Mindre kjøt og meir berekraft: Dette er dei nordiske kosthaldsråda

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Spørsmålet om kjøttforbruket vårt har lenge prega kosthaldsdebatten. I Noreg ligg tilrådinga på opptil 500 gram raudt kjøtt i veka – men denne grensa bør senkast, ifølgje den nordiske kosthaldskomiteen. Dei viser til omsyn til både helse og klimautslepp.

Tilrådinga deira lyd at vi bør ete maks 350 gram raudt kjøtt i veka, ut frå helseperspektiv. Dette gjeld kjøtt som er laga, altså eteklar vekt.

Men vi bør ete langt mindre enn dette når vi også ser kosthald i samanheng med miljøomsyn, går det fram av rapporten som blir lagd fram tysdag. Av miljømessige årsaker bør inntak av raudt kjøtt vere «betydeleg lågare» enn 350 gram per veke, heiter det i tilrådingane.

– Bør ikkje ete meir kvitt kjøtt

Sjølv om vi bør kutte ned på raudt kjøtt, bør det ikkje føre til at vi et meir kvitt kjøtt som kylling og anna fjørfe, meiner komiteen. I staden bør kjøttforbruket erstattast med belgfrukter (bønner og linser) og fisk frå berekraftig forvalta bestandar.

– Hovudlinjene i rapporten underbyggjer det som allereie blir sagt i dei norske kosthaldsråda, men det blir sagt endå tydelegare enn før, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet til NTB.

Hamburgarar blir stekt på ein grill.

Raudt kjøt er ein av tinga vi skal ete mindre av. Foto: Heiko Junge / NTB

Kokte poteter og berekraftig fisk

Nokre av hovudtilrådingane i rapporten:

  • Et meir grove kornprodukt. Fullkorn bør utgjere minst 90 gram per dag.
  • Frukt, bær og grønsaker. Tilrår eit variert inntak på mellom 500 og 800 gram per dag.
  • Poteter blir rekna for å vere del av eit sunt og miljøvennleg matkonsum. Kokte eller bakte poteter blir tilrådde, laga med lite feitt og salt. Ein bør ikkje ete mykje av frityrsteikte poteter.
  • Bønner og linser: Det blir tilrådd at belgfrukter inngår som ein stor del av kosthaldet.
  • Kvitt kjøtt: Det blir ikkje tilrådd at konsumet aukar frå nivået i dag.
  • Fisk: Det blir tilrådd å ete 300–450 gram fisk i veka frå berekraftig forvalta bestandar. Av dette bør 200 gram vere feit fisk.
  • Mjølk og andre meieriprodukt: Moderat bruk. 350–500 milliliter mjølk med lågt feittinnhald per dag er nok til å møte behovet for kalsium og vitamin B12.
  • Fruktjus bør haldast på lågt til moderat inntak. Bør avgrensast for barn.
  • Alkohol: Det er ingen trygg terskel for alkoholbruk. Tilrådinga går derfor ut på at ein bør unngå å drikke alkohol, og viss ein drikk, bør inntaket vere svært lågt.

Oppdaterte råd truleg til våren

Dette er den sjette nordiske kosthaldsrapporten i rekkja. Nordisk ministerråd har gitt komiteen i oppdrag å levere oppdaterte tilrådingar basert på den nyaste kunnskapen og forskinga om kosthald og helse.

Granlund og kollegaene i Helsedirektoratet vil no gjere seg kjend med innhaldet i rapporten. Deretter vil arbeidet med å revidere dei nasjonale kosthaldsråda starte til hausten. Dette vil munne ut i nye tilrådingar, truleg våren 2024.

Ser på norske forhold

Dei nordiske tilrådingane blir lagt fram som felles råd, men rapporten påpeikar at det er forskjellar mellom landa. Helsedirektoratet vil ta utgangspunkt i dei norske forholda.

– Vi skal no gå gjennom talgrunnlag, sjå på kva nordmenn et og korleis utviklinga har vore, seier Granlund. Ho understrekar at det er omsynet til helse som blir vektlagd sterkast, sjølv om miljømessig avveging også er teken med denne gongen.

Rapporten inneheld 35 kapittel om næringsstoff og 15 kapittel som tek for seg matvaregrupper.


Kjøt. fisk, egg og melk på venstre side av ein kvit strek, grønsaker til høgre

Kjøt, fisk, egg, frukt og grønsaker – kven et kva? Illustrasjon: Canva