NU-leiaren: – Valkampen er over. No byrjar klimakampen

Miljøpartiet Dei Grøne fell og dei «grå» partia veks. Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom, seier den lokale kampen for klimaet må halde fram.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Det er synd at dei partia som tek klima- og naturkrisa mest på alvor, ikkje får meir makt, seier Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver etter vekas valresultat.

Etter skulevalet erklærte Unge Høgre-leiar Ola Svenneby «generasjon Greta Thunberg» død (og tok sjølvkritikk for det i ettertid). Resultatet etter valet var at Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) søkk med 2,7 prosentpoeng nasjonalt, og dei mistar truleg makt i fleire viktige kommunar.

Samstundes ligg ikkje ansvaret berre på MDG. Dei fleste partia profilerer seg på klima og miljø, og Gylver forventar at dei følger det opp lokalt.

Natur og Ungdom-leiaren slår samstundes fast at det er mykje påverknad ein kan gjere utanfor valet, til dømes gjennom høyringar og folkemøte.

– No er valkampen over. Då byrjar klimakampen. Lokaldemokratiet er uendeleg mykje meir enn å røyste. Ein kan påverke utruleg mykje i kommunane utanom valet. Det er fordelen i eit land der makta er nær folket. Eg håpar at folk brukar alle dei fantastiske moglegheitene vi har til å påverke, seier ho.

Kan gjere mykje lokalt

Gylver meiner dei som no skal inn i styre og stell over heile landet, må vere modigare enn kva dei nasjonale politikarane har vore. Som klimaaktivist har ho sjølv merka korleis klima- og miljøkampen i stor grad vert ført nedanfrå og opp.

– Slik kan det vere i lokalpolitikken også. Regjeringa har svikta gong på gong, og maktar ikkje å føre Noreg gjennom omstillinga. Men då kan kommunane sitje i førarsetet. Eg håpar dei torer å gjere det i åra som kjem, seier Gylver.

Sjølv om nokre av dei store sakene, til dømes dei som gjeld norsk oljeproduksjon, er av nasjonal karakter, er det mykje ein kan styre lokalt i kommunane, slår Gylver fast:

  • Arealpolitikk, til dømes plassering av utbyggingsprosjekt, vern av myr og sårbar natur, nei til nye hyttefelt.
  • Vern av strandsona, som allereie er kraftig nedbygd i heile landet.
  • Stille krav til lokalt næringsliv.
  • Legge press på regjeringa, til dømes for å stille strengare krav til oppdrettsnæringa.

– Ein del politikk må komme frå øvste hald, men det betyr ikkje at lokale politikarar skal stå makteslause og sjå på, seier Gylver.

– Eit enormt ansvar

Gylver meiner det er urovekkande at MDG minkar, sjølv etter ein sommar med mykje fokus på ekstremvêr både i Europa og heime i Noreg. Ho plasserer ansvaret på dei leiande politikarane i landet.

– Så lenge dei ikkje vil eller klarar å kommunisere kor stor klimakrisa er og kor kort tid vi har på å løyse henne, er det ikkje rart at vanlege folk ikkje reknar dette som den mest akutte saka, seier ho.

Nyheitene har vore prega av skogbrannar og stormar i sommar. Illustrasjonsfoto: Filippos Sdralias/Unsplash

– Det er menneskeleg å bry seg mest om det som kjenst nærast. Det er ei stor utfordring med ei krise der dei største konsekvensane kjem lenger fram i tid, at ein må kjempe mot dei instinkta. Då treng vi leiarar som viser veg. Det manglar vi totalt, seier Gylver.

Ho peikar på at det berre er eitt kommuneval igjen før 2030, då dei norske klimautsleppa skal vere halverte.

– Vi ligg ikkje an til å nå målet. Alle partia sit med eit enormt ansvar for å ta krisa på alvor når dei no skal styre, slår Gylver fast.

Treng alliansar og samarbeid

Medan MDG søkk, har både Framstegspartiet og det ferske Industri- og Næringspartiet fått kvart sitt byks – parti som ikkje held klimafana høgt. Også dette uroar Gylver.

– Det er urovekkande, utan tvil. Samstundes er det forståeleg at det vert ein motreaksjon.

Ho peikar på at ho ikkje veit motivasjonen til veljarane bak dei «grå» partia, men slår fast at det i miljøsaka er viktig å motarbeide polarisering.

– Ekstreme haldningar og ytterkrefter får fotfeste. Det er vilt at folk som ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar, skal sette føringar for klima- og miljøpolitikk. Då har vi eit kollektivt ansvar for å skape alliansar og samarbeid. Ei av dei største utfordringane i norsk miljøpolitikk er å motarbeide splittinga som har oppstått, seier ho.

Gina Gylver er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Isabelle D. F. Poole

– Framleis viktig sak

Samstundes har SV og Venstre, som begge profilerer seg på å vere klimaparti, gått forsiktig fram i valet. Gylver finn ei lita trøyst i det.

– Det viser at klima framleis er ei utruleg viktig sak for mange veljarar. Det er absolutt ei glede på ein litt skuffande dag.

Ho gjentar likevel at alle parti har eit like stort ansvar for å løyse klima- og naturkrisa.

– Eg har tru på, og håpar, at også dei gråare partia vil gjere ein skikkeleg innsats lokalt, og at unge folk som ikkje har røysta, får høve til å påverke politikken gjennom andre engasjement der dei bur.


Nordmenn lydde då regjeringa innførte strenge koronatiltak. Når det gjeld klimaet, kvir politikarane seg for å gjere inngripande tiltak.
Foto: Ramiro Pianarosa/Tania Malréchauffé/Unsplash. Kollasj: Framtida.no.