Marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot alle under 18 år blir forbode

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.05.2023 12:05

Saka er oppdatert og utvida.

Tysdag vart det fleirtal i Stortinget for ei rekkje saker som gjeld barn og unge. Mellom anna blir det innført 16-års aldersgrense for kjøp av energidrikkar.

I tillegg er det fleirtal på Stortinget om eit forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge under 18 år. Innstrammingane er ein del av behandlinga av folkehelsemeldinga.

Arbeidarpartiets Cecilie Myrseth seier ho er glad for at Ap og Senterpartiet har fått med SV og Raudt på det ho beskriv som gode tiltak som kan verne barn og unge mot reklame og varer som gir dårleg helse.

– Mengda reklame barn og unge blir utsett for, påverkar matvanar og helse – og stadig fleire barn blir ramma av overvekt. Då må vi ta grep der vi kan for å verne og førebyggje, seier Myrseth til NTB.

Frp er usamde i forslaga

Helsepolitisk talsperson for Frp Bård Hoksrud er ikkje fornøgd med at stortingsfleirtalet no stiller seg bak forslaget i innstillinga helse- og sosialkomiteen har til ny folkehelsemelding.

– Det er openbert ingen avgrensingar for forbods- og formyndarpolitikken til dei raudgrøne partia så lenge det er i «det godes teneste». Frp vil leggje til rette for at det skal vere lett for ungdom å ta sunne og opplyste val, men det må vere grenser for kor inngripande politikken skal vere for folk og næringsliv, seier Hoksrud.

Mann i dress i Stortingssalen.

Bård Hoksrud i Framstegspartiet støttar ikkje Stortinget si avgjerd om eit forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge under 18 år. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Hoksrud: – Får tak i energidrikk uansett

Til TV 2 forklarer Hoksrud at han heller ikkje er samd i forbodet mot sal av energidrikk til barn under 16 år.

– Dei som er under 16 år, får tak i energidrikk uansett, seier han og meiner informasjon til barn og unge hadde vore vegen å gå.

Cecilie Myrseth (Ap) er ikkje overraska over at Hoksrud er usamd i forslaga.

– Ingenting nytt under sola her. Det er heilt forventa at Framstegspartiet er imot å innføre tiltak som vi veit kan helsa til betre barn og unge.

Vil slå hardare ned på ulovleg marknadsføring

I tillegg til dei to forslaga er det fleirtal for at søvn skal få ein større plass i folkehelsearbeidet. I tillegg er det fleirtal for auka sanksjonering av skjønnheitsklinikkar og influensarar ved ulovleg marknadsføring av mellom anna Botox og fillers.

– Det forargar meg at så mange bryt lova når vi veit at konsekvensen er auka kroppspress, og at det kan vere skadeleg for barn og unge som blir eksponerte for slik reklame. Det er så ugreitt. Åtvaringar i seg sjølv er openbert ikkje nok for å få bukt med problemet, seier Myrseth.

– Vil utgjere ein forskjell

Generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Mina Gerhardsen, er svært fornøgd med Stortingets vedtak.

– Vi er mange som har jobba lenge for dette, så vi er skikkeleg glade no. Dette vil vere med å utgjere ein forskjell. Forsking viser at det er ein direkte samanheng mellom mengda reklame barn ser, og kaloriinntak. Derfor er det så viktig å avgrense reklamen, seier Gerhardsen.

Ho peikar på at det ofte blir retta kritikk mot at politikarane gjer for lite for folkehelsa, men takkar for at det dei vel å setje barns helse først i denne saka.

– Eitt av fem barn i Noreg har overvekt eller fedme. Globale anslag tilseier ein auke på 100 prosent innan 2035 om vi ikkje gjer noko. Dagens nyheit viser at vi har modige politikarar som tør å ta nødvendige avgjerder av omsyn til helsa.

– Modig avgjerd

Generalsekretær Frode Jahren i LHL seier det er ein gledesdag fordi ein at ein no strammar kraftig inn på marknadsføring av usunne produkt mot barn og unge.

– Barn og unge blir utsett dagleg for ei stor eksponering for usunne produkt, mellom anna på TikTok og andre digitale kanalar. Vi trur dette forbodet no gir eit sterkare vern for barna, seier Jahren.

– Usunt kosthald i ung alder kan gi store livsstilsutfordringar som voksen. Det er derfor eit samfunnsansvar å verne barn mot usunne produkt. Dagens fleirtal tek ei modig og rett avgjerd, seier Jahren.


Oskar Westerlin sin sjokoladebolle og marknadsføring har skapt debatt og fått kritikk av Forbrukartilsynet. Foto: Anette Fadnes Marcussen