Changemaker-leiaren ville invitert Jesus på «ræger og krabbeklør»
Naja Amanda Lynge Møretrø (24) vert ny leiar i organisasjonen, og vil setje våpeneksport, vaksinar og skatteparadis på dagsorden.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Målet mitt er at unge tenkjer sånn «Oi, det funkar faktisk å engasjere seg – og det ser skikkeleg gøy ut i tillegg!», fortel Naja Amanda Lynge Møretrø på e-post til Framtida.no.
Førre helg vart 24-åringen frå Kristiansand vald til ny leiar av Changemaker, men ho var sjølv ein av dei som trong litt ekstra overtyding før ho først byrja å engasjere seg.
– Eg hadde lyst til å endre urettferdige strukturar i verda då! Men det var også det at eg vart dregen med av nokre vennar som gjerne ville ha meg med.

Naja Amanda Lynge Møretrø (midten) tek til som Changemaker-leiar 1. juli 2021. Med seg i leiargruppa for ho 1. nestleiar Matilde Angeltveit (t.v.) og Marte Hansen Haugan (t.h.) Foto: Stian Fossum Larsen. Foto: Stian Fossum Larsen
I dag, som 24-åring og påtroppande leiar, er ho veldig glad for at ho vart med til slutt.
– Tips frå meg: Aldri slutt å mase på vennane dine om å engasjere seg, det løner seg alltid – både for deg sjølv og for verda.
Våpen, vaksinar og skatteparadis
Dei viktigaste sakene for Changemaker i år er å stoppe norsk våpeneksport til autoritære regime, å sikre tilgang på medisinar og rettferdig fordeling av vaksinar i utviklingsland og å hindre kapitalflukt.
– Vi må skape gode globale, nasjonale og lokale system som gjer at færre pengar forsvinn til skatteparadis, slår Møretrø fast.

Hausten 2017 hadde Changemaker kampanje om den norske skattesystemet, ei sak dei også kjem til å løfte komande haust. Illustrasjon: Ruth Eline Iversen/Changemaker
Changemaker var ein av organisasjonane som tidlegare i år reagerte sterkt på Aftenposten-avsløringa om norsk våpeneksport. Avisa avslørte at Utanriksdepartementet har tillete omfattande eksport av våpen til Dei sameinte arabiske emirata, trass i FN-åtvaringar og mistanke om at våpena vart nytta i borgarkrigen i Jemen.
Gjentekne gongar har ungdomsorganisasjonen teke til orde for at det norske regelverket for våpeneksport må verte endra.
For Naja Amanda Lynge Møretrø personleg, er det klimarettferd som står hjarte nærast.
– Det handlar om at vi skal klare å kutte halvparten av verdas klimagassutslepp innan 2030, og at det skal skje på ein rettferdig måte der rike land som Noreg tek eit ekstra ansvar, fortel ho og held fram:
– Klimaendringane rammar dei fattige hardast, og difor handlar det om så mykje meir enn å «berre» kutte utslepp.
Teleportasjon og tidstjuvar
– Kva gjer du på fritida/hobbyar?
– No om sommaren likar eg å bade og ete is, og andre slike sommarting. Heile året likar eg å lage og ete god mat, trene, dille med plantar og vere med vennar, svarar Møretrø.
Endå ho likar å halde eit høgt tempo i kvardagen, synest ho òg det kan òg vere godt å ligge på sofaen, sjå på tv og ete Stratos.

Naja Amanda Lynge Møretrø likar å halde eit høgt tempo i kvardagen. Foto: Stian Fossum Larsen
– Å reise over lenger periodar, gjerne langt vekke heimanfrå, er òg noko av det beste eg veit. Eg elskar kjensla av å vere Naja ute i verda.
Om den reiseglade 24-åringen kunne vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta difor vore: «Ny oppfinning: No kan du reise rundt i verda via teleportasjon gratis og miljøvenleg!»
– Det hadde verkeleg vore noko, seier Møretrø.
– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?
– Det må dessverre vere mobilen. Tenk alt det eg kunne gjort dei timane eg er på mobilen kvar dag!!?? Eg skal skjerpe meg, lovar.
Jesus på ræge-kveld
For å halde seg oppdatert i kvardagen sver Møretrø til nettaviser og podkastar, kombinasjonen som er hennar forever go-to.
– Elles er eg ganske lite oppdatert på motefronten, til dømes.

Omslag: Forlaget Manifest
Om der er ei bok ho skal rå alle til å lese, så er det F-ordet – 155 grunner til å være feminist av Marta Breen, Madeleine Schultz og Jenny Jordahl:
– Fordi alle burde vore feministar. Ho gjev også gode motargument for dei som ikkje har skjønt at feminisme er tingen.
Om 24-åringen kunne invitert kven som helst på middag, så hadde nok valet falle på Jesus.
– Kan ikkje kome på ein meir sengomspunnen mann som både har vorte så hylla og så hata, fortel ho og held fram:
– For det første hadde det vore utruleg interessant å ha ein samtale om livet, og for det andre kunne han kanskje avliva ein del mytar som skapar hat og splitting.

Naja Amanda Lynge Møretrø (24) ville invitert Jesus på middag. Foto: Falle i det fri, Pixabay.com, Colurbox.com. Kollasj: Framtida.no
Om Jesus hadde kome til bords skulle kristiansandaren servert eit skikkeleg sørlandsmåltid: ræger og krabbeklør.
- Les også om då Marta Breen var 20 år gammal: Ho fekk rulletobakk til bursdagen og brukte pengane sine ufornuftig
Leiarføredøme og fargerike hus
Når ho tek til 1. juli håpar Naja Amanda Lynge Møretrø å vere ein leiar som inspirerer andre til å engasjere seg for globale spørsmål.
– Det er ordentleg gøy å jobbe med politikk, men eg trur òg at kor godt folk trivst og kor godt fellesskapet i organisasjonen er, har mykje å seie for kor lenge dei vert.
Difor vil ho arbeide for at Changemaker skal vere ein god og inkluderande organisasjon å vere i, noko ho trur vert ekstra viktig når koronatida er over og samfunnet opnar meir opp att.
Føredøma til 24-åringen er dei to føregåande leiarane Embla Regine Mathisen og Tuva Krogh Widskjold, som har innehatt vervet medan Møretrø har vore medlem.
– Dei ser eg skikkeleg opp til som leiarfigurar.

Embla Regine Mathisen (t.v.) var leiar i Changemaker frå 2018 til 2021, medan Tuva Krogh Widskjold var leiar frå 2016-2018. Begge foto: Changemaker. Kollasj: Framtida.no
– Kva er idealsamfunnet?
– Idealsamfunnet er ei verd der alle er glade fordi alle menneskerettane er heilt oppfylde, og vi lever i eit sterkt fellesskap med kvarandre og i harmoni med jorda og naturen, fortel Møretrø og legg til:
– Og så har vi funne ut at bygningane burde vore i sterke fargar heller enn kvite og grå, og gatene er fylde med dyktige gatemusikantar. Difor er alle ekstra glade og smilande.
Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Pizza. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELBILLIES? Beyoncé
Naja Amanda Lynge Møretrø
Frå: Kristiansand
Alder: 24
Yrke/utdanning: To bachelorgrader (samfunnsgeografi og sosiologi), bartendar på irsk pub, og no snart leiar av Changemaker!
Favorittfag på skulen: Musikalfag og dirigering på musikklinja på VGS var utruleg gøy.
Ulike verv: Leiar i Changemaker (frå 1. juli 2021).
Medlem i: Changemaker! (+ mange andre ungdomsorganisasjonar som jobbar for rettferd og klima)