Ordførarkandidat Even Jacobsen (17) vil ha stemmerett for 15-åringar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når du er 15 år, så kan du verte straffa etter lova, mange har jobb og betalar skatt og ein byrjar å velje kor ein går på vidaregåande. Det er så mykje som tilseier at vi bør senke stemmerettsalderen til 16 år – og helst til 15 år, seier Even Jacobsen (V) på telefon til Framtida.no. 

17-åringen er nyleg vald til ordførarkandidat i Ringerike før neste års lokalval. Om Venstre gjer eit brakval i kommunen kan Jacobsen verte tidenes yngste ordførar.

Ei av hjartesakene hans, er at unge må verte meir representerte og lytta til i politikken.

– Unge vil stemme på unge kandidatar

Even Jacobsen er takksam for at Venstre sette han på kommunevallista, og meiner fleire andre parti bør verte flinkare til å prioritere unge. Om fleire unge hadde stilt til val, trur ordførarkandidaten at valoppslutninga hadde vore høgare:

– Unge vil stemme på unge kandidatar, seier han.

Ved førre kommune- og fylkesval i 2019, stemte 58,3 prosent av 18-19-åringar, medan berre 47 prosent av dei mellom 20 og 24 år gjorde det same.

Venstre-politikaren trur òg senka stemmerettsalder vil føre til at fleire nyttar stemmeretten sin.

Jacobsen meiner stemmerettsalderen i første omgang bør verte senka til 16 år ved lokalval og stortingsval. I tillegg etterlyser han eit prøveprosjekt med stemmerett for 15-åringar ved lokalval.

17-åringen meiner skeptikarane bommar, når dei argumenterer med at 16-åringar ikkje er modne nok til å stemme.

Stemmerett har ikkje noko med kor moden ein er å gjere. Ein 16-åring kan ta like gode val som ein 18-åring eller ein 60-åring, seier Jacobsen.

Hets og trugslar mot unge

Samstundes trur Jacobsen mange unge vegrar seg for å engasjere seg politisk.

– Mange unge orkar ikkje stå i det. Eg veit om mange som vel å trekke seg ut av politikken fordi dei opplever så mykje hets, trugslar og ting som ikkje høyrer heime i debatten.

Det er òg demotiverande å ikkje verte lytta til, fortel Jacobsen.

– I staden for vert ein klappa på hovudet, høyrer at det er «fint at du engasjerer deg» og får ei kjensle av at «no skal dei vaksne bestemme». Det er synd. 

– Hadde unge vore betre representerte, så hadde klimasaka vorte teken meir på alvor, seier Even Jacobsen. Foto: Andreas Asphaug

Frå Grøn Ungdom til Venstre

Det var klimasaka som førte til at Even Jacobsen som 12-åring først byrja å engasjere seg. Han vurderte å melde seg inn i SV, men fann ut at det ikkje var nokon god match.

Sin første politiske heim fann han difor i Miljøpartiet Dei Grøne. Heile ungdomsskulen og første året på vidaregåande brukte han i ungdomspartiet deira, Grøn Ungdom.

Då eg melde meg ut, kom det nok brått på for somme, sjølv om mange visste at eg var usamd med partiet i nokre saker.

Tidlegare i år melde han overgang til Venstre, fordi han meiner dei kan syne til store gjennomslag i klimapolitikken, trass i at partiet er lite. I tillegg resonnerte partiet sin utanrikspolitikk og fokuset på personleg fridom hos 17-åringen.

Trass i kort fartstid har han vorte styremedlem i Ringerike Venstre, Ringerike og Hole Unge Venstre, og dessutan Viken Unge Venstre. Mesteparten av fritida til Jacobsen går med til politikk.

– Det går fort ein del timar kvar einaste dag. Eg svarar på e-postar, les sakspapir, lagar postar til Venstre sine sosiale medium, seier han.

Ordførarkandidat, men vil ikkje verte yrkespolitikar

Even Jacobsen (17) går andre året på vidaregåande ved Ringerike vidaregåande skule i Hønefoss. Dei fleste i klassen har sagt at dei synest det er kult at han no er ordførarkandidat.

– Dei har lurt på kor stor sjanse det er for at eg vert ordførar. Eg har sagt at det er ikkje så realistisk, seier Jacobsen og humrar.

Ved førre kommuneval i Ringerike fekk Arbeidarpartiet flest stemmer, medan Senterpartiet gjorde eit brakval og vart nest største parti. Venstre fekk 2,7 prosent oppslutnad.

– Det som er fint med ungdomspolitikken, er at folk er vennar på tvers av ungdomsparti, sjølv om ein er usamde om saker. Foto: Andreas Asphaug

Det er såleis ikkje veldig sannsynleg at Jacobsen, som fyller 18 år innan valdagen, vert ordførar. Men om Venstre får same oppslutnad som ved førre val, så får dei ein plass i kommunestyret.

Då lyt Even Jacobsen sjonglere siste året på vidaregåande med kommunestyremøte. Det trur han sjølv vil gå fint.

– Det kan nok verte litt mykje jobb av og til, men eg må no få det til. Eg plar prioritere politikken først, for det er det eg synest er mest gøy og gjevande.

Likevel har han ikkje planar om å verte yrkespolitikar på fulltid. Etter vidaregåande vil han ta eit friår for å tenkje over kva han skal studere vidare.

– Eg synest det er viktig å ha ein jobb, og så kan politikken vere noko eg driv med på sida.

Visste ingenting om politikk då han starta

Jacobsen brukar tallause timar kvar veke på politikk, fordi han meiner det er viktig å kunne påverke det som skjer rundt han.

Kommunepolitikk kan høyrest tørt ut, men det handlar om klimasatsinga på heimstaden din, om skulen du går på og om kollektivtransporten som fraktar deg frå A til B.

– Det som gjer at eg vil halde fram, er kor gøy det er. Ein vert kjent med folk og lærer mykje spennande.

Jacobsen trur mange tenkjer det er skummelt å melde seg inn i eit ungdomsparti, fordi dei trur dei lyt kunne så mykje på førehand.

– Eg visste ingenting om politikk før eg melde meg inn i Grøn Ungdom. Eg var berre oppteken av klima. Men eg vart veldig godt teken i mot, og ein lærer mykje undervegs.


Camilla Maria Brekke smilar med vatn i bakgrunnen.

Camilla Maria Brekke (22) er ny varaordførar i heimkommunen Holmestrand. Foto: Privat