khateeb understrekar på si side at folkerettsbrot gjort av israelarar og palestinarar må følgast opp.

– Eg gjentok opp til fleire gonger at bileta frå dei israelske byane eg har sett er ganske grufulle, og det same er bileta me no ser frå rakettangrepa mot Gaza, seier Khateeb.

Ho er oppteken av å verna sivile på begge sider av konflikten, men spør seg kvifor verdssamfunnet ikkje har reagert på dei systematiske folkerettsbrota som blir gjort mot sivile palestinarar dagleg.

– Norske styresmakter må fordømma alle drap på sivile og dei systematiske folkerettsbrota. Det skjer no brutale drap i både Palestina og Israel, dei skuldige må haldast ansvarleg, både okkupant og okkupert, skriv Khateeb på Palestinakomiteen sin Instagram-konto.

Norsk kontakt med Israel og Palestina

Utanriksminister Anniken Huitfeldt peikar på at det er ein akutt situasjon og tek på det sterkaste avstand frå dei grufulle terroråtaka.

– Eg har vore i kontakt med Israels utanriksminister i går og gjev uttrykk for det norske synet. Me er òg veldig oppteken av at konflikten ikkje skal eskalera. Det var òg tema då eg snakka med den palestinske statsministeren. Så har me kontakt med andre land i regionen, Egypt og Jordan. Og på diplomatisk side er det òg kontakt mot Hamas for å be dei sleppe laus gislane. Dei har ikkje vist noko vilje til mekling, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt på telefon til NRK Nyhetsmorgen.