Leiar i utdanningskomiteen om internasjonale skulepengar: – Tapar meir enn vi tener

Det går mot skulepengar for internasjonale studentar utanfor EØS/Sveits i Noreg.

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Eg synest det er ein trist dag for høgare utdanning og solidariteten i Noreg, seier raudtpolitiker og leiar for utdannings- og forskingskomiteen, Hege Bae Nyholt, over telefon til Framtida.no.

Tysdag ettermiddag leverte utdanningskomiteen si innstilling som støtta forslaget om å innføre skulepengar for internasjonale studentar utanfor EØS/Sveits. 

Rødt, Venstre og Miljøpartiet dei grøne stemte alle imot forslaget, til ingen nytte.

Den 24. mars la regjeringa fram eit forslag om innføring av skulepengar for internasjonale studentar frå utanfor EØS/Sveits.

Dette vart møtt med stor misnøye. I alt fekk regjeringa 93 tilbakemeldingar frå ulike organisasjonar og privatpersonar, der alle var imot forslaget om innføring av skulepengar. Oversikta finn du her.

Farvel til gratisprinsippet

Skulepengar har over ein lengre periode vore kraftig debattert. I Hurdalsplattformen står det at høgare utdanning i Noreg skal vere gratis, også for internasjonale studentar.

– Dette medfører at gratisprinsippet forsvinn. Noreg som land og våre utdanningsinstitusjonar har godt av utanlandsstudentar som kjem og deler sin kunnskap, erfaring og kultur saman med oss, seier Nyholt.

Nyholt meiner at Noreg er eit rikt land som har råd til gratis utdanning for alle.

– Eg er skuffa over regjeringspartia som innfører dette og at SV gjer si støtte, men akkurat det skal SV stå for. Det er snakk om småpengar. Vi taper meir enn vi tener på dette, seier Nyholt. 

Leiar i Norsk Studentorganisasjon: – Eit svik

– Dette er eit svik frå mange hold! Regjeringa og fleirtalet i Stortinget har nekta å lytte til kva konsekvensar dette vil ha for studentane og for høgare utdanning i Norge. Vi hadde forventa langt meir frå våre øvste folkevalde, skriv leiar av Norsk Studentorganisasjon, Maika Marie Godal Dam, i ei pressemelding tysdag.

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Maika Marie Godal Dam. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

Godal Dam påpeiker også at NSO, ein samla utdanningssektor og veljarane har vore imot innføringa av skolepengar for internasjonale studentar.

NSO meiner skulepengar for internasjonale studentar blir ståande som vår tids største skamplett i norsk utdanningspolitikk

– Alt tilseier at dette aldri skulle vore ein sak. Norske studentar lurer på kva som skal til for å få regjeringa til å lytte, avsluttar Godal Dam.