Kommisjon: Fornorskinga har fått alvorlege konsekvensar – no er det opp til Stortinget å levere
Sannings- og forsoningskommisjonen seier at fornorskingspolitikken har fått svært alvorlege konsekvensar for minoritetar i landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kommisjon la fram rapport om konsekvensar av fornorskinga
– Framleis opplever folk urett og negative verknader som har røtene sine i den lange historia med fornorskingspolitikk. No er det tid for eit oppgjer med uretten i nasjonen overfor samar, kvener/norskfinnar og skogfinnar, seier kommisjonsleiar Dagfinn Høybråten.
Torsdag overleverte han rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen til stortingspresident Masud Gharahkhani. I rapporten peikar dei på konsekvensane fornorskingspolitikken har fått for samar, kvener og skogfinnar.
Rapporten er omfattande og skal vere eit grunnlag for eit oppgjer med fornorskingspolitikk og urett. Kommisjonen foreslår tiltak på sentrale område.
Må auke kunnskapen
– Fornorskingspolitikk og urett har djuptgåande negative konsekvensar for kulturen i gruppene, språk, helse og tradisjonelle næringar. Granskinga til sannings- og forsoningskommisjonen viser at fornorskinga har ramma mykje breiare, og vore meir inngripande på fleire samfunnsområde enn tidlegare kjend. Særleg barn og unge har vorte ramma av fornorskingstiltak gjennom heile fornorskingshistoria, skriv kommisjonen i ei pressemelding.
Dei meiner mellom anna at det er behov for å auke kunnskapen om skogfinnar, samar og kvener/norskfinnar.
– Kommisjonen foreslår ei brei satsing på formidling, då kunnskap er ein føresetnad for ei erkjenning av at fornorskingspolitikk og urett har funne stad, og at konsekvensane har noko å seie heilt inn i vår eiga tid. Store delar av den norske befolkninga har gått glipp av den rikdommen minoritetskulturane i landet fører med seg, seier Høybråten.
Ber Stortinget om å ta grep
Samtidig seier kommisjonen at det no er opp til Stortinget å ta grep.
– Kommisjonen håpar at sjølve rapporten vil auke kunnskapsgrunnlaget i heile befolkninga, og at forslaga til tiltak vil bli følgt opp som bidrag i ein framleis forsoningsprosess. Dette blir ei utfordring for både Stortinget og for nasjonale, regionale og lokale styresmakter og resten av samfunnet, skriv kommisjonen.