Siste skulestreik for Greta Thunberg
Nesten fem år etter at Greta Thunberg gjennomførte den første skulestreiken for klimaet, gjennomførte ho i dag sin siste.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag fullførte Greta Thunberg sin siste «skulestreik for klimaet». Ho er nemleg ferdig på vidaregåande skule. Ho starta skulestreikane i 2018 og det har sidan den gong vorte gjennomført 251 av dei.
– Då eg begynte med klimastreikane i august 2018, hadde eg aldri forventa at dei faktisk skulle leie til noko, skriv Thunberg på Instagram.
Det som starta med at Thunberg sat aleine utanfor Riksdagen i Sverige og protesterte mot for høge klimagassutslepp, utvikla seg til ei global rørsle. Millionar av ungdommar i over 180 land har delteke i skulestreik for klimaet.
Thunberg understrekar at dette ikkje er slutten for klimaprotestane sjølv om det ikkje lenger vil vere skulestreik.
– Vi har rett og slett inga anna moglegheit enn å gjere absolutt alt vi kan. Kampen har berre så vidt begynt, avsluttar Thunberg.
Les også: Greta Thunberg (19) når unge i større grad enn FNs klimapanel