Tiril (22) er veganar: – Det beste valet eg har tatt

Edvard Storm Simonsen
Publisert

2. juni kom Miljødirektoratet med forslag til korleis Noreg kan nå klimamåla. Det viktigaste enkelttiltaket ein kan gjere er å ete mindre raudt kjøt.

Tiril Holseter (22) er ei av dei som har droppa kjøtet fullstendig.

– Når eit så enkelt grep som å endre kosthaldet kan gjere ein så stor forskjell, så tenkjer eg at eg som enkeltperson kan gjere det, seier ho.

Klima, dyrevelferd og helse

For Holseter starta det med at ho ikkje var spesielt glad i kjøt, fisk, meieriprodukt og egg, og valte derfor å prøve eit vegansk kosthald. No har ho vore veganar i over fire år.

Etter kvart var det fleire grunnar som underbygde avgjersla.

– Samtidig som eg vart veganar, vart eg veldig opptatt av klima.

Det trur ikkje Holseter ho er aleine om.

Ung kvinne står bak bord med diverse matrettar på, som ho sel

Tiril Holseter (22) sel av og til vegansk mat på marknad. Foto: Privat

– Eg har nok aldri møtt ein veganar som ikkje er opptatt av miljøet også. Eg trur det går veldig hand i hand når ein vel å bli veganar, seier Holseter. 

No driv ho Instagram-kontoen @veganskefristelser. Der deler ho veganske oppskrifter til sine drygt 4000 følgjarar.

Men klima er ikkje den einaste årsaka til at folk vert veganarar, meiner ho.

– Eg trur både klima, dyrevelferd og helse er grunnar til at folk vel å bli veganarar, seier Holseter.

Stort potensial for utsleppskutt

I rapporten Klimatiltak i Norge mot 2030, som vart lansert 2. juni, kom Miljødirektoratet med 85 forslag til korleis Noreg kan nå klimamåla. Tiltaket med størst potensial for utsleppskutt er at befolkninga følger kosthaldsråda.

Særleg viktig er rådet om kor mykje raudt kjøt vi et.

Tiltaket er ikkje basert på dei nye kosthaldsråda som kom 20. juni, men dei førre som seier at ein ikkje burde ete meir enn 500 gram raudt kjøt i veka. Ifølge dei nye råda bør ein ikkje ete meir enn 350 gram i veka, og helst betydeleg mindre av omsyn til klima. 

Uansett kva grense ein tar utgangspunkt i, ligg gjennomsnittsnordmannen over. Ifølge Animalia åt nordmenn i gjennomsnitt 54,9 kilo kjøt i 2021, eit tal som er høgare enn nokon gong. 76 prosent eller 41,8 kilo av kjøtet var raudt.

Det svarar til 802 gram i veka, som er over makstilrådinga.

Les også: Mindre kjøt og meir berekraft: Dette er dei nordiske kosthaldsråda

Stereotypiane stemmer

Samtidig som vi et meir kjøt enn nokon gong, går fleire over til eit plantebasert kosthaldMen kven er det som dropper kjøtet?

Portrett av eldre kvinne

Øydis Ueland, seniorforskar ved Nofima. Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen / Nofima

– Det er yngre, høgt utdanna, urbane og spesielt kvinner som er dei som først utelukkar kjøt frå kosthaldet sitt, skriv Øydis Ueland i ein e-post til Framtida. 

Ho er seniorforskar ved Nofima, avdeling Mat og helse.

– Dette er ikkje ein ny trend, men ei åtferd som vi har sett over mange år, utdjupar Ueland. 

At det er kvinner som et minst kjøt samsvarar med FHI sine tal. Den siste nasjonale kosthaldsundersøkinga blant vaksne i Noreg viste at 55 prosent av mennene et meir raudt og tilarbeidd kjøt enn det som er tilrådd, mens berre 33 prosent av kvinnene overskrid grensene. 

36 prosent auke

Det er fleire som ikkje et kjøt, men akkurat kor mange?

Frå 2021 til 2022 auka antalet vegetarianarar og veganarar i Noreg med 36 prosent, ifølge Orklas berekraftsbarometer

7 prosent var vegetarianarar eller veganarar i 2021 og 11 prosent i 2022. Viss ein inkluderer pescetarianarar (et også fisk) og fleksitarianarar (et kjøt av og til) er talet oppe i 27 prosent i 2022.

Bord med diverse skåler med vegetarisk mat

Fleire går over til eit vegetarisk kosthald. Illustrasjonsfoto: Victoria Shes / Unsplash

Dei unge er dei mest positive til å ete mindre kjøt. 35 prosent av dei mellom 18 og 29 oppgir at dei vil ete mindre kjøt for å redusere klimaavtrykket sitt. I befolkninga generelt oppgir berre 20 prosent det same.

Veganaren Holseter passar sjølv delvis inn i stereotypien som ung kvinne, men opplever ikkje at det berre er dei som ikkje et kjøt.

– Statistikken seier at det er flest kvinner, men eg oppfattar at det veganske miljøet består av menneske i alle aldrar og kjønn. Eg bur i Trondheim og det veganske miljøet her er meir dominert av mannfolk enn kvinnfolk, seier Holseter. 

Les også: Ordliste for kjøtfrie diettar – kven et kva?

Kva skal til for at kjøtforbruket skal gå ned?

Redusert kjøtforbruk er som nemnd viktig for å få ned klimagassutsleppa. Men er folk villige til å ete meir plantebasert for klimaets skyld?

– Forbrukarar som er veldig glade i kjøt, vil framleis ete kjøt, seier Ueland. 

Samtidig meiner ho at berre det å snakke om kjøtforbruk kan ha ei reduserande effekt. 

– Økt merksemd rundt betydninga av å ete mindre kjøt vil sannsynlegvis bidra til at fleire blir meir bevisste kva dei et. 

Men merksemd aleine er ikkje nok. Forholda må også leggjast til rette for mindre kjøtforbruk for at folk lettare skal endre kosthaldet sitt. 

Til dømes må prisen vere låg nok og smaken god nok, for at folk skal velje plantebaserte alternativ. I tillegg må folk ha kunnskap om vegetarisk mat for å tørre å lage det. 

I ei tidsklemme tyr ein lett til noko ein kjenner, og som er kjapt og enkelt å førebu. Da må alternativa finst, og folk må vite om dei, seier Ueland.

Kvinne står i matbutikken og ser på matvarene

I ein travel kvardag er det lett å ty til det kjente og kjære på matbutikken. Illustrasjonsfoto: Viki Mohamed / Unsplash

Avslutningsvis påpeiker Ueland at ein bør vere forsiktig med å vere for moraliserande i anbefalingane om å ete mindre kjøt.

– Det er ei viss moglegheit for at ein polarisert debatt vil redusere moglegheita for at ein del forbrukarar i første omgang endrar matvanar, seier Ueland. 

Frivillig valg

Eit vegetarisk eller vegansk kosthald kan ha mange helsefordelar, men det skal seiast at det ikkje er for alle. Særleg veganarar er utsett for manglar på viktige næringsstoffer som vitamin B12, D-vitamin, jod og kalsium.

Men for Holseter har ikkje det veganske kosthaldet vore ei begrensing, men heller ein døropnar.

– Det er mykje gøyare å eksperimentere på kjøkenet no. Eg et meir variert og har oppdaga så mykje nytt innan grønsaker, frukt og ikkje minst krydder. 

Det handlar ikkje om at vi ikkje kan ete kjøt, men at vi ikkje ønsker å gjere det, seier ho. 


Les også: Ein av ti nordmenn fastar periodisk jamleg – er det lurt?

Det er generelt sett ikkje nokon føringar på kva ein skal ete om ein følger fastedietten, men ein bør velje variert og næringsrik mat. Foto: Matprat