Kristine Jonas lurte på om ho var kvensk – no har det teke over livet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det begynte ganske enkelt med eit spørsmål om eg var kvensk.

Kristine Jonas (24) fortel om kva som gjorde at ho først vart engasjert. «Er eg kven?» fekk tankane til å kverne, og fleire spørsmål dukka opp.

– Før eg visste ordet av det handla heile livet om det, og det er det viktigaste eg nokon gong har gjort.

No er 24-åringen frå Alta nyvald leiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen. Ho tek over vervet etter Åsne Kummeneje Mellem.

Ser opp til Fosen-aksjonistane

Hjartesakene til den nyvalde Kvenungdom-leiaren er språk og utdanning. Ho trur det vil vere særleg viktig i revitaliseringa av kvensk språk og kultur.

– Eg vil vere ein leiar som styret og medlemmane kan føle seg trygg på, og håpar eg kan bidra til eit større kvenmiljø unge kan føle seg heime i, fortel Jonas på e-post til Framtida.no.

Ho synest det er vanskeleg å peike ut berre eitt leiarføredøme, for det finst så mange ho meiner gjer ein real innsats for eit betre samfunn.

Samstundes beundrar ho ungdommane som troppa opp framfor Olje- og energidepartementet for å krevje at menneskerettsbrota i Fosen-saka stoppa.

– Det kravde mykje mot og uthald å sitje der kvar dag i ei veke. Eg vart kjend med Ella Marie Hætta Isaksen på vidaregåande, og heilt sidan då har ho stått for dei same prinsippa som i dag. Det synest eg er beundringsverdig og eit godt føredøme for unge.

Kristine Jonas ser opp til Fosen-aksjonistane, deriblant Ella Marie Hæta Isaksen. Foto: Thor Due, Natur og Ungdom/Flickr

– Vi må auke talet språkbrukarar

I 2023 håpar Kristine Jonas at Kvenungdommen held fokuset på det kvenske språket, som er eitt av dei mest truga språka i Europa.

– Det er spesielt viktig for meg sjølv, men også eit punkt eg opplever andre kvenungdom er opptekne av.

For den komande perioden vil utdanning òg vere viktig for ungdomsorganisasjonen. Jonas peikar på at kvenske utdanningsmogelegheiter vil vere avgjerande for å styrke kvensk språk og kultur i framtida.

Kristine Jonas var med då Kvenungdommen laga Fraasikirja, ei kvensk-norsk frasebok for ungdom.
Foto: Privat

– Vi må auke talet språkbrukarar, og vi må bidra til å skape trygge språkarenaar for dei som har det kvenske språket for at det skal forbli eit levande språk. Tilgangen til det kvenske språket vil for mange av oss gjere den kvenske kulturen meir tilgjengeleg.

Til sist meiner den nyvalde leiaren at det er viktig å byggje trygge møteplassar for kvensk ungdom. Det er noko ungdomsorganisasjonen har vore opptekne av dei siste periodane, og det vil framleis vere hovudmålet.

– Kvääninuoret skal vere ein plass å møte, verte kjend med og henge med andre kule, unge kvenar.

Heiderspris

Astrid Serine Hoel er dansar, scenekunstar og koreograf. Foto: Åsne Kummeneje Mellem

På landsmøtet valde ikkje Kvenungdommen berre ny leiar. Ungdomsorganisasjonen delte også ut Kvääninuorten kunniapalkinto – kvenungdommens heiderspris

Han gjekk til Astrid Serine Hoel for sitt engasjement knytt til formidling av kvensk kultur gjennom teater og dans.

– Det er eit område kor mykje skjer for tida, og vil nok verte ein svært viktig arena for vidare utvikling av kvensk kultur og språk, fortel Jonas.

Bøker, kommagband og sosiale medium

Kristine Jonas fortel at ho er ein person som rullerer mykje på hobbyane sine. For tida les ho bøker og jobbar med å lære seg å veve kommagband:

– Det er ein gammal husflidstradisjon som mine forferde har kunna før meg. I tillegg prøvar eg å kome meg litt ut i naturen kvar dag.

Om 24-åringen kunne invitert kven som helst på middag, hadde valet falle på hennar kvenske oldemor, som ho aldri fekk møte.

– Eg har høyrt mykje om kor fantastisk ho var som menneske. Det hadde vore hyggeleg å verte kjent!

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Telefonen og sosiale medium stel altfor mykje tid frå kvardagen min. Det bør eg verte betre på.

Kristine Jonas frå Kvenungdommen vel anten eller i tre kategoriar. Ho vel hund over katt og pizza over taco. Ho klarar ikkje velje mellom hyttetur og New York, så seier då ja takk begge deler.

Drøymer om språk

24-åringen held seg oppdatert ved å lese VG og NRK på nett kvart morgon, i tillegg til at ho kikar innom NRK Kvääni og NRK Sápmi for nyheiter som er ekstra relevante for ho.

Om ho hadde vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta sagt:

– At alle som har mista eitt eller fleire språk på vegen på magisk vis fekk det tilbake med det same!

Dersom ho skulle vore litt meir realistisk, hadde nyheita vore at alle skular og barnehagar i Noreg har mogelegheita til å tilby kvensk språkfag.

– Og dessutan at Noreg pliktar seg til nivå III i Minoritetsspråkpakta for kvensk. Det hadde betydd mykje for språkhjartet!

Noreg har ratifisert Minoritetspakta, som gjev ekstra vern av minoritetsspråka i landet. Kvensk er i dag under nivå II av pakta. Om språket vert løfta til nivå tre, så utløyser det fleire plikter for korleis språket skal nyttast i utdanning, rettsvesen, offentleg forvantning og media.

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– Eg ønskjer meg eit samfunn kor det er trygt å vere seg sjølv. Ein stad kor ein ser styrkane og mogelegheitene med at alle er forskjellige. Eg ønskjer meg mest av alt eit samfunn, der fleire kulturar kan leve saman i harmoni og kor fleirspråklegheit vert oppfordra og feira.


– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?

– The Handmaid’s Tale av Margaret Atwood. Boka er ein tankevekkar om korleis samfunnet kan utvikle seg etter kvart som vi møter større og større utfordringar som menneskeslekt.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– For augeblikket nyt eg veldig The Last of Us på HBO.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Ivttá boastta (Yesterday’s Mail) av Emil Kárlsen er ein personleg favoritt for tida.


Illustrasjon: Kate U/Canva. Kollasj: Framtida.no

Fakta

Alder: 24 år

Personleg pronomen: Ho/henne

Frå: Alta

Yrke/utdanning: Eg har tidlegare teke ein bachelor i medieproduksjon, og tek no eit årsstudium i nordsamisk som framandspråk.

Favorittfag på skulen: Språk

Ulike verv: Nestleiar i Kvenungdommen frå 2022–2023 var mitt første verv! No er eg vald til leiar.

Medlem i: Kvenungdommen, Natur og Ungdom og NSR-N