Over halvparten av unge kommunepolitikarar stiller ikkje til attval

Åshild Slåen
Publisert

Ved førre kommuneval var det 130 kandidatar under 20 år som vart valde i Noreg, men berre 62 av dei stiller til attval i år.

Det skriv NRK.

Dei har prata med 21 år gamle Thilde Fosseide Thomasgård (SV) som vart valt inn i kommunestyret i Molde i 2019, men som ikkje stiller i år. Ho forventa at kommunstyret skulle vere seriøst då ho vart valt inn.

– Men det har vore mykje mindre politikk, og meir personlege konfliktar, personangrep og hersketeknikkar.

Ifølgje politisk kommentator Tone Sofie Aglen er det vanleg at unge politikarar forsvinn fort. Noko av grunnen er fordi dei ofte flyttar på seg, men det er også andre grunnar:

– Så trur eg nok at det for nokon ikkje opplevast så meiningsfylt; at det er vanskeleg å få gjennomslag og bli høyrd, seier ho til NRK.

Det var frist for å levere lister til kommunevalet i slutten av mars. I juni vil Valdirektoratet kome med godkjenning av listene.


Foto: FpU