Klimaforhandlingar i Bonn: – Fossile utslepp er eit veldig sensitivt tema

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Kjernen i klimaforhandlingane er rettferd og tillit mellom både statar, og mellom generasjonar. Medverknad gjennom ungdommar er derfor viktig. Mange folk på min alder har ikkje tru på denne prosessen, og det er openbert eit problem, seier Angeltveit.

– Vi som sit djupt inne i det ser noko framgang, men samtidig treng vi eit sterkt press på handling frå verda utanfor desse møteromma.

Den 5. juni starta klimakonferansen i Bonn. Det er ein ti dagar lang klimakonferanse med mellomforhandlingar for partane i Parisavtalen.

Bindeledd

Midt oppe i det heile er Matilde Angeltveit frå Larvik saman med Amalie Eikeland Holmefjord (24) frå Eikelandsosen på Vestlandet. Dei representerer Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar og er ein del av Noregs delegasjon i Bonn. LNU representerer totalt 102 organisasjonar i Noreg.

– Oppgåva til ungdomsdelegatane er å vera eit bindeledd mellom sivilsamfunn, aktivistar og delegasjonen, seier Holmefjord.

Under mellomforhandlingane i Bonn blir det jobba med notat og forslag til vedtak som skal bli behandla under klimatoppmøtet COP28. I år skal COP28 vere i Dubai mellom 30. november og 12. desember. Der skal både Angelveit og Holmefjord vere til stades.

Matilde Angeltveit og Amalie Eikeland Holmefjord under årets klimakonferanse. Foto: Amalie Eikeland Holmefjord

Konkrete tiltak for å fase ut all fossil energi

At klimatoppmøtet skal vere i Dubai har skapt heftig debatt. Dei sameinte arabiske emirata (UAE) er nemleg blant verdas ti største produsentar av olje og gass.

I hovudrolla står Sultan Ahmed Al Jaber. Han representerer UAE i klimaforhandlingane samtidig som han er sjef i landets nasjonale oljeselskap, Abu Dhabi National Oil Company.

Måndag var første nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Une Bastholm frå MDG, ute og kritiserte valet hos NRK.

– Eg er redd han kjem til å bruke posisjonen sin til å unngå ein diskusjon om utfasing av olje og gass. Når ein som er leiar for eit oljeselskap skal styre dette møtet, vil det svekke legitimiteten til forhandlingane generelt, og sannsynlegvis også svekke resultatet, seier Bastholm til statskanalen.

Etterlyser konkrete tiltak

Under klimatoppmøtet COP27 i fjor viste meir enn 80 land, inkludert Noreg, støtte til eit forslag om å fase ut alt fossilt brensel, men det vart likevel ikkje vedtatt.

I år oppfordrar WWF Verdas naturfond at verdas land brukar klimakonferansen til å fremme konkrete tiltak for å fase ut all fossil energi og lage ein global plan for å nå måla før 2050.

– Å få slutt på produksjon og bruk av alt fossilt brensel og sikre omstilling til 100 prosent fornybar energi er den løysinga som vil ha størst effekt for å nå måla i Parisavtalen og forhindre dei verste konsekvensane av klimakrisa, skriv leiar i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur, i ei pressemelding.

Generalsekretær i WWF Verdas naturfond, Karoline Andaur. Foto: WWF / Haakon Nordvik

I pressemeldinga seier Andaur at vi treng klare politiske signal og forpliktingar frå våre leiarar som gir håp og truverd i forhandlingane, og som set oss på sporet av ei grønare, meir rettferdig og fossilfri framtid.

– Vi er ikkje i rute for å nå måla i Parisavtalen og avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader, seier Andaur.

Høgaktuelt under klimakonferansen

– Utfasing av fossil energi blir den store kampsaka i år og det er ei av mine store fanesaker, uttalar Angeltveit.

Ho meiner utfasing av fossil energi ikkje vart tatt på alvor før klimatoppmøtet i Glasgow for to år sidan. Der vart det bestemt at kol utan reinseteknologi skulle fasast ned.

– Det vi ønsker er at all fossil energi skal ut. Fossile utslepp er eit veldig sensitivt tema. Det er ingen land som ønsker å bli fortalt at dei gjer ein dårleg jobb, samtidig er det eit enormt press frå sivilsamfunnet.

Angeltveit og Holmefjord er klare på at det er dei unge som i framtida vil få oppleve konsekvensane av avgjerdene som blir tatt i Bonn og Dubai.

– Redusering av utslepp er det viktigaste, men det er også veldig viktig at me kan tilpassa oss dei klimaendringane me ser og opplever i dag. Det er viktig at vi kan gi støtte til andre land som blir hardt råka. Det går ut over heile levesettet deira. Dei landa som har meir ressursar, må også gi meir, understrekar Holmefjord.

Lite sannsynleg

I går sleppte Equinor sin årlege rapport om kva som kan skje i dei globale energimarknadane framover. Til avisa E24 seier Eirik Wærness, sjeføkonom i Equinor, følgande:

– Det å redusere CO₂-utsleppa i tråd med 1,5 graders-scenarioet er ei ekstremt krevjande utfordring.

Eirik Wærness, sjeføkonom i Equinor. Foto: Equinor

I rapporten er det lagt opp til at 1,5-gradsmålet blir nådd, men på spørsmål om realismen i det svarer Wærness:

– Det er ekstremt lågt sannsyn for at vi klarer det. Det krev ei enorm omstilling av energisystemet, det krev finansiering, særleg frå Vesten, og det krev åtferdsendringar.

Samtidig som klimakonferansen i Bonn held på, sleppte regjeringa ei pressemelding om at dei godkjenner planen for utbygging og drift av Tyrvingfeltet.

Regjeringa skriv at investeringane i prosjektet er berekna til om lag 6,2 milliardar kroner. Den nasjonale sysselsettinga skal vere anslått til 3300 årsverk gjennom levetida til feltet.

– Det er positivt at rettshavarane vel å utnytte eksisterande infrastruktur til å utvikle nye ressursar i eit kjent område på sokkelen. Ei slik utbyggingsløysing forlenger levetida til viktige felt på norsk sokkel i ei tid der Europa verkeleg treng stabile leveransar av olje og gass, seier olje- og energiminister Terje Aasland i pressemeldinga.

Tog for fly

Men kven er denne Sultan Al Jaber? Leiaren for klimatoppmøtet og oljeselskapet Abu Dhabi National Oil Company har brei erfaring som diplomat, minister, men også på tvers av energi- og fornybarindustrien. Al Jaber er nemleg administrerande direktør i Masdar, verdas nest største fornybare energiselskap med investeringar i rein energi i over 40 land.

Sjølv om Al Jaber og destinasjonen for møtet er kontroversielt, stoppar det ikkje Angeltveit og Holmefjord frå å reise til Dubai seinare i år.

– Vi opplever at vi har ein påverknad og ei rolle med klimaforhandlingane. Det er veldig mange problematiske ting bak UAE og dei står ikkje fram som veldig ambisiøse og progressive, seier Angeltveit.

I mellom klimakonferansen og klimatoppmøtet skal det blant anna vere to internasjonale klimamøtet i Paris og New York.

For Angeltveit og Holmefjord blir det nokon innspelsmøte frå andre organisasjonar og ein del førebuingar som må bli gjort før klimatoppmøtet, men før den tid skal dei reise heim til Noreg.

– Vi skal ta buss og tog heim frå Tyskland. Det vil gi oss tid til å reflektere på alt som har skjedd i Bonn og korleis vi skal legge opp vegen vidare mot COP28, avsluttar Holmefjord.


Spire-leiar Elise Åsnes og påtroppande nestleiar og Noregs ungdomsdelegat til COP15. Foto: Spire