FpU-leiaren ser opp til Zelenskyj, og ville invitert britisk statsminister på sushi

Winston Churchill hadde fått middagsinvitasjonen frå Simen Velle.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid engasjert meg i politikk og samfunnet vårt, men det var etter å ha sett ei rekkje debattar med Siv Jensen i 2017 at eg forstod Frp var der eg høyrde heime, fortel Simen Velle på e-post til Framtida.no.

Inspirert av moderpartiet sin dåverande leiar, melde Velle seg inn i ungdomspartiet kort tid etter. Han vart raskt tillitsvald, og på landsmøtet i april vart 21-åringen vald til leiar i Framstegspartiets Ungdom.

Historia vil sjå tilbake på Zelenskyj med stoltheit

– Eg håpar medlemmane opplever meg som engasjert, framoverlent og tilgjengeleg, fortel Velle, og held fram:

– Eg likar ikkje leiarar som distanserer seg frå medlemmane sine, og difor er det viktig for meg at medlemmane føler dei kan ringe, eller stikke innom kontoret om det er noko dei lurer på eller vil snakke om.

Samstundes understrekar den nye FpU-leiaren kor viktig det er å få rom til å prøve og feile, slik at ein kan utvikle seg som ungdomspolitikarar.

– Vi er jo trass alt eit ungdomsparti.

– Kven er leiarførebiletet ditt, og kvifor?

– No er det vanskeleg å seie noko anna enn Volodymyr Zelenskyj, svarar Velle og utdjupar:

– Det er veldig beundringsverdig at han ikkje berre samla landet sitt og vann presidentvalet med ein bakgrunn som komikar, men det å sjå korleis han kjempar for Ukraina sin fridom og held ukrainarar ved godt mot er noko eg trur historia vil sjå tilbake på med stoltheit.

– Statsbudsjettet er for stort

– Kva er dei tre viktigaste sakene for FpU anno 2022?

– Det er: å få ned skatte- og avgiftstrykket i Noreg, fortsetje støtta til oljenæringa og jobbe for at vi skal sløse mindre skattepengar.

21-åringen si eiga hjartesak er å kutte i offentlege utgifter:

– Statsbudsjettet er for stort og det held fram å vekse. Då må politikarane anten ta frå oljefondet eller auke skattane for å ha råd til det dei vil, og begge dei to løysingane meiner eg fungerer dårleg på lang sikt.

– Kva er idealsamfunnet, og korleis når vi det?

– I mitt draumesamfunn har enkeltmennesket størst mogeleg fridom og alle lever liva sine til det fullaste. Eg har også ein ønskjedraum om at alle verdas barn veks opp i demokrati med skikkeleg skulegang, det er dessverre langt unna røynda.

Om askerværingen hadde vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «Klimakrisa løyst av framoverlente forskarar».

Winston Churchill på sushi

På fritida likar Simen Velle mellom anna godt å lese, endå han ikkje har like god tid til ei god bok som han skulle ønske.

– Eg er veldig glad i å lage mat, så om eg har ein frikveld set eg på god musikk og lagar meg ein skikkeleg god middag.

Om han kunne invitert kven som helst på middagsbesøk, så hadde valet falle på den tidlegare britiske statsministeren Winston Churchill.

– Eg er veldig interessert i historie, og eg er fascinert av korleis han og britane i over eit år var dei einaste som stod tydeleg opp mot Hitler og nazistane. Eg hadde nok invitert han på sushi, det tvilar eg på at han har smakt før, så det hadde vore kult å sjå.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg startar alltid dagen med ein kopp kaffi og nettavisene, og så har eg pushvarslar på dei fleste store avisene, så eg sit dei fleste ledige augeblikka eg har og skrollar igjennom nyheiter.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Eg vil ikkje kalle det ein tidstjuv, men eg pratar mykje med foreldra mine i telefonen. Eg er veldig glad i mamma og pappa, og ser dei ikkje så mykje som eg skulle ønske, så då går det fort ein del tid i telefonen med dei.

Omslag: Cappelen Damm

– Kva bok burde alle lese, og kvifor? 

– Sapiens av Yuval Noah Harari, fordi ho skildrar mennesket sin natur og verdas utvikling på ein veldig spennande måte. For å forstå framtida må vi forstå oss sjølv, og kor vi kjem frå, og då er den boka eit godt utgangspunkt. 

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Eg ser ikkje så mykje på seriar, men eg likar Peaky Blinders. Gler meg veldig til sesong 6 kjem på Netflix.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Det er nok «hele veien hit» av min venn Mustafa Hasan. Eg har vore veldig aktiv i kampen hans om opphald, og det gjer meg rørt å vete at bekymringane han tek opp i songen aldri vert ein realitet. 


Isaac Elstad Røssnes er fungerande og påtroppande leiar i Press. Draumegjesten hans til middagsbesøk er Toni Morrison. Foto: Press, Mike Strasser/USMA PAO/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0. Kollasj: Framtida.no

Fakta

Frå: Asker i Viken

Alder: 21

Personleg pronomen: Han

Yrke/utdanning: Leiar i FpU

Favorittfag på skulen: Historie eller politikk og menneskerettar

Ulike verv: Fylkesleiar i Viken FpU, Leiar av Asker Frp og Leiar av FpUs klimakommisjon

Medlem i: Framstegpartiets Ungdom