Emil (17) er leiar i Industri- og Næringspartiet Ungdom: – Lei av både raudt og blått

Magnus Rotevatn
Publisert

Det temmeleg ferske Industri- og Næringspartiet (INP) har på kort tid etablert seg som ein reell utfordrar til dei etablerte politiske partia. I det kommande lokalvalet ligg dei an til å kapra sete i fleire kommunestyre.

Emil Amundsen Seljenes (17) frå Senja er den fyrste leiaren i ungdomsorganisasjonen til partiet. Framtida.no møter han på Aker Brygge i Oslo.

Seljenes fortel at det er misnøye med den politiske stoda som fekk han til å engasjera seg i INP.

– Eg er lei. Eg er lei av både raudt og blått. Eg ser kva som skjer kvart val, det skjer ikkje noko nytt.

Oppteken av distriktspolitikk

Emil Amundsen Seljenes. Foto: Magnus Rotevatn

Ungdomspartileiaren trekkjer fram distriktsvenleg politikk som hans viktigaste kampsak. Han har eit sterkt engasjement for sin eigen landsdel.

– Særleg Nord-Noreg har vore nedprioritert i mange år. Det einaste toget eg har heime er 17. mai-toget.

Seljenes meiner at mange politikarar har vanskeleg for å sjå utanfor Oslo-bobla. Dei høge bensinprisane er ei sak han meiner at det må bli gjort noko med.

Ungdomspartiet er framleis nytt. Seljenes fortel at til no har aktiviteten mellom ungdommane berre skjedd over nett.

– Me planlegg å halda det fyrste ordinære landsmøtet neste år.

Får kritikk for klimapolitikken

INP har fått mykje kritikk for klimapolitikken deira. Partiet vil trekkja Noreg ut av Paris-avtalen og halda fram med norsk produksjon av olje og gass.

– Det bør kanskje snart opnast også for anna forsking. Ein har ei veldig religiøs tilnærming til klimasaka og klimadebatten i Noreg, sa partileiar Owe Ingemann Waltherzøe då han gjesta Politisk kvarter i slutten av juni.

Bilete av Isbre i Chugach State Park i Alaska

Isbreane i verda har dei siste 20 åra dobla smeltingshastigheita. Forskarar meiner årsaka utvilsamt er menneskeskapte klimaendringar. Her frå Alaska. Foto: Diego Delso / delso.photo /CC BY-SA 4.0

Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen, har i Klassekampen kalla partiet for klimafornektarar. Erna Solberg har til Nettavisen påpeikt at fakta ikkje endrar seg med debatt.

– Kva meiner Raymond Johansen definerer ein klimafornektar? undrar Emil Seljenes.

Han fortel at ungdomspartiet stiller seg bak politikken til moderpartiet.

– Eg kan vera samd i at enkelte ting er ansvaret til menneskja, til dømes plastforsøpling. Men ikkje alt, vulkan­utbrot påverkar også klimaet.

Mobliliserer på EØS-motstand og kraftsaka

Emil Seljenes meiner at folk søkjer seg til Industri- og Næringspartiet fordi dei ynskjer eit nøytralt parti – noko som korkje er høgre eller venstre.

Jonas Stein, fyrsteamanuensis i statsvitskap ved Noregs arktiske universitet. Foto: Mark Ledingham / Tromsø kommune / CC BY 2.0

Jonas Stein, som er fyrsteamanuensis i statsvitskap ved Noregs arktiske universitet, er samd i at det kan vera vanskeleg å plassera INP.

– Industri- og næringspartiet er eit parti som ikkje heilt passar inn i ei klassisk venstre-høgre-akse, seier Stein på telefon til Framtida.no. 

Det betyr likevel ikkje at INP er eit heilt nøytralt alternativ. Stein meiner det er mogleg å plassera INP tydeleg på TAN-sida av ein GALTAN-akse. TAN står for «Tradisjonelle-Autoritære-Nasjonalistiske».

Viss ein ser politikken med GALTAN-briller tenkjer ein at viktige politiske konflikter står mellom ei grøn og liberal side og ei nasjonalistisk og konservativ side.

Stein meiner denne konflikten har blitt viktigare i Noreg, og dette vinn INP veljarar på.

– Industri- og næringspartiet mobiliserer veldig på GALTAN-aksen. At Noreg skal eiga krafta sjølv og EØS-motstand er viktige saker for dei, seier Stein.


– Eg er ganske ny i partiet, så det er kjekt å få tillit i lokallaget, seier Even Jacobsen. Han stiller som ordførarkandidat for Venstre i Ringerike. Foto: Alexandra Osk Hannesdottir