Brenna: Eksamenskaoset blir følgt opp
Problema mange hadde då dei gjekk opp til eksamen måndag, skal følgjast opp, opplyser kunnskapsminister Tonje Brenna.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Elevar som skal opp i eksamen, skal vere trygge på at feil ikkje oppstår, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til NTB.
Statsråden seier at det ikkje er rettferdig viss nokon ikkje har fått nok tid.
– No skal Utdanningsdirektoratet og statsforvaltarane skaffe seg oversikt over omfanget av dei lokale problema ved eksamensgjennomføringa måndag og følgje opp dette i det vidare arbeidet, seier ho.
Brenna seier ho er glad for at Utdanningsdirektoratet tok grep etter eksamenskaoset måndag. Dataproblem gjorde at alle kom seint i gang – og for somme vart eksamen øydelagd.
– Dei aller fleste fekk logga seg inn etter ein time, men det er klart at det er stressande å få ein slik start på dagen for alle dei elevane som stod klare til å gjennomføre eksamen, seier Brenna.