Mange fryktar negative kommentarar og hets – Si;D lanserer «Ti bod for kommentarfeltet»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når me snakkar med unge om kvifor dei ikkje vil skriva, så er det mange som trekker fram at dei er redde for negative kommentarar og hets i kommentarfelta.

Det seier Si;D-ansvarleg i Aftenposten Amalie Lereng på telefon til Framtida.no.

Debattansvarleg i Si;D Amalie Lereng. Foto: Privat

Brennbar klimadebatt

I går lanserte Aftenposten si debattsatsing for unge «Ti bod for kommentarfeltet». Boda er initiert av Si;D og jobba fram av ti unge og erfarne samfunnsdebattantar som veit kva det inneber å ytra seg.

– Forhåpentlegvis kan det føra til ein ryddigare debatt og at fleire tør å skrive. Det som er dumt er om me går glipp av mange viktige stemmer fordi dei ikkje tør, seier Lereng.

30-åringen har jobba i Si;D sidan 2014. Den gongen var innlegg knytt til innvandring og islam noko dei måtte førebu forfattarane på at kunne føra til storm i kommentarfelta.

– No i dei siste åra har det hendt at det same skjer når folk skriv om klima òg. Det har ein tendens til å fyra folk opp, fortel Lereng.

Saklege kommentarar

Debattjournalisten opplever at Aftenposten har gode rutinar for å moderera kommentarfelta på sine eigne plattformer, samt på Facebook.

– Dilemmaet når ein har opne kommentarfelt er at det ikkje er alt som er konstruktivt sjølv om det er innanfor. Det som står i boda er at ein ynskjer at kommentarane skal vere saklege, understrekar Lereng.

Ungdommane som har utvikla boda er: Øvst frå venstre: Silje Moen Knutsen (16), Simen Bondevik (20), Saskia Brennen (21) Peter Håndlykken (21), Arina Aamir (15). Nedst frå venstre: Stellan Hjerpset-Østlie (19), Nikita Amber Abbas (19), Rauand Ismail (21), Ella Fyhn (16) og Marius Sjølyst (20). Foto: Privat

Førebur debattantane

Debattjournalist Lereng meiner at det er viktig at dei som mediehus tek ansvar for å førebu unge debattantar godt på eventuelle tilbakemeldingar.

I tillegg til å gå fleire rundar i forkant med nokre innlegg, oppmodar Si;D debattantane til å melde ifrå om dei opplever noko negativt i etterkant.

– Me kjenner på eit ansvar for at dei skal få ei så god oppleving som mogleg. Det er ingen som tener på at dei skriv eit innlegg og ikkje vil skriva igjen.

Motstemmer i kommentarfelta

Lereng ser positive tendensar med folk som tek til motmæle i kommentarfelta og publiserer saklege kommentarar, men peikar på at stadig nye rapportar viser at det framleis er eit problem.

– Difor må me fortsetja å prata om det. Mykje handlar om språk og måten ein ordlegg seg på.


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no!


Nancy Herz leiar Ungdommens ytringsfrihetsråd. Foto: Privat