Ungdomspolitikaren sine krav: – Me går ikkje på person, me går på sak

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg vel å seia det eg meiner og du har all mogleg rett til å vera ueinig, men oppfør deg når du er ueinig, seier leiar i Senterungdommen Andrine Seppola.

Ho minnest godt reaksjonane som kom etter at ho som 14-15-åring hadde skrive sitt første meiningsinnlegg i lokalavisa Nordlys om bygging av Nord-Norgebanen.

Ho fekk kommentarar som «de nordlendingar treng ikkje noko jævla tog» og «kva meiner du som ung kvinne om det her».

– Det er fordommar som eg trur veldig mange, særleg unge kvinner i politikken møter. Til sjuande og sist er det ein trugsel mot demokratiet om me ikkje gjer noko med det, seier Seppola, som òg opplever å vera ekstra utsett fordi ho tilhøyrer den kvenske minoriteten.

Leiar i Senterungdommen Andrine Hanssen-Seppola. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Brennbare tema

Leiaren i Senterungdommen har stilt opp i eit felles intervju med kollegaar frå AUF, Sosialistisk Ungdom, Raud Ungdom og Unge Venstre for å setja fokus på debattklimaet som møter engasjerte unge. 

Bakgrunnen for intervjuet er at Framtida.no har utvikla ein debattportal for unge, som skal gjera det lettare for unge å senda inn meiningsinnlegg og delta i debatten. I tillegg har portalen ei løysing for å rapportera til redaksjonen om ein opplever noko ugreitt etter å ha ytra seg offentleg.

Send inn meiningsinnlegg

Etter fleire år i det offentlege ordskiftet har politikarane erfart at nokre tema er meir brennbare enn andre. Raud Ungdom-leiar Alberte Tennøe Bekkhus nemner klima, flyktningpolitikk, feminisme og rasisme. 

– Nokre tema tar nokre seg så forferdeleg nær av og då er det nokon som ikkje klarar å halde tilbake klørne i kommentarfingrane. Det er veldig synd, seier Bekkhus, og held fram:

– Eg skjønar ikkje heilt kva det er, men me veit alle at det er nokre tema som set sinna meir i kok enn andre. Det er berre dumt at det skal råka unge folk spesielt, for det er gjerne dei temaa me bryr oss om som gjer folk mest sure, seier Tennøe Bekkhus.

Leiar i Raud Ungdom Alberte Bekkhus. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Teken på alvor

Sentralstyremedlem i Unge Venstre, Ingebjørg Bjørlo, er oppteken av viktigheita av å bli høyrd og lytta til. 

AUF-ar Sandra Tenud opplevde tidleg å bli teken på alvor av andre politikarar. Då ho engasjerte seg i debatten mot reservasjonsrett mot abort saman med partikollega Reidar Fugle Nordhaug fekk ho svar frå KrFs gruppeleiar.

– Det var ei positiv oppleving, så var det litt skummelt at ein større politikar svarte i avisa. Men det var litt det å bli teken alvorleg og kjenna at du var med å setja ein debatt. Det var veldig kjekt å kjenna på som ung at du kunne vera med og setja den dagsordenen. Det var ei positiv oppleving. Det å gå ut i media og heva stemma si, det må jo alle unge gjera, seier Tenud engasjert.

Seinare i livet har ho opplevd at kommentarar på nett ikkje alltid er eit motsvar, men går meir på person eller andre ting.

Sentralstyremedlem i AUF Sandra Tenud og sentralstyremedlem i Unge Venstre Ingebjørg Bjørlo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Brennheit transdebatt

Tenud peikar på at personar som identifiserer seg som kvinner og personar med ein annan kjønnsidentitet er ekstra utsette. 

Som aktiv i den skeive rørsla har ho sett transkampen på nært hald, ein debatt ho har sett at er veldig betent og spår at vil verta hardare å uttala seg om.

– Eg er sjølv litt redd for å uttala meg om dei temaa no, fordi eg kjenner meg litt makteslaus i det debattklimaet som florerer opp no, seier Tenud.

Ho meiner det er viktig at me snakkar om debattklimaet som er i politikken, det me skapar rundt kvarandre. 

Ungdomspolitikarane er opptekne av ein sakleg debatt. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Eit minstekrav

Senterungdomsleiar Seppola meiner symbolsaker ofte vert ekstra betente. Ho trekker fram rovdyrsaka som eit døme på saker med polariserte frontar og mykje hets.

Der meiner eg at både me som uttalar oss, men òg dei som kommenterer og les sakene, har eit ansvar. Minstekravet eg har til mine medungdomspolitikarar, til meg sjølv, til folk i mitt ungdomsparti, er at me går ikkje på person, me går på sak. Det blir folk dårlegare og dårlegare på.

Seppola er kritisk til det ho ser som ein tendens i medie-Noreg der ein ikkje ynskjer ein opplyst debatt.

– Mi ganske objektive oppfatting av mykje av medie-Noreg er at ein ynskjer polariserte frontar. Ein ynskjer ikkje alltid å ha ein faktaorientert debatt. Ein ynskjer at dette skal folk trykka seg inn på. Click-bait rett og slett.