Noereh-leiaren drøymer om at samisk skal vere like daglegdags å høyre som norsk

Om den nye Noereh-leiaren kunne invitert kven som helst på middag, skulle hennar personlege stilikon Cher fått kome på nachos.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det eg ser på som idealsamfunn er eit samfunn der samisk og norsk vil vere likestilt. Der det å høyre samisk i daglegtalen vil vere like normalt som norsk eller andre språk.

Emilie Madelen Biti-Jessen (22) er ny leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh. Ho drøymer om eit samfunn der samisk ungdom ikkje blir møtt med hets eller rasisme fordi dei har ein annan bakgrunn.

– Og der ein slepp å undervise andre om sin kultur fordi majoritetsbefolkninga ikkje veit betre.

Gamal og ny leiar av Noereh: Lars-Bjørnar Nøstan Knutsen og Emilie Madelen Biti-Jessen. Foto: Noereh

Møteplassar og psykisk helse

Dei viktigaste hjartesakene til 22-åringen frå Tana er å skape trygge møteplassar for ungdom, og unge samars psykiske helse.

– For meg er det viktig at ungdom har trygge møteplassar der dei kan delta i organisasjonslivet, dele sitt engasjement og møte andre, uansett kven ein måtte vere. Samstundes ønsker eg også å arbeide med auka kunnskap om unge samars psykiske helse og dei utfordringane som samar møter i kvardagen, skriv Biti-Jessen på e-post til Framtida.no.

I 2023 vil Noereh skape og jobbe med møteplassar for samisk ungdom gjennom arrangement som gápptebiejvve (koftedagen), konseptet gákterámis (koftestoltheit), og ungdomsleiren Siidastallan, som dei har i samarbeid med festivalen Markomeannu.

Ung kvinne med mørkt hår og raud kjole.

Emilie Madelen Biti-Jessen er ny leiar i Noereh. Foto: privat

Klimaendringar

Den viktigaste sigeren frå årets landsmøte meiner Noereh-leiaren er måten deltakarane har samla seg rundt resolusjonar og visjonar for 2023.

– Landsmøtet viste at det er ei brei semje frå ungdom om at det er saker slik som klima og miljø, språk og helse som er viktige for Noereh som samisk ungdomsorganisasjon å arbeide med i det komande året.

Om Biti-Jessen vakna opp til draumenyheita si, hadde overskrifta vore at klimaendringane er reversert og ikkje lenger er ei utfordring for framtida.

Den neste kampen vil vere arbeidet med å fremje unge samars stemmer og interesser.

– I Noereh sine resolusjonar for 2023 tar vi opp kampen om klima og miljø; korleis alle har eit ansvar for å bidra til å overvinne klimaendringane, men at det er særleg dei store aktørane slik som industriar, institusjonar og statsmakter som må leggje innsats i kampen mot grøn kolonialisme.

Noereh-leiaren understrekar også kor viktig det er å forvalte samiske språk. Utdanningstilbodet slik det er i dag, meiner ho må kvalitetsstyrkast, og rettane til samisk språkutdanning må anerkjennast.

Anten eller: Hund over katt, hyttetur over New York og taco over pizza.

Noereh-leiaren har to hundar. Ho føretrekker òg hyttetur, for ho hadde gått seg vill i New York.

Ser opp til sterke kvinner

Det var kjærleiken til det samiske og at ho søkte eit fellesskap som gjorde at Emilie Madelen Biti-Jessen engasjerte seg i Norereh.

– Organisasjonslivet er ei moglegheit for å kunne engasjere seg og arbeide med saker som er viktige for ein. Noereh er ein organisasjon som gir slike moglegheiter samstundes som ein får delta i kulturen. Det å møte nye folk og skape møteplassar er veldig viktig for meg. Samstundes meiner eg at det er viktig å bruke stemma si der ein kan dersom ein har saker ein ønsker å ytre seg om.

Ho vil vere ein leiar som lyttar og varetek menneska i organisasjonen, og som held fram det gode arbeidet som har vore lagt inn tidlegare. Ho håpar å bidra til å skape eit godt fellesskap for unge samar, der dei har trygge møteplassar for å bli kjende med kvarandre og kulturen.

– Mine førebilete er dei sterke kvinnene eg omgåast med i kvardagen, slik som kvinnene i familien min og venninnene mine. Dei er alle hardtarbeidande og varetek dei rundt seg, noko eg beundrar veldig.

Nachos med Cher

Ei anna kvinne Biti-Jessen ser opp til er artisten Cher. Songaren og skodespelaren er draumegjesten hennar.

– Eg synest ho er ei veldig inspirerande og rå dame. Og eit personleg stilikon for meg. Eg ville servert nachos – enkelt og godt.

Kvinne med langt, blondt hår og gullfarga hovudpynt syng i ein mikrofon.

Foto: Raph_PH – CherO2201019-32, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

Noereh-leiaren skildrar seg sjølv som ein travel person, og fritid har ho dårleg med.

– Men når eg først har litt fritid så likar eg å slappe av med vennar eller familie, eller ta igjen seriar eg ikkje har rokke å sjå. Eg er også veldig glad i å skrive, så viss eg har tid så likar eg å skrive tekstar eller dikt for å få utløp for tankar.

Ho er òg «kronisk avhengig» av TikTok og Instagram, og trekker fram mobilen og sosiale medium som den største tidstjuven i kvardagen. Sjølv om ho tenkjer ho kanskje burde kutte litt ned på skjermtida, er det ikkje heilt bortkasta.

– Eg held meg oppdatert ved å lese nyheiter kvar dag og som nemnt bruke litt for mykje tid på sosiale medium. Kvar morgon før eg startar dagen tar eg fem minutt til å lese aviser slik at eg er oppdatert på nyheitsbiletet.


– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?

Bokomslag som syner ei samisk kvinne i ein robåt

Omslag: Pax forlag

«Herrene sendte oss hit – om tvangsflyttingen av samene» av Elin Anna Labba.

– Boka tar for seg tvangsflyttinga av samane på 1920-talet, og illustrerer korleis samane som hadde vinterbuplass i Sverige og sommarbuplass i Noreg blir tvangsflytta til ulike område i Sverige og aldri får kome tilbake. Det er sterke historier som viser korleis assimileringspolitikken gjekk utover og framleis påverkar samar den dag i dag. Dersom ein ønsker å lære og setje seg inn i korleis statane har behandla samane så er denne boka sterkt anbefalt.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Mitt tips er Derry Girls på Netflix. Når eg ein gong har tid til å sjå på seriar så er dette favorittserien, då han er morosam og lett å sjå på. Ein feelgood-serie.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Crazy in love – Beyonce ft. Jay Z


Kristine Jonas er nyvald leiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen. Foto: Privat

Fakta

  • Alder: 22
  • Personleg pronomen: Ho/Henne
  • Frå: Tana i Finnmark, men har anar frå sjøsamisk område Kunes
  • Yrke/utdanning: Jobbar som bartender og har bachelorgrad i statsvitskap, studerer for tida nordsamisk i Tromsø.
  • Favorittfag på skulen: Historie og filosofi
  • Verv: Leiar i Noereh, og styremedlem i SSDN – Samisk studentforening Nord-Norge