Lokalpolitikk for dumskallar

Magnus Rotevatn
Publisert

Kva må eg veta for å røysta?

Valdagen er 11. september 2023. Men du kan også røyste på førehand mellom 10. august og 8. september.

På sjølve valdagen kan du berre røysta på heimplassen din – altså den kommunen du er folkeregistrert i. Å førehandsrøysta kan du gjera i kva som helst kommune.

Du finn ei oversikt over kor du kan røysta på nettsida valglokaler.no.

Du må hugsa legitimasjon, men treng ikkje å ta med noko anna.

Kva skal eg gjera med røystesetelen?

I utgangspunktet treng du ikkje å gjera noko anna med røystesetelen enn å leggja han i urna.

Viss du ynskjer, så kan du gje personrøyster. Dette påverkar både fordelinga av mandat mellom partia og kven av kandidatane som blir valde inn.

Det er ein miks av personrøyster frå oss veljarar og røystetillegg frå partia som avgjer kva for nokre kandidatar som får æra av å representera partiet sitt i kommune- eller fylkesstyret.

For å gje personrøyster kryssar du av ved sidan av namnet på dei du ynskjer å gje personrøyster til.

Dersom du vil gje ei personrøyst til ein kandidat frå eit anna parti enn det du eigentleg røystar på, kan du bruka eit eige felt på setelen til å føra opp namnet på kandidaten. I så fall vil ei av listerøystene dine gå til partiet denne personen tilhøyrer.

Det er kor mange listerøyster et parti får som avgjer kor store dei blir i kommunestyret. Røystesetelen din har like mange listerøyster som det er sete i kommunestyret. Dersom du ikkje gjev personrøyster til kandidatar frå andre parti, går alle listerøystene dine til partiet som har namnet sitt på røystesetelen du vel.

Eg forstår ikkje kva lokalpolitikarane held på med.

Lokalpolitikk kan ofte verka heilt klin kokos og ikkje likna noko som helst på det ein trudde var røyndomen.

Det finst kommunar utan ordentlege parti. Eit lokallag treng ikkje å ha lokale medlemmar. Og i nokre kommunar kan til og med KrF vera eit statsberande parti.

Korleis held ein eit oversyn i dette mylderet? Her kjem nokre gode tips.

  • Fleire nettaviser lagar valomatar før kvart val. Desse viser, basert på nokre spørsmål om dine politiske haldningar, kva parti du sannsynlegvis er mest samd med. Valomaten til Bergens Tidende er nok årets beste. Han liknar ein datingapp og viser ikkje berre kven du politisk har mest til felles med, men fortel òg kva politikarar du personleg liknar på. Dessverre tek han berre for seg Bergenspolitikken. Dersom du treng fyldig innhald frå heile landet er VG sin valomat eit godt alternativ.
  • NRK har laga ein lokalvalguide. I lokalvalguiden kan du søkja opp kommunen din og få informasjon om kven som stiller til val og kva dei meiner om viktige lokale saker.
  • Tek i bruk sosiale medium. Partia i kommunen din ynskjer at du veit om politikken deira – og ofte kan profilane deira på ulike sosiale medium vera ei kjelde til kva som rører seg lokalt. Då Framtida.no intervjua Linnea Olsen tipsa ho om at Facebook-sida til ordføraren ofte var ei god kjelde til informasjon.
  • Diskuter med lokalpolitikarane. I ein valkamp vil politikarane gjerne snakka med deg. Bruk høvet og still dei til veggs!

Kva er det eigentleg som står på spel?

Du er nok meir avhengig av kommunen og fylket enn du trur.

Mange av dei avgjerdene som påverkar deg aller mest blir tekne av politikarane i kommunen og fylket ditt.

Kommunen har mellom ansvaret for grunnskulen og mykje av helsetilbodet. Kommunestyret lagar bustadpolitikk og fastset eigedomsskatten. Og dei kan gje pengar til kulturskule og ungdomsklubb, for å nemna noko.

Noko av det politikarane i fylkeskommunen er ansvarlege for er dei vidaregåande skulane, tannhelsetilbodet og kollektivtrafikken.

Du kan også engasjera deg!

Det er for seint å stilla som kandidat til kommande valet. Men du kan likevel gjera mykje for å påverka kommunestyret og lokalsamfunnet – også om du ikkje er gamal nok til røysta.

Få ungdommar ytrar seg offentleg. Det betyr at det er dei vaksne som styrar kva saker som får merksemd. Sånn treng det ikkje å vera.

Få hjartesaka di på dagsorden ved å skriva eit innlegg til lokalavisa eller ta kontakt med ordføraren.

Det finst òg meir enn ørten andre roller folk må ta på seg for å få lokaldemokratiet til å gå rundt. Kvifor ikkje stilla som kandidat til elevrådet eller bli tillitsvald på jobben?

Alle kommunar må òg ha eit ungdomsråd som skal vera eit talerøyr overfor dei som tek avgjerder i kommunen.

[td_smart_list_end]


– Eg har òg snakka med fleire vaksne som synest politikk er drit, fordi det ikkje er lett å forstå, seier Håvard Rødsand. Foto: Privat