Klimaendringar fører til meir turbulens
Det har vore meir turbulens dei siste åra, ifølge ein britisk studie. Årsaka er klimaendringar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar ved Universitetet i Reading i England har funne ut at det er meir turbulens no enn før, som ein følge av global oppvarming. Forskarane bak studien har studert turbulens-statistikk frå 1979 fram til 2020.
Mellom anna har dei funne ut at det var 55 prosent meir sannsynleg å oppleve kraftig turbulens på ein flytur over Nord-Atlanteren i 2020 enn det var i 1979.
Dette skjer ikkje berre over Nord-Atlanteren, men over heile verda.
Turbulens er veldig enkelt forklart uroleg luft. Når temperaturen i atmosfæren aukar, blir lufta meir uroleg, og det vert meir turbulens.
I tillegg til å vere ubehageleg for passasjerane, er det også eit økonomisk aspekt. Berre i USA anslår forskarar at flyselskapa tapar om lag 200 millionar dollar, eller drygt 2,1 milliardar norske kroner etter dagens kurs, i året, på turbulens.
Kostnadane kjem fordi flya blir fortare slitne når det er turbulens, og at pilotane ofte flyr omvegar for å unngå turbulensen, og dermed må bruke meir drivstoff.

Illustrasjonsfoto: Josh Hemsley / Unsplash