– Unge burde få lov til å delta i debattar om saker utover det dei sjølv har opplevd

Edvard Storm Simonsen
Publisert

– Å få lov til å vere med å meine noko og å bli sett er viktig, seier Selma Moren (26), debattjournalist og kommentator i VG på telefon til Framtida.no.

Ho brenn for at unge skal få delta i samfunnsdebatten og har sjølv vore ein aktiv debattant i fleire år. Ho er også ein del av VGs Unge Meninger-redaksjon, tidlegare kjend som «25 under 25». Det er ein stad unge kan sende inn sine meiningar og få dei publisert. 

Det er langt frå alle som ytrar meiningane sine. Mange unge kvir seg nemleg for å delta i samfunnsdebatten. Nyleg kunne NRK melde at nær halvparten av unge ikkje seier meininga si i frykt for reaksjonar

Les også: Ungdomspolitikaren sine krav: – Me går ikkje på person, me går på sak

Framtida lanserer ny debattportal

Framtida.no har nyleg lansert ein eigen debattportal som skal gjera det lettare for unge å senda inn meiningsinnlegg, og seia ifrå om dei opplever negative ting i etterkant av publiseringa.

I det høve har me teke kontakt med to debattantar som har markert seg frå tidleg alder.

William Matteus Fonn er ein av seks spaltistar i Si;D i Aftenposten og skriv innlegg der regelmessig. Også han meiner det er viktig at unge ytrar sine meiningar. 

Det er kjempeviktig. Alle kan tilføre debatten noko. I vår tid er det så lett å flyte med straumen og å meine det same som den som roper høgast. Men om ein må ytre noko sjølv blir ein tvinga til å ha sitt eige standpunkt og stå for noko sjølv, skriv Fonn i ein e-post til Framtida. 

Les også: Over halvparten av unge kommunepolitikarar stiller ikkje til attval

Kan vere tøft

Kanskje den viktigaste grunnen til at dei unge ikkje ytrar meiningane sine, er frykta for reaksjonar frå andre. Selma Moren synest at debattklimaet for unge kan vere hardt. Men ho har ikkje vurdert å la vere å delta i samfunnsdebatten av den grunn.

Når ein har den jobben som eg har så skal ein tole ganske mykje. Det kan vere kjipt at folk er ueinig med deg og at folk skriv ting om deg på Twitter som du ikkje kjenner deg igjen i og sånn. Men det er ein del av det eg skal tole i jobben min, seier Moren.

– Men det skal seiast at eg har fått ein god del hets også – som eg meiner ein ikkje burde tole.

Moren trekker fram særleg ei gruppe ho opplever å få, ikkje nødvendigvis hets, men flest sterke reaksjonar frå. 

– Det eg legg merke til som eit overveldande fleirtal, er menn. Eg seier ikkje det for å vere stigmatiserande, men det er faktisk slik, i alle høve på internett. Akkurat dei som er rasande ueinige på internett er veldig ofte litt eldre menn. 

William Matteus Fonn seier at han ikkje har opplevd hets for ting han har skrive, men at han har opplevd hets for den han er. 

– Då blir det ofte kommentert at eg er kristen og at eg er ung. Likevel meiner eg at viss dei må angripe meg i staden for meiningane mine, så har eg klart å argumentere ganske godt.

Si;D-spaltist William Matteus Fonn (18) har opplevd hets fordi han er kristen. Foto: Privat

Les også: «Har ikkje samfunnet vårt rom for ytringar om tru?»

Annleis behandla

Mange kvir seg for å ytre seg, men dei som gjer det, vert ikkje nødvendigvis behandla likt som dei meir erfarne meiningsberarane. Moren føler på at ho ikkje alltid blir teken på like stort alvor som andre som er eldre enn ho.

Eg møter litt andre motargument enn mine kollegaer som er litt eldre enn meg. Ein vert diskreditert veldig tidleg av meiningsmotstandare i staden for at ein blir teken på argumenta sine, seier Moren.

Fonn føler at rommet for kva unge kan ytre seg om ikkje er tilstrekkeleg stort nok. 

– Eg føler det er forventa at ein ikkje kan ytre seg om for store saker. Ein må halde seg til det enkle og sine eigne erfaringar. Det likar eg ikkje. Unge burde få lov til å delta i debattar om saker utover det dei sjølv har opplevd. 

Moren er einig i at unge også må få delta i tradisjonelle debattar. 

– Eg er veldig einig i at vi ikkje skal lage ein debatt for ungdom som berre er deira personlege meining om ting, med eit bilete av dei og alderen deira i parentes. Eg trur vi må opne opp for at debatt for unge kan sjå ut på mange ulike måtar.

Selma Moren har markert seg som debattjournalist i VG. Foto: Privat

Moren synest også det er urettferdig at unge ofte blir generalisert til ei enkelt homogen gruppe. 

– Unge er ei like samansett gruppe som vaksne er. Ein snakkar ikkje om «dei vaksne no til dags» slik som ein gjer om dei unge. 

Les også: Mange fryktar negative kommentarar og hets – Si;D lanserer «Ti bod for kommentarfeltet»

Kritikk som drivkraft

Kritikk og reaksjonar på meiningane ein ytrar er som nemnt ei av dei viktigaste årsakene til at unge ikkje ytrar dei. For nokon, til dømes Moren og Fonn, kan kritikken fungere som motivasjon.

– I dei kjipaste periodane kor eg har følt at det har vore litt mykje, har eg fått ein sånn faen i meg, viss det er lov å si. Eg blir veldig motivert når eg tenkjer at noko er urettferdig, da berre gassar eg på enda hardare, seier Moren.

Fonn innrømmer at han har vurdert å slutte å delta i den offentlege debatten, men enn så lenge står han imot. 

– Det er mange som meiner at unge ikkje har noko å komme med i samfunnsdebatten. Om eg gir meg, så gir eg dei rett. Og det vil eg ikkje, eg vil vise at dei tek feil.


Les også: Over natta vart Eira Vilde Martinsen Garrido (26) varaordførar i Noregs nest største by 

Eira Martinsen Garrido gjekk frå produksjon av TV-seriar til å bli varaordførar i Bergen. Foto: Jonas Tislevoll