«Vi skal ha meir valfridom i skulen» – dette er FpU sine hjartesaker
Dei vil ha meir fridom, kjernekraft og mindre skatt. Neste sommarleir ut i Framtida.no sin partileirturné er Framstegspartiets Ungdom.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.
– Eg synest det er sjukt at ein kan ta pengar frå skattebetalarane, frå innbyggjarane i Noreg, og bruke det på noko som ikkje gagnar dei.
Det meiner Theodor Vik Thorkildsen. Når Framtida.no snakkar med han, har han nettopp fylt 17 år. Han er FpUs yngste fylkesleiar, for Buskerud FPU.
– Dei pengane vi tar inn, dei skal vi respektere. Vi skal bruke det på politi og på å styrke helsevesenet, og sørge for at barn får eit betre skuletilbod.
– Vi må prioritere kjerneoppgåvene i samfunnet, seier Thorkildsen.
Saman med om lag 180 andre har han tatt turen til FPU sin sommarleir, som i år var frå 31. juli – 3. august.
Når Framtida.no vitjar dei, er dei i gang med sin andre dag på leir, men allereie har nokon rokke å bli slitne. Likevel er det politiske engasjementet framleis til stades når Framtida spør dei om hjartesakene deira.
Thorkildsen seier det starta då han såg at det var ting i Noreg han synest burde vere annleis.
– Då bestemte eg meg for å bli politisk engasjert. Den einaste måten å endre noko, er gjennom politikk. Eg tok litt valomatar, skjønte at eg var godt planta på høgresida, og at Frp var mitt parti.
Skulepolitikk som motiverer
For andre starta engasjementet i ei konkret hending. Filip Czyz (19), fylkesleiar i Telemark FPU, seier han gjekk inn i politikken etter han ikkje kom inn på skulen han ønska seg.
– Eg måtte bli kjent med heilt nye menneske, som for så vidt var hyggeleg, men ikkje det eg så for meg. Eg måtte òg ta buss ganske lang veg. Det var ganske tungt for meg, seier han.
– Eg skjønte ikkje kvifor det skulle vere sånn, at eg måtte tvingast til å gå på ein skule, når eg sjølv visste at eg passa betre ein annan plass. Difor vart Framstegspartiet det naturlege valet for meg.
Ettersom skule var det som gjorde han engasjert i politikk, er det kanskje ikkje så overraskande at det er nettopp det som er hans hjartesak.
– Eg synest skule er kjempeviktig. Eg brenn for at vi skal ha meir valfridom i skulen, seier han.
– Vi skal ha meir valfag. Elevane, som kanskje veit best kva dei sjølv vil oppnå, skal vere sjef over eiga utdanning. Det er viktig for oss, og for meg, seier Czyz.
Skulepolitikk er viktig for fleire. Angelika Natalie Bjørnerud (20), fylkesleiar i Oslo FpU, vil senke fråværet og auke motivasjonen.
– Det er vår plikt som politikarar å sørge for at fleire fullfører skulen, og ikkje minst at fleire er motiverte til å gå på skulen kvar einaste dag, seier Bjørnerud.
– Vi er nøydd til å få alle dei andre partia med på laget, og få dei til å innsjå at alle elevar er ulike, og difor treng ulik undervisning, seier ho.
Drill baby drill
– Det er eldreomsorg som er mi hjartesak, seier Tilde Roswall (19). Ho er leiar av Asker og Bærum FpU.
– Det handlar litt om at det er den generasjonen som har bygd opp landet, og så ser ein korleis dei blir behandla fleire stader i Noreg no, som eg synest er heilt forferdeleg, seier ho.
– Eg har besteforeldre som eg ønskjer at skal få den mest verdige alderdommen dei kan få.
Ho meiner olja vil halde fram å vere viktig for Noreg òg framover og at det viktigaste Noreg kan gjere for klima, er å fortsette å hente opp olje.
– Då kan vi gjere Storbritannia og Polen kolfrie. Samstundes bør Noreg satse på kjernekraft. Og halde fram med å leggje inn ressursane der det faktisk er utslepp.
Også Viola Tetlie Stangenes (19) har trua på kjernekraft. Ho er leiar i Nordmøre og Romsdal FpU.
– Vi vil kutte ut tullete klimaprosjekt, til dømes å elektrifisere sokkelen, som kostar mange milliardar.
Hennar hjartesak er skatt og skattepolitikk.
– Skattane er for høge i Noreg i dag, og det rammar vanlege folk. For oss unge, så kan det vere vanskeleg når du fyrst tener noko, fordi frikortgrensa er for lav. Den må vi auke, for å få fleire unge i arbeid, meiner ho.