Isbreane i Alaska smelter raskast

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Isbrear krympar meir enn både isen på Grønland og isen på Antarktis, ifølge ein studie publisert i tidsskriftet Nature. Studien har observert om lag 200 000 isbrear mellom år 2000 og 2019. 

I den tidsperioden har isbreane mista 267 milliardar tonn is. I tillegg krympar isbreane nesten dobbelt så raskt som dei gjorde for 20 år sidan. Isbreane i Alaska er dei som smelter raskast. Dei står for 25 prosent av den globale bresmeltinga. Dei mister 68 gigatonn kvart år, tilsvarande 68 milliardar tonn vatn. 

Studien viser også at smeltevatnet frå isbreane har bidratt til 21 prosent av havstiginga dei siste 20 åra. Det er berekna at smeltevatn frå isbrear vil vere den nest største bidragsytaren til at havnivået stig. Den største er termisk utviding, altså at havet vil ta større plass når det vert varmare, og derfor stige. 

Isbrear dekker om lag ein tidel av Jorda sitt landområde og inneheld om lag sju tidelar av Jorda sitt ferskvatn.


Les også: – Vi nærmar oss eit kritisk punkt for miljøgifter i polarområda