Ungdom har aldri trent meir enn dei gjer no
Særleg gutar på ungdomsskulen toppar statistikken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norsk ungdom har aldri trent meir enn dei gjer i dag. Meir enn åtte av ti ungdommar trenar éin eller fleire gonger kvar veke.
Talet på unge i alderen 13–18 år som trenar på treningsstudio har auka markant dei siste åra, særleg blant gutar i ungdomsskulealder.
– Vi ser at over 80 prosent av ungdommar i Noreg trenar éin eller fleire gonger i veka, seier Anders Bakken, forskar hos NOVA ved OsloMet til NRK.
Meir opptekne av treningssenter
Samtidig har det å trene på eiga hand utanfor treningsstudioa vorte mindre attraktivt, som til dømes å springe ein tur. Det kjem fram i ein rapport om idrettsdeltakinga til ungdom.
– Ungdom har aldri trent meir enn dei gjer no etter pandemien. Noko av årsaka er at fleire unge er meir opptekne av å trene på treningssenter, seier Bakken til NRK. Han seier det kan vere fleire årsaker til auken.
– Vi har ingen føresetnader for å seie at kroppspress er den viktigaste grunnen, men vi trur at andre årsaker også speler inn. Til dømes at det har vorte fleire treningssenter enn før, at dei er meir tilgjengelege og at dei har vorte billigare.
Forskingsinstituttet Nova ved OsloMet og Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett ved Noregs idrettshøgskule, står bak rapporten.