Linnea (18): – Å ha budd i ein kommune er erfaring nok til å sitja i kommunestyret

Magnus Rotevatn
Publisert

Etter valet til hausten kan Linnea Olsen (18) setja rekord som den yngste i Saltdal sitt kommunestyre nokosinne. Ho stiller nemleg som andrekandidat på lista til Høgre, og sjansane er gode for at ho blir vald.

Olsen meiner at det er viktig å få fleire unge inn i lokalpolitikken. Dei har vore for dårleg representert i kommunen hennar.

– Unge treng ei røyst i kommunestyret. Og dei må veta at dei blir høyrde og lytta til.

Ungdom treng politikarar å kjenna seg igjen i

Ein treng ikkje å ha lang fartstid for å kunne engasjera seg, meiner Olsen.

– Eg trur at erfaring med å ha budd i ein kommune er erfaring nok til å sitja i kommunestyret. Det som kan vera vanskeleg å forstå er dei tekniske sidene ved ei sak. Men viss ein har ei generell oppfatning av saka så kan ein få detaljane forklart.

Eit og anna har nok skjedd med både kjønnsbalansen og alderssamansetjinga sidan Saltdal kommunestyre såg slik ut.
Faksimile frå Nordlands Framtid, 26. mai 1959.

Olsen seier at det er viktig at også ungdom har nokre dei kan kjenna seg igjen blant politikarane. Ho fortel at ho ikkje har opplevd å bli motarbeidd fordi ho er ung.

– Det har ikkje vore litt vanskeleg eingong. Eg trur tvert om at ein blir ynskt meir velkomen når ein er ung.

Lokalpolitikk kan vera vanskeleg å forstå

– Eg trur det er vanskelegare å forstå lokalpolitikk enn det som skjer nasjonalt. I rikspolitikken er det ofte tydelege konfliktar, medan det lokalt kan vera samarbeid på kryss og tvers. Det er ofte mindre svart-kvitt.

Viss du vil skaffa deg oversikt over lokalpolitikken der du bur, så har Olsen nokre tips. Eit av dei er å sjå kva ordføraren legg ut på sosiale medium.

– I mange kommunar fortel ordføraren om kva som skjer i kommunestyret på til dømes Facebook. Ein kan òg finna informasjon på nettsidene til kommune.

Olsen synest òg at valomatar er nyttige for å finna ut kva ulike parti og kandidatar meiner. Det er heller ikkje noko i vegen for å ta kontakt med dei som sit i kommunestyret. Dei aller fleste vil gjerne fortelja om kva som pregar politikken lokalt.

Snøkledde fjell i Junkerdalen

Junkerdalen ligg i Saltdal kommune. Foto: Jim T. Kristensen / Statskog SF / CC BY-SA 2.0

Brenn for skular i distrikta

Hjartesakene til Linnea Olsen handlar om skulepolitikk og at det skal vera attraktivt å bu i distrikta. Ho meiner at skulane generelt er dårlegare i distrikta.

– Me må unngå å få eit klasseskilje mellom dei som har gått på skule i distrikta og dei som bur i sentrale strøk.

Ho meiner det er særleg viktig å kjempa for å halda på vidaregåande skular i distrikta. Dessutan bør ein ifylgje Olsen syta for at skular som er usentralt plasserte har god nok økonomi.

– Alle vil sjølvsagt ha ein betre skule, men måten partia løyser det på er ulik. Eg meiner at ein ikkje må skeivfordela mellom skulane. Alle skular treng å bli like godt finansiert.


Eira Martinsen Garrido gjekk frå produksjon av TV-seriar til å bli varaordførar i Bergen. Foto: Jonas Tislevoll