Utanlandsadopterte Maiken Helene (22) har følt seg stygg store delar av livet

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Det har vore vanskeleg for mamma og pappa å forstå. Dei siste åra har det gått opp for dei kor utfordrande det kan vere å ha mørk hud.

Maiken Helene Bergsmo vart født den 8. mars i 2001 og funnen i ei pappeske langs gata i den kinesiske byen Shanghai.

To år seinare sat Bergsmo på flyet med sin nye norske familie på veg til Harstad. Bergsmo har blitt fortalt at tårene trilla då snøen i Nord-Noreg trefte skoen hennar.

I dag studerer Bergsmo journalistikk ved Oslo Metropolitan University. Ho smiler breitt i det ho møter journalisten i Framtida, men bak smilet er det også mykje alvor.

Dei siste åra har 22-åringen gjort seg mange tankar om det å vere adoptert.

– Eg er eigentleg veldig i mot utanlandsadopsjon. Eg forstår at det kan vere nødvendig, men heilt ærleg syns eg ideen er smaklaus. Det blir ofte «white saviour» mentalitet frå Vesten. Desse brune barna skal reddast.

Refleksjon og gransking

Dei siste månadene har fleire land i Europa annonsert at dei skal granske ulovlege adopsjonar. Dette gjeld også Noreg.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe i Senterpartiet annonserte tidlegare i år at det vil bli ei ekstern gransking av tidlegare adopsjonar. Dette skjedde etter Verdens Gang avslørte ei rekke ulovlege adopsjonar.

Det er store kontrastar frå Shanghai til Harstad, men det var i denne byen Maiken Helene Bergsmo vart funnen i ei pappeske. Foto: Heiko Junge / NTB

I høve dette skreiv Bergsmo sitt andre debattinnlegg i Aftenposten om adopsjon. I denne teksten skreiv ho blant anna:

– For snart tre år sidan skreiv eg i Si; D om det same temaet som no. Eg skreiv blant anna at eg ikkje føler noko sterk tilknyting til Kina, og at den einaste tilknytinga eg har til landet, er at eg er født der.

Vidare skreiv Bergsmo at det var gjort mykje refleksjonar sidan den gang, og at no såg litt annleis på ting.

– Eg føler ikkje ei sterk tilknyting til fødelandet mitt nå heller, men eg er meir open for at Kina er noko meir enn berre et land i det fjerne kor eg vart født. Ting er ikkje like svart-kvitt i dag.

I 2018 skreiv nemleg Bergsmo eit debattinnlegg i Aftenposten Si ;D med følgande overskrift: Vær så snill: «Slutt å kalle meg for utlending!»

– Kva er det som har forandra seg mellom desse innlegga?

– Mellom denne perioden fekk eg fleire venner som var asiatiske, men også folk med innvandrarbakgrunn. Eg har omgitt meg med folk som er meir likesinna. Sjølvtilliten min på det å vere adoptert har stige.

Svikt i systemet

I januar dette året publiserte doktorgradsstipendiat Kjersti Grinde Satish ein kvalitativ studie om psykisk helsekamp blant norske internasjonale adopterte. Dette er ein del av Satish si doktorgradsavhandling ved NTNU, som omhandlar vaksne utanlandsadopterte sine erfaringar.

Gjennom studien har Satish snakka med 19 kvinner og 7 menn i alderen 21–34 år.

I studien presiserer dei adopterte at mangel på kunnskap har vore problematisk, og at det har vore med å bidratt til forvirring rundt eigen identitet, og dessutan til vedvarande følelsesmessig smerte.

Sjølv har Bergsmo slite med psyken. Ho fortel at også andre adopterte ho møter har møtt på same problem.

– Personleg syns eg systemet har vore dårleg. Eg veit ikkje korleis andre adopterte har opplevd dette, men eg har ikkje fått noko oppfølging. Apparatet rundt har vore heilt elendig.

Maiken Helene Bergsmo flytta til Oslo i fjor. No er det enklare for Bergsmo å aksepterte at ho er adoptert. Foto: Jonas Yang Tislevoll

– Eg tenker det er veldig dårleg gjort at du blir adoptert til Noreg med norsk papir, men så er du ofte ikkje norsk på gata. At adopsjonssystemet tar deg frå fødelandet, og så er støtta så og sei fråverande. Det er rett og slett veldig dårleg, seier Bergsmo.

Mangel på kompetanse

Etter gjennomført studie sit Satish igjen med mange av dei same inntrykka som Bergsmo.

– Det er mange som har følt at systemet har svikta, når det kjem til oppfølging av barn og foreldre. Det er nødvendigvis ikkje enkelt å vere adoptivforeldre heller.

– Ein ting er å få hjelp, ein anna ting er å få hjelp av nokon med rett kompetanse, seier Satish på telefon til Framtida.no.

Fleire Satish møter har fått tilbod om hjelp gjennom psykolog eller barne- og ungdomspsykiatri, men mangel på kunnskap gjer at dei føler seg misforstått.

– Den alminnelege hjelpa er ikkje tilrettelagt for adopterte. Fleire av dei eg har snakka med har problem som ikkje er anerkjente, og dei blir ofte oppfordra om å vere takknemleg rundt adopsjon.

– Det verkar som det ikkje er rom for å ha det vanskeleg, utan å sei at du er takknemleg.

Satish peiker på to ting, når ho får spørsmål om kva som skal til for å kunne gi eit godt nok tilbod til adoptivbarn, men også adoptivforeldre.

– Det må vere rett og tilgjengeleg kompetanse, og folk som kan behandle adopsjonsspesifikke problem.

Over telefonen får Satish presentert tiltaka Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har lagt fram. Hennar umiddelbare tankar er at dette er noko som vil vere til hjelp.

– Alle punkta er veldig bra. Dette har blitt etterspurd, og vil nok treffe svært mange. Om dette blir gjennomført vil det vere til stor hjelp, seier Satish.

Tiltaka kan lesast nedst i saka.

Adopsjonsspesifikt hjelpebehov

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har blitt gjort merksam på kritikken frå Maiken rundt oppfølging og systemet. I e-post til Framtida, signert Kristin Ugstad Steinrem, avdelingsdirektør for internasjonale tenester i Bufdir, skriv dei blant anna:

«Noreg har eit godt utbygd helse- og sosialsystem der alle barn, unge, vaksne og familiar som er busett i landet, kan få hjelp med sosiale eller helsemessige utfordringar. Mange adopterte og familiane deira nyttar seg av desse allmenne tilboda, og får god hjelp og oppfølging der.»

Ho skriv vidare at:

«Fleire adopterte og deira familiar har likevel tatt til orde for at adopterte har eit adopsjonsspesifikt hjelpebehov, som dei ordinære tenestene ikkje fyller.»

Fullstendig svar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kan lesast nedst i saka.

Slitsamt i oppveksten

– Det har skjedd fleire gonger at folk har sagt til meg at mamma og pappa er fantastiske fordi dei adopterte meg, seier Bergsmo.

Bergsmo fortel vidare at det har vore tungt å vere adoptivbarn, spesielt i ung alder.

– Det var mykje kvasse kommentarar og skildringar om livet mitt som adoptert, og kor forferdeleg det var. Eg var eit veldig usikkert barn, totalt blotta for sjølvtillit, seier ho.

– Barn seier jo veldig ærlege og ufiltrerte ting til kvarandre. Dei veit jo ikkje betre.

Maiken Helene Bergsmo. Foto: Jonas Yang Tislevoll

På ungdomsskulen gjekk Bergsmo gjennom ei identitetskrise og opplevde å få lite forståing i møte med helsesjukepleiaren på skulen.

– Ho gav meg beskjed om at eg måtte vere takknemleg, og at foreldra mine var veldig glad i meg. Det var inga forståing i motsett ende, og eg skjønner jo at dei ikkje kan forstå meg.

Kvardagsrasisme

Allereie som barn fekk Bergsmo møte kvardagsrasisme. Den første opplevinga ho hugsar var frå ein lokal restaurant.

– Eg var på ein restaurant i Harstad med familien min. Sidan eg var ung kunne eg ete med spisepinnar. Det gjorde eg også den dagen. Etter kvart kom det ei lita jente som drog faren sin med seg for å sjå på at eg brukte spisepinnar. Dei stod berre å stira på meg frå 3 meter.

Dette var berre starten på ei rekke hendingar som har følgt ho gjennom livet. Som 19-åring vart ho spurt om ho var til sals.

– Eingong eg spaserte ein tur i Toten stoppa det ein bil med fleire menn i. Dei rulla ned vindauget, og spurde meg rett ut kor mykje eg skulle ha. Eg gav dei klar beskjed og så køyrde dei vidare. Etter kvart kom dei tilbake og spurde meg på nytt: «Er du sikker på at du ikkje sel?» Det var veldig ekkelt.

Gjennom snart 20 år har Bergsmo opplevd vanskelege situasjonar rundt det å vere adoptert. Foto: Jonas Yang Tislevoll

I 2020 vart koronaviruset spreidd frå Kina til heile verda. Dette gjorde at mange nordmenn med asiatisk opphav møtte ubehagelege situasjonar.

– Spesielt hugsar eg ein situasjon på butikken under korona. – I det han såg meg på butikken, snudde han seg og gjekk. Han vart heilt stiv i kroppen av skrekk, det var rask gonge vekk frå meg, så fort som mogleg. Ikkje berre vanleg gonge. Eg er ikkje ein person som prøver å finne rasisme, for eg meiner alle skal få ein reell sjanse.

20 år med dårleg sjølvbilde

– Heilt fram til eg var 20 år fornekta eg det at eg var adoptert. Det var vanskeleg for meg å snakke om Kina, kaldsveitta berre rann av tanken.

Trass eit liv i fornekting har det å vere adoptert prega sjølvbildet til Bergsmo over ein lang periode.

– Då eg fylte 21 år var fyrste gong eg tenkte at eg ikkje var stygg. Gjennom heile livet mitt har eg tenkt at eg er kjempestygg fordi eg er asiat.

Bergsmo har gjort seg opp nokre tankar om kva ho har sakna gjennom alle desse åra.

– Det at eg har vakse opp i Nord-Noreg har nok hatt ei stor rolle i det. Eg har sakna å ha folk rundt meg som ser ut som meg, og med det meiner eg ikkje at det nødvendigvis må vere asiatar. I seinare tid har eg snakka med fleire adopterte i Oslo, og dei har ikkje følt seg utanfor slik som eg har gjort i Harstad.

– Men mest av alt har eg sakna nokon å dele eigne erfaringar med nokon som forstår meg.


Fullstendig svar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet ved Kristin Ugstad Steinrem, avdelingsdirektør for internasjonale tenester:

«Noreg har eit godt utbygd helse- og sosialsystem der alle barn, unge, vaksne og familiar som er busett i landet, kan få hjelp med sosiale eller helsemessige utfordringar. Mange adopterte og familiane deira nyttar seg av desse allmenne tilboda, og får god hjelp og oppfølging der.

Fleire adopterte og deira familiar har likevel tatt til orde for at adopterte har eit adopsjonsspesifikt hjelpebehov, som dei ordinære tenestene ikkje fyller. For å undersøke dette nærmare, gav Bufdir i 2017 et oppdrag til Folkehelseinstituttet om å kartlegge adopterte og familiens behov for hjelp og oppfølging etter adopsjon. Rapporten finst her: Betre føre var OG etter snar 

I ei spørjeundersøking til adoptivforeldre, kjem det fram at ein av tre av familiane oppgir at dei har barn som har eller har hatt forstyrringar rundt tilknyting, lettare psykiske vanskar, lese- og skrivevanskar, eller åtferds- og aggresjonsproblem. Ein fjerdedel av familiane oppgir at dei har eller har hatt barn med alvorlege konsentrasjonsvanskar, språkvanskar og identitetsproblem knytt til det å vere adoptert.

I 2021 fekk Bufdir i oppdrag frå Barne- og familiedepartementet å greie ut og føreslå korleis adopterte og familiane deira bør følgast opp etter adopsjon. Bufdir si utgreiing og anbefaling vart sendt departementet desember 2021. Den kan du lese her: Bufdir rapport

Som ein kan lese av rapporten, vurderte Bufdir at det er behov for ein styrka innsats for adopterte og familiane deira etter adopsjon. Det vart foreslått ein samla tiltakspakke, med fem tiltak.

I tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet i 2023 er Bufdir gitt fire oppdrag som gjeld tiltak etter adopsjon, saman med ei løyving på 3,5 millionar kroner:

  • Oppdrag 23 Etablere kurs for adoptivforeldre etter adopsjon
  • Oppdrag 24 Etablere bistand til søk etter biologisk opphav
  • Oppdrag 25 Utvikle ei kompetanseteneste for adopterte og familiane etter adopsjonen, som skal gi individuell rettleiing til adopterte og familiane deira om tenestetilbodet etter adopsjon gi informasjon/fagstøtte om adopsjonsspesifikke problemstillingar til bruk for aktuelle tenester.
  • Oppdrag 26 Vurdere utvikling av eit prøveprosjekt med samtalestøtte til nasjonalt og internasjonalt adopterte, etter svensk modell omtalt i Bufdirs rapport punkt 3.10.2.1. Oppdraga er under arbeid i Bufdir.

* Merknad: Verdens Barn er ein av tre organisasjonar som formidlar utanlandsadopsjonar i Noreg. Journalisten har tidlegare motteke støtte frå Verdens Barn i samband med eit fotoprosjekt, men har ingen formelle bindingar til organisasjonen.

Fritt Ord-logo, blå

Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Les også: Forfattar Priya Bains (27) etterlyser ein djupare debatt om migrasjon

Kvinne med kortklipt hår

Poet Priya Bains. Foto: Baard Henriksen/Forlaget Oktober