FpU-leiar Simen Velle markerer seg på TikTok: – Spreiinga er enorm

Ingen ungdomsparti har fleire TikTok-følgjarar enn FpU, men ikkje alle ungdomspartia vil ha ein offisiell konto.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi er der fordi det er der ungdommen er, seier Simen Velle, leiar i FpU, på telefon til Framtida.

Han er midt i ein travel valkamp der han driv med alt frå skulebesøk og debattar, til å halde koken oppe på sosiale medium. Det inkluderer TikTok.

FpU har 12 700 følgjarar og er det største partiet på TikTok, både blant ungdoms- og moderpartia. Blant ungdomspartileiarane med TikTok-konto har Velle klart flest følgjarar, med over 23 100 følgjarar.

– Vi bruker det i all hovudsak for å svare på spørsmål, forklarar Velle.

Mange fyrstegongsveljarar

I Noreg seier 1,26 millionar nordmenn over 18 år at dei brukar TikTok, noko som er ei dobling dei siste to åra. Det kan difor bli ein viktig valkamparena i årets lokalval.

Det er det ikkje berre FpU som har fått med seg.

Dordi Boksasp Lerum sit i sentralstyret i Senterungdommen og kjempar for at partiet skal halde på bistandsmålet sitt.

– Det er viktig at politikarar er til stade på dei same plattformene som unge er.

Det seier Dordi Boksasp Lerum frå Senterungdommen på telefon til Framtida. Ho har fronta partipolitikk på TikTok på den personlege brukaren sin i nesten eit og eit halvt år.

– Eg merkar at folk er interesserte i å få informasjon. Det er veldig mange på TikTok som skal stemme for fyrste gong i år.

Ei oversikt over ungdomspartia på TikTok

Slik fordeler norske ungdomsparti seg på TikTok:

  1. FpU: Om lag 12 700 følgjarar og nesten 320 000 likarklikk
  2. Unge Høgre: Om lag 2600 følgjarar og over 41 000 likarklikk
  3. Senterungdommen: Om lag 1400 følgjarar og over 31 800 likarklikk
  4. AUF: Om lag 1000 følgjarar og over 21 300 likarklikk
  5. Sosialistisk Ungdom: Om lag 600 følgjarar og over 11 000 likarklikk
  6. Grøn Ungdom: Om lag 300 følgjarar og over 7400 likarklikk
  7. Raud Ungdom: Om lag 100 følgjarar og nesten 300 likarklikk

Fleire av ungdomspartileiarane har òg eigne kontoar, mellom anna Ola Svenneby (H), Tobias Stokkeland (GU) og Astrid Hoem (AUF).

Men ingen av desse kan hamla opp med FpU-leiar Simen Velle når det kjem til følgjartal. Han ligg berre eit og eit halvt tusen bak Erna Solberg sine 24 600 følgjarar. Den tidlegare statsministeren har sjølv satsa på appen i årets valkamp.

Unge Venstre og KrFU har ikkje offisielle brukarar, men nokre av lokallaga er aktive på appen.

Sikkerheit på ein kinesisk app

Tryggleiken til TikTok er eit tankekors.

Ei av dei mest profilerte sakene det siste året har vore justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) sin bruk av TikTok på tenestetelefonen. I etterkant har fleire kommunale og statlege aktørar lagt ned forbod mot appen på mobilar med informasjon knytt til arbeid.

Ane Breivik (Unge Venstre) Foto: Magnus Hundvin

Blant ungdomspartia er spesielt Unge Venstre tilbakehaldne.

– Unge Venstre er bekymra for plattforma si innsamling av data og koplingar til Kina og har difor avgjort å ikkje opprette ein brukar for organisasjonen vår på nasjonalt plan.

Det skriv leiar Ane Breivik til Framtida på e-post. Partiet har likevel ingen offisielle reglar mot bruk av appen, og lokallag rår sjølv over om dei vil ha ein brukar.

– Dette er ei sak som jamleg blir diskutert på landsstyremøte og i andre avgjerdsorgan.

Eigne mobilar

Velle frå FpU meiner det er uproblematisk å bruke appen, så lenge du ikkje har sensitiv informasjon på mobilen.

Lerum frå Senterungdommen understrekar at dei tek sikkerheita rundt bruken på alvor.

– Vi følgjer tilrådingane frå Nasjonalt tryggingsorgan, og har ein eigen mobil med TikTok på.

Det gjeld både hennar eigen og partiet sin TikTok-brukar.

– Mange appar er skumle med tanke på tryggleik, men vi tek alle forholdsreglar.

Ein ny politisk arena

Gunn Enli, professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO.

Politikarar som tek i bruk nye plattformer for å fronte politikken sin er ikkje noko nytt.

– Parti i Sverige og Danmark har jo for eksempel hatt suksess tidlegare med å fokusere på sosiale medium, seier Gunn Enli, professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo, på telefon til Framtida.

I Danmark i fjor skaut partiet Liberal Alliance fram som ein uventa valvinnar. Leiaren Alex «Daddy» Vanopslagh vart døypt TikTok-kongen i forkant av valet.

Det førre parlamentsvalet i Latvia var også prega av parti med suksess på det omdiskuterte sosiale mediet, både på høgre- og venstresida.

– Samstundes er det vanskeleg å finne ut kva som er effekten av mediet, og kva som kjem av ein heil haug med andre faktorar, understrekar Enli.

Kvifor er TikTok attraktivt for politikarar?

I aldersgruppa 18–29 brukar 58 prosent TikTok dagleg i Noreg. Med tanke på at andregongsveljarane frå 20–24 år er dei som stemmer minst, gir appen tilgang til ei verdifull målgruppe.

Det særeigne med TikTok, er måten ein kan nå ut til eit nytt publikum.

FpU-leiar Simen Velle er blant politikarane som fortel om hets. Foto: FpU

– Spreiinga er enorm, seier Velle.

Det du ser på TikTok, i motsetning til andre sosiale medium, er mindre bestemt av kven du følgjer, og meir av kva du er interessert i og kva algoritmen vel å vise fram. Videoane til forskjellige parti kan difor bli dytta opp på feeden til folk som elles ikkje ville sjekka politikken deira.

– Vi opplever at du kjem i meir direkte kontakt med folk samanlikna med andre sosiale medium.

Velle seier det er spesielt verdifullt for FpU og moderpartiet Frp, sidan han meiner mange har feil inntrykk av kva den faktiske politikken deira er.

Polarisert debatt

Skjermdump: Ola Svenneby/TikTok

Likevel kan det vere eit tviegga sverd å lene seg for mykje på sosiale medium for å få bodskapen sin ut.

– Dei med mest nytte av plattforma vil vere politikarar som har populistiske, tydelege løysingar, eller meir polariserande meiningar som dei kan formidle på ein kortfatta og «snappy» måte, seier Enli.

Konsekvensen av det kan vere ei mindre nyansert forståing av politiske saker for publikum.

I tillegg har ein ikkje like mykje kontroll over kva ein kommuniserer, som visst ein kjøper politisk reklame i redaktørstyrte medium eller i offentleg rom.

– På trikken blir kampanjen din i verste fall tagga ned. På sosiale medium kan andre plukke det opp, lage «meme» og spreie det vidare, som kan slå begge vegar.


Les fleire saker om lokalvalet 2023:

Gamle menn, og nokre veldig få kvinner, sit saman i eit stort rom. Dei held kvite papirark opp og deltek i ei avstemming.

Det finst òg lokalpolitikk utanfor Noreg. Dette biletet er frå Tyskland. (Foto: Claus Ableiter / CC BY-SA 3.0)

Kva ungdomsparti har TikTok-brukarar?

  • FpU: Ja. Over 12 700 følgjarar
  • Unge Høgre: Ja. Over 2500 følgjarar
  • KrFU: Nei, men med nokre lokale kontoar
  • Unge Venstre: Nei, men med nokre lokale kontoar
  • Grøn Ungdom: Ja. Over 300 følgjarar. Talsperson Tobias Stokkeland har over 1800 følgjarar.
  • Senterungdommen: Ja. Over 1400 følgjarar.
  • AUF: Ja. Over 1000 følgjarar
  • Sosialistisk Ungdom: Ja. Over 600 følgjarar.
  • Raud Ungdom: Ja, men svært lite aktivitet. Lokalkontoen for Asker og Bærum er større med over 1200 følgjarar.