Samane får urfolksstatus i Grunnlova

Nynorsk Pressekontor
Publisert

147 representantar stemde for forslaget, medan 22 representantar stemde imot.

Framstegspartiet er det einaste partiet som gjekk imot, går det fram av innstillinga frå kontrollkomiteen. Det krevst to tredels fleirtal for å vedta ei grunnlovsendring.

Lubna Boby Jaffery frå Arbeidarpartiet, som var saksordførar for forslaget, sa i forkant av voteringa at partiet i lang tid har ønskt at Grunnlova skal omtale samar som urfolk.

– Det er av stor symbolsk betydning. Tida der vi skulle gøyme bort og fornorske det samiske, er over. Ved å anerkjenne samane som urfolk i Grunnlova, set ein eit varig punktum for fornorskingspolitikken, sa ho.

Den aktuelle grunnlovsparagrafen som blir endra, er paragraf 108. Det var denne paragrafen som vart brukt då Høgsterett erklærte at vindmøllene på Fosen krenkjer dei samiske menneskerettane.

Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, SV, Venstre, KrF, MDG og Raudt fremja forslaget i den førre stortingsperioden.


Folk sit framfor Slottet.

Elise Sørensen sit framfor slottet i siste dagen med aksjon mot vindparken på Fosen. Foto: Åshild Slåen