Claudia Goldin er første kvinne som vinn Nobels minnepris i økonomi åleine

Den amerikanske samfunnsøkonomen fekk årets nobelpris i økonomi for forskinga si på kjønnsforskjellar i arbeidsmarknaden.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein veldig fortent pris! Hennar forsking har vore veldig viktig for heile feltet historisk økonomi og lønnsforskjellar mellom kjønn.

Det seier økonom Erling Barth til forskning.no.

Harvard-professor

Måndag denne veka vart det klart at Harvard-professoren får Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til minne om Alfred Nobel for 2023. Ho får prisen for å ha funne nøkkelfaktorane bak kjønnsforskjellar i arbeidsmarknaden.

77-åringen er den tredje kvinna som får Nobels minnepris i økonomi. Ellinor Ostrom vart i 2009 den første kvinna som fekk prisen, som ho delte med Oliver E. Williamson. Ti år seinare vart Esther Duflo den andre kvinna som tok imot prisen. Òg ho delte prisen med to mannlege kollegaar.

I 1990 vart Goldin den første kvinna som fekk fast stilling ved økonomisk institutt ved prestisjetunge Harvard University.

Likestilling i parforholdet

Samfunnsøkonomen har forska på kjønnsforskjellar i arbeidslivet over fleire hundre år, på kvinner si deltaking i arbeidslivet, lønnsgapet mellom kvinner og menn, utdanningsnivå og aukande forskjellar i samfunnet.

– Å forstå kvinners rolle i arbeidet er viktig for samfunnet. Takka vera Claudia Goldin si banebrytande forsking veit me no mykje meir om dei underliggjande faktorane og kva barrierar som må taklast i framtida, seier komitéleiar, Jakob Svensson, i ei pressemelding.

Tidlegare kunne lønnsforskjellar i arbeidslivet forklarast med forskjellar i utdanningsnivå. No har kvinner i mange land gått forbi menn i utdanningsnivå og høgstatusyrke, men Goldin har sett at kvinner fell bak menn i same yrke. Dette fell saman i tid med barnefødsel.

Goldin har teke til orde for betre likestilling på heimebane, for å takla lønnsgapet.

– Me vil aldri få likestilling eller minska lønnsgapet før me har likestilling i parforhold, sa Goldin til CNBC.