Ny leiar: Changemaker-leiaren skulle gjerne ha snakka med Kim Friele

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Kim er ein pioner for den skeive rørsla, og den første som stod offentleg fram som homofil i Noreg. Ho har kjempa, og ikkje minst vunne, mange viktige kampar for spesielt homofile og lesbiske rettar, og eg skulle ønske at eg fekk prata med ho om korleis.

Marte Hansen Haugan tar over roret som ny leiar av Changemaker. Ho har stor respekt for Kim Friele, som gjekk bort i 2021, og skulle gjerne likt å høyre kva aktivisten tenkte om spørsmål rundt klima, våpeneksport og andre saker organisasjonen er oppteken av.

– Kanskje eg kunne fått nokre tips! Og så antar eg kanskje at taco ikkje er det ho fekk ete mest av i sitt liv, så eg skulle lagd ein skikkeleg god taco! skriv den nye Changemaker-leiaren i ein e-post til Framtida.no.

Kim Friele på Storapride på Stord 10. august 2019. Foto: Svein Olav B. Langåker

Frå fotballbana til samfunnsengasjement

– Generelt så er global rettferd mi store hjartesak, men eg er kanskje spesielt oppteken av klimarettferd og urfolks- og LHBT-rettar.

Marte Hansen Haugan vaks opp som fotballjente, og neste siger på fotballbana var det viktigaste i heile verda. Men ho kjente alltid på ein slags rettferdssans, utan å heilt klare å setje fingeren på det.

– Så dukka Changemaker opp og heldt kurs i politisk påverknad då eg var 16 år og fotballskoa blei lagt på hylla. Changemaker klarte å formulere og skape eit engasjement rundt politiske saker eg aldri hadde høyrt om før, som mellom anna kapitalflukt og våpeneksport til autoritære regime.

Ho såg at det faktisk fungerte at unge organiserte seg for viktige saker, og blei veldig inspirert og motivert til å vere med.

Anten-eller: Hund>katt, hyttetur>New York, taco>pizza

Når Haugan no går over frå nestleiar til leiar i organisasjonen, vonar ho å kunne vere ein samlande leiar som får studentar og andre unge som bryr seg om global rettferd til å skjøne kvifor dei burde bli med i Changemaker.

Ho ser opp til dei tidlegare Changemaker-leiarane Embla Regine Mathisen og Naja Amanda Lynge Møretrø.

– Dei har inspirert og vist mykje lærdom som eg skal ta nytte av.

Våpeneksport og klima

I 2023 vil organisasjonen jobbe for å stanse våpeneksport til autoritære regime, kjønnsbasert vald og sikre klimarettferd.

– Vi skal halde fram å kjempe for at Noreg skal slutte å selje våpen til autoritære regime som Qatar. Vi kan ikkje halde fram å tene pengar på å styrke eit lands militære kapasitet og legitimere ein stat som konsekvent bryt menneskerettar, utdjupar Haugan.

Ung kvinne ser alvorleg i kamera med armane i kors.

Marte Hansen Haugan (23) er klar for å kjempe for hjartesakene sine som ny leiar i Changemaker. Foto: Changemaker.

Vidare understrekar ho viktigheita av klimarettferd, både internasjonalt og i Noreg.

– Som den rike oljenasjonen Noreg er, så har vi framleis eit særskilt ansvar for å bidra til det globale grøne skiftet, og det må skje på ein rettferdig måte.

– Vi skal også utvikle ein kampanje om kjønnsbasert vald, og behovet for å løfte kvinners perspektiv trengst i utviklingspolitikken, legg 23-åringen til.

Treng politisk vilje og handling

– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?

– No om dagen trur eg draumenyheita måtte vore at Noreg stansar våpensalet til Qatar.

Idealsamfunnet for den påtroppande Changemaker-leiaren får vi når alle menneske lever trygge og gode liv uansett kven dei er og kor i verda dei bur.

– Når alle har ein stad å bu, mat på bordet og ikkje blir diskriminert, fengsla eller drepne for den dei er, så er vi på god veg. For å kome dit treng vi politisk vilje og handling, der det ikkje berre er dei med mest makt og rikdom sine interesser som blir varetekne.

The Voice i badekaret

Marte Hansen Haugan held seg oppdatert gjennom nyheitsvarsel frå regjeringa.no, nettaviser og Twitter.

Sjølv om ho hatar å innrømme det, så er TikTok ein tidstjuv i kvardagen hennar.

– Når ein først byrjar å skrolle på den appen så er det vanskeleg å leggje frå seg mobilen.

På fritida står ho aller helst på skateboard ute i sola.

– Eller syng karaoke! Min nye hobby har blitt å sjå på The Voice i badekaret.


– Kva for ei bok burde alle lese?

Omslag: Cappelen Damm

– Alle burde definitivt lese «Derfor må du vite at jeg er same» av Ella Marie Hætta Isaksen. Ei utruleg sterk og fin bok som gir innsikt og lærdom som eg trur vi alle har godt av.

Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

Brooklyn Nine-nine. Eg er overtydd om at det ikkje finst ein betre sitcom.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Når «Min første kjærlighet» med Jahn Teigen kjem på høgtalaren skal det mykje til for at eg ikkje gliser og syng med.


Artist, aktivist, forfattar og skodespelar Ella Marie Hætta Isaksen. Foto: Sara Angelica Spilling

Fakta

Alder: 23 år

Personleg pronomen: Ho/henne

Frå: Kristiansund

Yrke/utdanning: ½ år på kjønnsstudium og 1 år på sjukepleie før eg blei Changemaker på fulltid

Favorittfag på skulen: Naturfag og musikk

Ulike verv:

  • Lokallagsleiar, Changemaker

  • Utvalsmedlem av klima- og miljøutvalet, Changemaker

  • Styremedlem, Changemaker

  • Nestleiar, Changemaker.

  • Talsperson for Verdens Beste Nyheter