«Ikkje gode nok kontrollmekanismar for å hindre at norske våpen havnar i feil hender.»

Matilde Angeltveit
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Så lenge vi kan hugse har det alltid vore halde munnleg høyring i samband med eksportkontrollmeldinga. Det har vore viktig for å belyse norsk våpeneksport. At ein no vel å gå bort frå dette er provoserande og skremmande.

Meldinga viser ein dramatisk auke i Noregs totale våpeneksport. I 2020 eksporterte Noreg forsvarsmateriell og fleirbruksvarer for militært bruk til ein verdi av 6,7 milliardar kroner, mot 4,9 milliardar i 2019.

I tillegg har Noreg opna for sal av våpen, såkalla A-materiell og ikkje berre forsvarsmateriell, til Qatar.

Changemaker meiner det er problematisk fordi Qatar systematisk bryt menneskerettane og undertrykker si eiga befolkning.

Ingenting kan forsvare at norsk krigsmateriell endar opp oss hos regime som systematisk bryt menneskerettane

Krev eit strengare regelverk.

Det må på plass eit strengare og betre regelverk.

Noreg er ein forkjempar for fred, menneskerettar og demokrati. Samstundes sel vi stadig meir krigsmateriell til diktatur. Sånn kan vi ikkje ha det.

Riksrevisjonen kom tidlegare i år med ein rapport med undersøking av styresmaktene sitt arbeid med eksportkontroll av strategiske varer. Riksrevisjonen skriv at:

«Eksport av våpen og annet forsvarsmateriell, skal bare skje etter en nøye vurdering av uten- og innenrikspolitiske forhold i området de skal selges til. Vår undersøkelse viser at Utenriksdepartementets vurderinger ikke er grundige nok og at den samlede kontrollen for å hindre ulovlig eksport er for dårlig.»

Sett i lys av riksrevisjonen sin kraftige kritikk er det enda vanskelegare å forstå at ein droppar å ha ei munnleg høyring.

Det blir berre meir og meir tydeleg at Noreg ikkje har gode nok kontrollmekanismar på plass for å hindre at norske våpen havnar i feil hender.

Ingenting kan forsvare at norsk krigsmateriell endar opp oss hos regime som systematisk bryt menneskerettane og folkeretten.

Uformell høyring

Eg håpar no at småpartia i utanrikskomiteen vil gå saman om ei uformell munnleg høyring for å setje søkelys på norsk våpeneksport likevel.

Vi meiner at det trengst å bli sett eit større fokus på Noregs våpeneksport enn berre ei skriftleg høyring slik det blir lagt opp til no.

Difor har vi sendt ut invitasjonar til KrF, Venstre og SV med førespurnad om eit møte for å snakke om norsk våpeneksport og kartleggje moglegheitene for ei uformell munnleg høyring. Det har dei mindre partia moglegheit til å arrangere på eiga hand, sjølv om fleirtalet i utanrikskomiteen ikkje ønskjer ei formell høyring.


– Eg engasjerer meg ikkje for å stoppe norsk våpeneksport, men fordi eg meiner vi må ha ei openheit om kva vi eksporterer og kvar. No legg både næringa og politikarane lok over heile diskusjonen, seier Pål Moddi Knutsen. Foto: Elisabeth Jakobsen