Ny leiar: Press-leiaren vil invitere Else på lasagne

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 13:01

– Eg vil vere ein leiar som gir folk tid og rom til å vere kreative og som tør å gjere ting annleis.

Maja Enerhaug Egge blei nyleg vald som leiar i Press – Redd Barna Ungdom. Ho karakteriserer seg sjølv som eit vanemenneske, men gler seg til å finne nye måtar å gjere ting på saman med gjengen ho skal jobbe med det komande året.

20-åringen frå Bærum blir inspirert av folk rundt seg.

– Ikkje berre vennar og kjente, også folk eg ser på gata og dei eg følgjer i sosiale medium. Småting eg blir mint på at eg kan gjere betre i livet, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Internasjonalt fokus

Dei viktigaste sakene for Press framover, vil vere krig og konflikt, barns rett til medverknad og kroppspress og psykisk helse.

– Press har vedtatt å setje meir fokus på barnerettsbrot internasjonalt, og det trur eg blir skikkeleg spanande. Det er eit fokus som har falle vekk dei siste åra, og eg trur både eksisterande og potensielle medlemmar kan få glede av å sjå ei større breidde av utfordringar som barn møter.

Nett no rettar Press spesielt merksemd på einslege mindreårige asylsøkarar som har forsvunne frå norske asylmottak.

Portrettbilete av ung kvinne smiler til kamera

Maja Enerhaug Egge. Foto: Press

– Og vi skal leggje inn ein skikkeleg innsats før representantforslaga om dette skal stemmast over i Stortinget i slutten av mai. Særleg forslaget knytt til overføring av omsorg frå UDI til barnevernet for barn mellom 15 og 18 som kjem aleine til Noreg står på agendaen.

Hjørnestein i demokratiet

Maja Enerhaug Egge byrja å engasjere seg fordi ho var ven med engasjerte folk. Etter kvart fekk ho ansvar, både lokalt og nasjonalt, og såg at vegen faktisk var ganske kort til å kunne skape endring.

– Likevel er det samhaldet og den gode kulturen som skal ha æra for at eg har blitt verande i Press i så mange år, fortel Egge, som tar steget opp frå nestleiar-rolla i organisasjonen.

Hjartesakene hennar er retten til god og tilpassa informasjon og moglegheiter for medverknad.

Det gjeld ikkje berre med tanke på barn, det er ein hjørnestein i demokratiet. Utan kunnskap og utan arenaer for å seie si meining og bli høyrt, er det avgrensa kva ein får til som eit fellesskap.

Maja Egge føretrekker hund over katt, hyttetur over New York og pizza over taco.

Vil ha stemmerett for 16-åringar

Idealsamfunnet er for Press-leiaren eit samfunn der alle barn får rettane sine innfridde.

– Først og fremst må alle, barn som vaksne, bli betre kjende med barn sine rettar. Og, spesielt dei vaksne, er nøydde til å opne auga, sjå forbi eigne interesser og bli rausare, også på tvers av landegrenser.

– Det vil krevje kompromiss, men resultatet vil vere eit samfunn der barn får moglegheita til å vekse opp og sjølv bestemme kva dei vil med framtida si, og det er uvurderleg, held ho fram.

Om Maja Enerhaug Egge vakna opp til draumenyheita si, hadde overskrifta vore denne: «Stortinget snur – seier «ja» til stemmerett for 16-åringar».

Middag med Else

Kvinne på topptur på ski.

På fritida likar Maja Enerhaug Egge å gå på ski. Foto: Privat

På fritida er Press-leiaren glad i å vere ute, helst på ski eller sykkel.

– Elles er det lite som slår ein sløv ettermiddag ute i sola no som det byrjar å bli varmare ute, anten med musikk på øyret eller ein god samtalepartnar.

TikTok står høgt på lista over tidstjuvar i kvardagen.

– Eg kan også sitje i timevis og planleggje ferieturar som aldri vil skje, spesielt no som det nærmar seg sommar.

Maja lagar mat ute i fjæra.

Foto: Privat

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg blar meg gjennom dei fleste nettaviser før eg står opp om morgonen. Og det skadar heller ikkje med dagleg quiz på kontoret!

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? 

– Eg skulle gjerne ha invitert Else Kåss Furuseth på middag, for eg trur praten hadde underhalde meg heile kvelden. I tillegg skulle eg gjerne ha fått prata om det nye TV-programmet hennar. Det har verkeleg vist ei ny side av helse- og kosthaldsdebatten.

– Eg lagar ofte lasagne til meg sjølv når eg har god tid og verkeleg vil kose meg med maten, så det må bli det som står på menyen.


Tre tips gif
Bokomslag.

Omslag: Cornerstone

– Kva for ei bok burde alle lese?

– Eg las nyleg Atomic Habits av James Clear. Viss du har lyst til å få eit kritisk blikk på eigne vanar, er ho verdt tida di. Ho har også ei rekkje tips til korleis du kan endre vanane dine, men dei har eg ikkje testa sjølv enda, så eg kan dessverre ikkje love at dei funkar.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Eg har byrja på Breaking Bad for andre gong, og eg forstår ikkje kvifor eg ikkje kom lengre den første gongen.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

I gotta feeling av The Black Eyed Peas.

Fakta

Alder: 20
Personleg pronomen: Ho/henne
Frå: Bærum
Yrke/utdanning: Vidaregående (IB-linja på Nesbru vgs. i Asker)
Favorittfag på skulen: Naturfag
Ulike verv: Nestleiar i Press, landsstyremedlem på vegne av region aust, lokallagsleiar i Asker og Bærum Press
Medlem i: Press og Oslo badstuforening