Maren (26) kom til Oslo med samisk sjal – vart møtt med «kor mange rein har du pult?»

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 06.03.2023 09:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seint onsdag denne veka kom Maren Irene Gåre Bakkevoll (26) frå Tromsø til Oslo for å delta på Fosen-aksjonane.

Ho tok nokre øl på ein pub, før ho gjekk mot leilegheita til ein venn, der ho skulle overnatte. Rundt skuldrene har ho tvinna sjalet sitt med dei samiske fargane.

På vegen frå Karl Johan til Prinsens gate, la ho merke til ein mann som verka litt full, men ho tenkte ikkje meir over det.

– Men han følgde etter meg ned gata, og så tek han meg i armen.

Bakkevoll tenkte kanskje ho har mista noko frå sekken som han vil gje attende.

– Men så spør han: «Kor mange rein har du pult?». 

26-åringen vert mållaus. Orda hans er ubehagelege, men endå eklare er det at han fysisk tek tak i ho. Ho tek øyreproppane i, og håpar det gjer at han forstår at ho ikkje vil ha kontakt, før ho går vidare. Men mannen held fram med å følgje etter ho.

– Så eg ringde til vennen min, og var like ved heimen, så eg slapp inn med ein gong, og då var eg trygg.

– Eg følte meg veldig utrygg

Framtida.no møter Bakkevoll i Oslo sentrum nokre dagar etter hendinga. 26-åringen er opphaveleg frå Balsfjord, men studerer no juss i Tromsø. Ho er i tillegg medlem i samepolitisk råd i Arbeidarpartiet.

– Eg følte meg veldig utrygg. Eg var veldig redd, og i retrospekt har eg lurt på kvifor eg ikkje ringde politiet med ein gong. Men eg var så overraska, og var så lite budd på det.

Bakkevoll fortel at opplevinga sette ein støkk i ho.

Som fylkespolitikar for Arbeidarpartiet, har 26-åringen fleire gongar fått e-postar med samehets. Ho har valt å skjerme seg sjølv, og les dei ikkje, men veit dei er der.

Men dette er første gong ho har møtt eksplisitt rasisme på denne måten. Det er likevel ikkje siste gong ho har ubehagelege møter denne turen.

Dag 2

Dagen etter er ho utanfor Samisk hus i Oslo etter demonstrasjon. Ho har på seg kofta si – vrengt, for å vise misnøye med staten – og pratar i telefon.

Ein mann ropar til ho frå fem til ti meters avstand, om ho veit kor Oslo S er. Bakkevoll, med telefonen mot øyret, peikar i retning jernbanetorget.

Ho trur personen går, men han gjer ikkje det. Han snur og kjem opp til ho. Det er ein ting til han må spørje om, seier han.

– Og så seier han: «Kor mykje pengar skal du ha for å suge meg?». 

Ho svarar med å vise fingeren til han og går inn att på Samisk hus.

26-åringen fortel at ho har møtt seksuell trakassering før, men aldri med kofta på.

Tre av fire unge samar har vorte diskriminert

Forskingsrapporten Mihá frå 2021 synte at tre av fire unge norske samar har vorte diskriminert minst éin gong i livet.

Rapporten tok føre seg eit utval på 210 norske samar mellom 16 og 31 år. Nesten halvparten møtte fordommar veldig ofte eller ofte.

Ein rapport frå Norges institusjon for menneskerettigheter frå august 2022 synte at 15 prosent av nordmenn har observert hatprat eller hets retta mot samar det siste året. I Nord-Noreg har éin av tre observert hatprat mot samar.

Samstundes er støtta relativt høg til stereotypiske utsegn om samar. 23 prosent var samde i at samar har for mange særrettar, ordningar og gode som andre ikkje får og 31 prosent meinte at samar vert for lett krenka.

Kan velje å ta av kofta

Maren Irene Gåre Bakkevoll fortel at ho har vore privigert i sin samiske identitet at ho alltid har følt seg trygg og stolt i kofta.

– Men no, så var til og med det å berre bruke sjalet ein trugsel for meg.

Ho vegra seg ikkje for å ta kofta på seg igjen for å demonstrere. Då var det tvert om utruleg fint, å få sitje i kofta saman med andre samar å kjenne på stoltheit og krafta i demonstrasjonen.

Siste aksjonsdag utanfor Slottet.
Foto: Amanda Iversen Orlich

Men ho merkar at det knyt seg litt i magen av å skulle ha på seg samiske plagg på kveldstid, om ho er åleine.

Bakkevoll peikar òg på at ho kan velje å ikkje kle seg i kofta eller i sjalet sitt, og at ho då vil framstå som ei heilt vanleg kvit kvinne. Mange har ikkje same mogelegheita til å sleppe unna rasismen.

– Eg har vennar som er svarte eller brune, som jo ikkje kan kle av seg hudfargen sin, og som vert utsett for dette i mykje større grad.

Samstundes vil ho jo ikkje kle av seg kofta si.

– Om eg tek av meg kofta for å sleppe unna rasisme, så vert det ein del av fornorskinga. Det vert som å sleppe unna rasismen ved å delta i ei anna form for rasisme.


Fritt Ord-logo, blå

Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Les også intervjuet med NSR-Nuorat-leiaren: – Mistar tilliten til rettsstaten Noreg

Elle Nystad er leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund (NSR-N). Foto: Edith Meek Allern