Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å snakke om rasisme kan kjennast som å trakke i eit minefelt. Vil nokon føle seg trakka på? Kan eg bidra til rasisme ved å snakke om det? Kan eg bli stempla som rasist utan at eg sjølv skjønner kvifor?

Foto: Minotenk.

Tipsa kjem frå den ferske boka Håndbok mot rasisme, og tek i utgangpunkt i den minoritetspolitiske tenketanken Minotenk sine tips til korleis lærarar kan møte rasisme i klasserommet.

Orginalteksta er skriven av Mari Erstad og Peder Nustad som jobbar ved Holocaust-senteret, som rettleiar og prosjektleiar for Dembra, eit tilbod om kurs og rettleiing for skular.

1. Ikkje gløym kvardagsrasismen

For mange personar med minoritetsbakgrunn eller minoritetsutsjånad er ikkje rasisme noko dei kan velje å forhalde seg til berre som læringsmål i ein historietime. Dei kan møte blikk, kroppsspråk, kommentarar eller handlingar i kvardagen som gjer at dei føler seg ekskludert eller diskriminert.

Å snakke om rasisme som noko ekstremt eller historisk, eller noko som skjer i andre land, bidreg til å usynleggjere rasismen som mange minoritetar opplever i Noreg i dag.

Ved å synleggjere rasismen som skjer her og no, kan ein derimot bidra til å gje minoritetsungdom eit språk for å setje ord på og bearbeide opplevingane sine, og ein kan setje alle i stand til å gjenkjenne og motarbeide rasisme i eigen kvardag.

Bilde av rasistiske utsegner

Rasisme i Noreg.

2. Ver bevisst på kategoriane folk møter

Mange har som mål å vere «fargeblind» og å sjå på alle med nøytralt blikk. Kanskje er det også slik at nokon tillegg hudfarge mindre betydning enn andre. Samtidig kan førestillinga om at ein er fargeblind stride mot ubevisste fordommar mange ber på knytt til hudfarge.

Minoritetsungdom møter dessutan ei verkelegheit som på eit eller anna nivå ikkje er fargeblind: I det norske samfunnet er ikkje hudfarge ein nøytral kategori, like lite som kjønn, kjønnsidentitet eller seksuell orientering er det. 

Då er det betre med ei realistisk haldning til korleis hudfarge og andre kategoriar kan gje assosiasjonar og vekke bestemte førestillingar.

3. Reflekter rundt det å «vere norsk»

Ein kategori som har stor betydning i Noreg, og som er tett forbune med hudfarge, er «norskheit».

Å vere norsk vert ofte, av historiske årsaker, knytt til det å vere kvit. Mange vil i dag seie at det å vere norsk ikkje bør vere knytt til hudfarge, men likevel er mange bevisste på at dette nok framleis er eit ideal.

For mange er «me» einsbetydande med å vere norsk. Samstundes opplever nokre at dei blir fortalt at dei ikkje høyrer heime i det norske fellesskapet. Det kan derfor vere viktig å reflektere rundt kva det vil seie å vere norsk, slik at det er lettare å velje inkluderande formuleringar.

4. Tenk gjennom kva ord og bilde du brukar

Språk og bilde kan bidra til å markere nokon som «dei andre», det me kallar «andregjering». Det kan skje både bevisst og ubevisst.

Når du skal snakke om ei gruppe, kan du heller seie: «Dei av oss som er .. ». Forsøk å unngå formuleringar som «I Noreg gjer me det slik» eller å omtale den beigerosa fargeblyanten som «hudfargen».

Slik markerer du at «me» rommar mangfaldige grupper.

Skulen har også ei unik moglegheit til å normalisere mangfald gjennom å velje litteratur, filmar og læringssressursar som gjenspeglar mangfaldet i samfunnet, og som utfordrar ideen om at me = norsk = kvit. Dette er viktige grep uavhengig av om det sit elevar med minoritetsbakgrunn eller minoritetsutsjånad i klasserommet.

5. Ver varsam med å gjere personar til representant for ei gruppe

Når du snakkar om ei gruppe, til dømes ei religiøs gruppe eller befolkninga frå eit land, er det nyttig å kunne få fram perspektiv og erfaringar frå innsida. Minoritetspersonar kan vere ei slik kjelde, og det er lett å falle for freistinga og be enkeltpersonar fortelje om gruppa du tenkjer dei representerer.

Men når ein trekk fram enkeltpersonar på denne måten, seier ein også noko om korleis ein oppfattar personen sin identitet. Mens nokon vil vere glade og stolte over å dele forteljingar frå sin bakgrunn, er det for andre slett ikkje noko ønske.

Hugs at grupper rommar internt mangfald, og at ingen enkeltpersonar kan representere ei heil gruppe.

6. Ikkje ver redd for rasismekortet

Når det vert hevda at nokon «dreg rasismekortet», dreiar det seg gjerne om ein rasismeanklage der rasime ikkje er ein opplagt faktor for alle. På den eine sida er slike skuldingar eit uttrykk for at nokon føler seg urettferdig behandla eller såra. På den andre sida kan slike skuldingar følast urettferdige og smertefulle.

Du bør prøve å ikkje la deg provosere, men heller forsøke å lytte og forstå. Konfrontasjon er sjeldan noko god løysing for å løyse ein vanskeleg situasjon.

Dessutan er rasisme eit omgrep som famnar breiare enn den openberre ideologiske rasismen. Det handlar ikkje berre om kva du som avsendar har meint. Det handlar også om kva meining dine ord og handlingar får i lys av personen sine erfaringar og diskriminering i samfunnet elles. For ein eller ei som har fått kommentarar om sitt krøllete hår gjennom heile oppveksten, kan slike kommentarar ha ei anna betydning enn avsendaren hadde meint.

7. Lytt til dei det angår

Som alle andre grupper er også gruppa «minoritetsungdom» mangfaldig. Både opplevinga av og reaksjonane i møte med rasisme er individuelle.

For nokon vil samtalar om rasisme opplevast positivt, som ei anerkjenning av deira
opplevingar. For andre kan eit slikt fokus heller føre til ei auka kjensle av stigmatisering og ei uønska merksemd rundt deira «annleisheit». For minoritetsungdom i eit elles homogent kvitt miljø kan søkjelyset som følgjer med samtalar rasisme, vere spesielt belastande.

Uansett kva du gjer, er det derfor viktig at du lyttar. Det er ikkje sikkert du kan unngå uheldige eller ubehagelige situasjonar. Men med ei open haldning der du viser vilje til sjølv å lære og justere kursen, er sjansen større for at også slike situasjonar kan bringe både enkeltindivid og samfunnet som fellesskap vidare.

Tipsa er omskrive og forkorta av Framtida.no, og publisert med løyve frå Minotenk og orginaltekst-forfattarane Mari Erstad og Peder Nustad. 


I samband med Black History Month Norway har me sett saman ei liste med norsk, svart historie du kanskje ikkje har fått med deg. Foto: Måleri/Eidsvollminnet, Wikimedia/Klaus Forbregd / NTNU, Gorm Kallestad / NTB .