Klima og miljø

«Naturkrisa har ofte hamna i skuggen av klima, sjølv om ho er minst like alvorleg»

Elise Åsnes, leiar i Spire, og Ingeborg Sævik Heltne, påtroppande nestleiar i Spire og Noregs ungdomsdelegat til COP15
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Klimakrisa har vore på alles lepper i fleire år, og det er lite tvil i det offentlege ordskiftet om kor dårleg stoda er for både klimaet og handlingane som ein påstår skal løyse klimakrisa.

Naturkrisa har derimot oftast hamna i skuggen av klima, sjølv om ho er minst like alvorleg – og sjølv om ingen av dei føreslåtte løysingane på klimakrisa vil lykkast utan at dei blir sett i samanheng med handling for naturen.

Unge for naturen

I arbeidet med den nye naturavtalen var ungdom for fyrste gong inviterte inn i den norske delegasjonen, noko som skapte eit viktig momentum for reell medverknad for unge i avgjerdsprosessar som handlar om natur. 

Fredag 9. juni la sju norske miljøorganisasjonar fram publikasjonen For Naturen for klima- og miljøminister Espen Barth Eide, med Spire som ein av avsendarane.

quote-left

Det politikarane gjer dei neste åra, set retninga for naturen

quote-right

Vi som er unge i dag, veit at framtida vår avheng av handling i dag, og ser på denne tiltakspakka som ei gåve til regjeringa. Det ligg òg ei forventning om at dei følgjer opp plikta dei har til å ta vare på naturen. Det politikarane gjer dei neste åra, set retninga for naturen, både for oss som er unge i dag, og for alle som skal vekse opp i verda vår.

Ein naturavtale for framtida

Vi står no på kanten av den største masseutryddinga av artar verda har sett sidan dinosaurane vart utsletta. Den gongen trefte ein meteor planeten. I dag er det ikkje ein meteor som kort og brutalt utslettar liv, men ei langvarig og systematisk nedprioritering, om ikkje ignorering, av naturen, til fordel for næringslivsinteresser, draumen om evig vekst og stadig auka forbruk. 

Naturavtalen som vart vedteken i Montréal i desember i fjor markerer på mange måtar eit tydeleg vegskilje. Naturavtalen går langt i å understreka at vi treng omfattande endringar i korleis vi prioriterer naturen – og i å fremje behovet for ei inkluderande, solidarisk og rettferdsbasert tilnærming til å løyse naturkrisa vi står i. 

Dei 23 delmåla i Naturavtalen, som skal nåast innan 2030, har fått mykje merksemd. Desse er viktige – for naturkrisa er ikkje noko som ligg framme i horisonten og kjem til å påverke oss ein gong i framtida, men noko som mange allereie lever med verknadane av. Mindre kommuniserte er dei fire måla som seier noko om kva som må skje før 2050, for at me då skal leve i harmoni med naturen. 

Jubla med Barth Eide

Naturavtalen er langt frå perfekt, men dette grepet er viktig. Kombinasjonen av effektive og konkrete tiltak på kort sikt, som bremsar det pågåande naturtapet, samtidig med meir omfattande systemendringar som adresserer dei direkte drivarane av naturkrisa på sikt er nøkkelen. Det farlege er dersom vi hamnar i ein situasjon der vi trur dei kortsiktige løysingane er nok – og dei to tilnærmingane må sjåast, ikkje som to separate løp, men som kjernen i ei samstemt og heilskapleg tilnærming til å adressere krisene som rasar rundt oss. 

 

quote-left

Det farlege er dersom vi hamnar i ein situasjon der vi trur dei kortsiktige løysingane er nok

quote-right

Spire har følgt arbeidet med naturavtalen i lang tid, og hadde Noregs første ungdomsdelegat til naturforhandlingane med til COP15. Der jubla Ingeborg saman med Espen Barth Eide då avtalen omsider vart banka gjennom i dei tidlege morgontimane. Samtidig sa vi klart frå at dette ikkje var slutten på arbeidet for naturen – men byrjinga. 

Heilskapleg og samstemt politikk er løysinga

I tiltakspakka som vi har vore med å utarbeide, kjem vi saman med Forum for Utvikling og Miljø, WWF, Sabima, Framtiden i våre hender, Birdlife Norge og Naturvernforbundet med over 300 konkrete tiltak til korleis Noreg må arbeide for å redde naturen. Desse tiltaka er minimumskravet for at Noreg skal oppfylle løfta sine om å implementere naturavtalen på ein effektiv og solidarisk måte. 

Samtidig er det viktig at desse tiltaka ikkje blir sett på i eit vakuum, men at dei blir sette i samanheng med ein samstemt og heilskapleg politikk.

Vi treng ein politikk som ikkje berre fokuserer på enkeltsaker, men som fører til ei grunnleggjande endring i korleis menneske steller seg til omverda, der solidaritet, rettferd og klima- og naturomsyn blir vekta over økonomi- og næringslivsinteresser – i alle saker.