Vekas viktigaste: Eksamenskaos, krigsskip og reklameforbod

Åshild Slåen
Publisert

Eksamenskaos i norsk hovudmål

Stort rom med pultar og stolar på rekke og rad

Det var mange eksamenslokale med fortvila elevar på måndag. Illustrasjonsfoto: Akshay ChauhanUnsplash

Måndag hadde over 270 000 kandidatar eksamen i norsk hovudmål. På grunn av pandemien var det for mange den aller fyrste eksamenen dei hadde. Det var også den fyrste heildigitale eksamenen som vart gjennomført, og det var mykje teknisk trøbbel.

Fyrst var det mange som hadde problem med Utdanningsdirektoratet (Udir) sine nettsider. Det tok halvannan time før dette var fullstendig løyst. I Møre og Romsdal var det så problem med fylkesnettet. Dette førte til at elevane i dette fylket fekk avlyst norskeksamen.

Fleire har vore ute og kritisert korleis situasjonen vart, blant anna Elevorganisasjonen og Utdanningsforbundet. Kunnskapsminister Tonje Brenna har sagt at dei skal følgje opp eksamenskaoset, og at dei ser på korleis dei kan hindre noko liknande frå å skje att.


Det amerikanske krigsskipet USS Gerald R. Ford ankra opp i Oslo

Stort grått skip med små fly ombord på havet.

Krigsskipet USS Gerald R. Ford. Her frå oktober 2022. Foto: U.S. Navy photo by Mass Communication Specialist 2nd Class Jackson Adkins, Public domain, via Wikimedia Commons

Onsdag la krigsskipet USS Gerald R. Ford til i Oslofjorden. Det amerikanske mannskapet skal gjennomføre fleire militære øvingar i samarbeid med Forsvaret den neste tida. Den nøyaktige ruta vidare etter Oslo er ikkje gjort offentleg, men skipet skal segle langs norskekysten.

USS Gerald R. Ford er det største krigsskipet som er bygd nokosinne. Seniorforskar Andreas Østhagen seier til NRK at skipet truleg ikkje ville vore her dersom det ikkje hadde vore for Russland. Han peikar på ei auka interesse for Arktis, der Russland allereie har militære styrkar.

Russland har kritisert besøket til skipet. Timur Tsjekanov ved den russiske ambassaden har blant anna kalla besøket ein maktdemonstrasjon som er ulogisk og skadeleg.


Japan kan få eit Nato-kontor i landet

To menn i dress handhelser framfor nato-flagget og det japanske flagget.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og den japanske statsministeren Fumio Kishida ved eit besøk i januar 2023. Foto: Nato via Flickr, CC BY-NC-ND 2.0

Japan og forsvarsalliansen Nato har vore i samtaler om korleis dei skal samarbeide framover. Denne veka sa den japanske statsministeren Fumio Kishida at Nato planlegg å opne eit kontor i landet. Det vert det første Nato-kontoret i Asia.

Han kom også med ein tydeleg beskjed om at Japan ikkje har planar om å bli med i forsvarsalliansen.

Kina er ikkje nøgd med at Nato kan etablere kontor i Japan, og motset seg planen, sa ein kinesisk representant på ein pressekonferanse seinare same dag.


Forbod mot reklame for usunn mat retta mot barn

Regjeringspartia ønsker 16-års aldersgrense på energidrikk og marknadsføringsforbod av usunn mat og drikke retta mot barn og unge. Foto: Gagan K, Pexels/Canva

Stortinget har vedteke eit forbod mot marknadsføring av usunn mat til personar under 18 år. Innstramminga er ein del av folkehelsemeldinga.

I tillegg til dette vart det også fleirtal for ei aldersgrense på 16 år for å kjøpe energidrikk, søvn skal få ein større plass i folkehelsearbeidet og det blir sterkare reaksjonar ved ulovleg marknadsføring av kosmetiske inngrep som Botox og fillers.

Frp er usamd i fleire av forslaga. Bård Hoksrud (Frp) meiner reklameforbodet er inngripande politikk for folk og næringsliv. Han er også mot aldersgrensa på energidrikk.

– Dei som er under 16 år, får tak i energidrikk uansett, seier han til NTB.


Ron DeSantis lanserer presidentkandidaturet sitt i USA

Mann i dress pratar ved ein talestol.

Ron DeSantis er guvernør i Florida og presidentkandidat til 2024-valet i USA. Her frå eit folkemøte i Phoenix, Arizona i August 2022. Foto: Gage Skidmore via Flickr, CC BY-SA 2.0

Florida-guvernør Ron DeSantis (44) kunngjorde onsdag at han stiller som presidentkandidat til det amerikanske valet neste år. Kunngjeringa skjedde i eit videointervju som han la ut på Twitter.

Ron DeSantis er på høgresida i det republikanske partiet i USA. DeSantis har vorte kjent for å fremje svært konservativ politikk i delstaten Florida. Han sto blant anna bak den såkalla «Don’t say Gay»-lova som avgrensa lærarar frå å nemne seksualitet til elevar. Guvernøren har også fremja strengare abortlover, og førre veke signerte han ei lov mot at barn som er trans kan få kjønnsbekreftande behandling.

Før presidentvalet må DeSantis vinne mot dei andre republikanske presidentkandidatane. Ifølgje meiningsmålingar ligg han bak Donald Trump i popularitet blant partiveljarane. Likevel er han ein av dei meir sannsynlege presidentkandidatane i partiet.


✨Lyspunkt✨: Vaksine mot borreliose blir testa i Sverige

I Sverige gir forskarar no tredje vaksinedose i ein studie som testar ein vaksine mot borreliose. Over 15 000 personar deltek i studien. Borreliose er ein sjukdom ein kan få dersom ein blir biten av flått som ber på borreliebakterien.

I Noreg blir i snitt 500 personar sjuke kvart år av borreliose og må behandlast med antibiotika. Dersom alt går etter planen kan vaksinen redusere dette talet kraftig. Slike studiar må vare over to flåttsesongar, så vaksinen er tidlegast tilgjengeleg i 2026.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksenAbonner på nyheitsbrevet vårt!