I ei gransking oppgir 46 prosent av studentane at dei ønskjer meir i studiestøtte mot at heile auken blir lagd til som lån og ikkje kan gjerast om til stipend.
NPK-NTB
NPK-NTB

Undersøkinga er gjennomført av Sentio på vegner av Norsk studentorganisasjon (NSO) og avisa Universitas.

På spørsmålet svarer 38 prosent nei og 16 prosent veit ikkje.

– Det første eg tenkjer når eg ser desse resultata, er at det er eit openbert behov for å auke studiestøtta i form av samla lån og stipend. Vi ser at det er mange studentar som står i ein trong økonomisk situasjon og som ikkje får det til å gå rundt med den støtta ein får frå Lånekassen i dag, seier NSO-leiar Maika Marie Godal Dam.

1.002 studentar ved norske universitet og høgskular har svart. Intervjua er gjort mellom 26. september og 12. oktober i fjor.


Les også: Studiestøtte-protest: Vil hjelpe studentar å jukse

Skjermdump frå Utdanna.no
Utdanna.no tilbyr innleveringar, heimeeksamenar, bacheloroppgåver og masteropppgåver. Skjermbilete Utdanna.no og Finn.no, kollasj Framtida.no
ANNONSE