Over natta vart Eira Vilde Martinsen Garrido (26) varaordførar i Noregs nest største by

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Om eg hadde vore 16 år i dag ville eg nok synest at det var veldig kult at Bergen hadde to ordførar på 29 og 26, seier Eira Martinsen Garrido, varaordføraren frå Sosialistisk Venstreparti i Bergen.

For bak dei to øvste verva i Bergen sit nemleg ordførar Linn Kristin Engø (29) og varaordførar Eira Martinsen Garrido (26).

Det er ein heilt vanleg regndag i Bergen, då Framtida møter Martinsen Garrido. Med eit stort smil, blå jeans og skjorte tar varaordføraren Framtida.no med opp til kontora på toppen av rådhuset i Bergen sentrum.

– Bergen skal vere for alle

Dei siste månadane har det vore store forandringar i livet til Martinsen Garrido. Rett før jul i fjor, gjekk ho frå å produsere TV-seriar for Mothership Entertainment til å vere varaordførar i Noregs nest største by.

Som varaordførar brenn Martinsen Garrido for at Bergen skal vere ein klimavennleg og inkluderande by som har fokus på likestilling.

– Bergen skal vere ein god by for oss som bur her no, men også for dei som skal vere her i framtida. Alle skal kunne vere seg sjølv, uavhengig av kjønn.

Frå toppen av rådhuset er det flott utsikt over Bergen sentrum. Foto: Jonas Yang Tislevoll

I ei tid der heile verda må ta grep for å redusere klimagassutsleppa, er varaordføraren klar på at det også gjeld Bergen.

– Vi har begynt godt, men vi må ta radikale grep om vi skal nå måla som er sett for 2030. Det er erklært klimakrise og med det følger det forpliktingar.

Trudde ikkje det var realistisk

Martinsen Garrido vart med i Sosialistisk ungdom i 2011, eit år ho var svært politisk aktiv. Etter dette starta ho på vidaregåande, noko som medførte at Martinsen Garrido hadde mindre tid til politikk.

I mellomtida har ho engasjert seg i organisasjonar som Amnesty, 8. Mars-initiativet og Venstrealliansen. I 2019 stod ho for første gong på vallista til SV Bergen som nummer ni.

– På den tida hadde eg vore medlem i SV lenge utan å vere aktiv. Det var veldig kjekt å stå vallista og etter det året har eg vore aktiv, seier Martinsen Garrido.

Sidan 2019 har det vore store politiske omveltingar i Bergen. I 2021 vart dåverande ordførar, Marte Mjøs Persen (Ap), vald inn på Stortinget. Det gjorde at varaordførar Rune Bakkervik (Ap) vart ny ordførar.

I fjor haust gjekk bystyret i Bergen av. Det skjedde etter barnevern-skandalen. Ordførar Rune Bakkervik vart valt som ny leiar for Byrådet i Bergen som førte til at varaordførar, Linn Kristin Engø (Ap), vart ny ordførar.

Dette gjorde at bystyret i Bergen måtte finne ny varaordførar.

– I starten trudde eg ikkje det var realistisk. Det var fleire andre kandidatar og eg trudde Arbeidarpartiet ville stille med ein kandidat. Eg tenkte det var ein posisjon dei ville ha.

Inne i det gamle rådhuset har Bystyret sine møter. På veggen er det bilde av alle som har vore ordførar og varaordførar i Bergen. Foto: Jonas Yang Tislevoll

I staden for å stille med kandidat støtta Arbeidarpartiet forslaget om Martinsen Garrido som ny varaordførar.

– Måtte du gå nokon rundar med deg sjølv, før du sa ja? 

– Det gjorde eg, samtidig så skjedde alt så brått. Det var ei stor tillitserklæring. Eg er også glad for å sjå at partia på tvers av partigrensene kan finne saman og støtte ein anna representant.

Færre stiller til attval

I starten av mai skreiv NRK at ved førre kommuneval vart 130 unge under 20 valt inn i kommune- og bystyra. Av 130 er det berre 62 stykk som stiller til attval.

Vidare i saka fortel hennar partifelle frå SV i Molde, Thilde Fosseide Thomasgård, at ho trekker seg ut av politikken, etter det ho beskriv som useriøse kommunestyremøte.

– Det har vore mykje mindre politikk, og meir personlege konfliktar, personangrep og hersketeknikkar, seier Thomasgård i saka til NRK.

Martinsen Garrido har ikkje same opplevingar, men har forståing for at slike ting kan drepe motivasjonen for unge politikarar. Sjølv har ho følt på eit trygt miljø som har gitt god støtte og oppfølging.

– Det var veldig mange unge som vart vald inn i bystyret for første gong i 2019. Det er fleire av oss som tar attval. Eg forstår at dei som har hatt kjipe opplevingar, jobba med saker dei ikkje brenn for, møtt motgang og hersketeknikkar, ikkje har motivasjon til å stille til attval.

Skummelt i starten

Varaordføraren frå Bergen er tydeleg på at er viktig med ungdommar på vallistene. Ved førre val, var 17 prosent av stemmene til SV frå folk under 30 år. Det trur Martinsen Garrido kjem av at partiet vel å satse på yngre og nye stemmer i politikken.

– Kva skal til for å halde på dei yngre, og samtidig få rekruttert fleire inn i politikken? 

– Det er viktig at både by- og kommunestyret skal vere ein trygg stad å uttrykka seg og sitt engasjement. Det skal vere lov å komma med forslag og stille spørsmål. Alle representantar skal bli behandla med respekt. Vi må vere tolmodig med alle som er nye, slik at dei får moglegheit til å bli informerte og gode med tida, seier varaordføraren.

Eira Martinsen Garrido trivst i jobben som varaordførar. Foto: Jonas Yang Tislevoll

Garrido Martinsen rosar ordførarkollega Linn Kristin Engø for ein tydeleg nulltoleranse for hersketeknikkar i politikken.

Varaordføraren håper alle representantar tar til ordet i saker dei brenn for, uavhengig av alder.

– Eg syntest det var litt skummelt og ta ordet i første møte med bystyret, sjølv om eg hadde vore med å skrive forslaget og kunne saka godt. Eg tenkte ein del over om folk ville vere ueinig med meg. Det er jo dei aller fleste partia, humrar varaordføraren.

For Martinsen Garrido gjekk usikkerheita fort over.

– Du blir fort vand med det. Det kan vere litt skummelt i starten, men min beste anbefaling er å førebu seg godt og ha notat som ein kan sjå tilbake på.

Første krysskulturelle varaordførar

I det daglege er det ikkje alle som tenker at Martinsen Garrido er varaordførar. Ho går ikkje med ordførarkjede, og i blant må ho markere at det faktisk er ho som er varaordførar.

– Eg trur det går litt på korleis vi som samfunn ser på ulike roller. Veldig mange tenker at ein ordførar skal vere kvit mann over 50 år, og sånn må det nødvendigvis ikkje vere. Det er bystyret som bestemmer ordførar og varaordførar, og som folkevalt organ skal dei spegla befolkninga. I Bergen har vi både unge, gamle og breitt mangfald.

Med mor frå Bergen og far frå Uruguay har Martinsen Garrido ein krysskulturell bakgrunn. Ein ordførar med ein slik bakgrunn har Bergen aldri hatt før.

Eg tenker det er bra at Bergen har valt inn nokon som representere noko som ikkje har vore representert før. Med å opne opp og inkludere nye representantar, i nye roller, kan vi forandre samfunnet til det betre. 

– Det gjer demokratiet meir tilgjengeleg og folk ser at det ikkje berre er ein type person som er representert. Det skapar eit meir dynamisk og levande demokrati, noko som er veldig viktig, seier Martinsen Garrido.

Eira Martinsen Garrido. Foto: Jonas Tislevoll

Martinsen Garrido vedkjenner at det er unikt at ordførarane i Bergen er 26 og 29 år, men skyt ut at alder ikkje er noko fasit på kor god jobb ein gjer.

– Vi har begge god og brei erfaring. Dette er min første periode i bystyret, men Engø har sete i fleire periodar. Eg håper alle har same forventingar til ein ordførar, uavhengig av alder. Det handlar meir om person og engasjement, og eit ønske om å gjere ein god jobb.

Valkamp og sommarferie

Til hausten er det valkamp og Martinsen Garrido og SV går ein hektisk periode i møte. Det gler ho seg veldig til.

– Korleis ser dei neste månadane dine ut?

– Eg skal gjer masse valkamp i august. Det blir ein intensiv periode, men valkamp er noko av det kjekkaste som er. Der får vi vere ute i feltet og møte folk.

Men før dette skal Martinsen Garrido spandere på seg ein god sommarferie med både interrail i europa og festival i Madrid. Ho håper alle unner seg ein god ferie, uavhengig av kva type jobb ein har.

Til hausten står Martinsen Garrido på tredjeplass på lista til SV i Bergen. Den ønsker ho å bruke til fleire av sine fanesaker.

– Vi har ikkje eit godt nok tilbod til dei som kjønnsinkongruens. Vi har lagt fram eit forslag om ein helsestasjon med fokus på seksualitet og kjønn til bystyret. Betre helsetilbod til kvinner gjennom gratis bind og tampongar er vi også vil ha.

– Så du ønsker du å fortsette i vervet som varaordførar? 

– Om bystyret ønsker meg som varaordførar er eg open for det. Heldigvis har eg permisjon frå ein jobb er glad i. Eg har ikkje noko i mot å dra tilbake der, men eg merkar at det er veldig gøy å vere i politikken. Det å ha moglegheit til og vere med å jobba fram politisk endring, avsluttar Garrido Martinsen.


Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.