Forfattar Priya Bains (27) etterlyser ein djupare debatt om migrasjon

Edith Meek Allern
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skriv lite dikt om blomstrar og fuglekvitter, ler Priya Bains.

27-åringen tek til poesi for å engasjere seg politisk. Særleg vender ho tilbake til migrasjonsspørsmål.

– Eg opplever måten vi snakkar om migrasjon på som ganske grunn. Det blir sett lite lys på kva for eksistensiell erfaring det faktisk er, seier Bains.  

Omslag: Forlaget Oktober.

Det var mellom anna dette ho ønskte å utforske djupare diktsamlinga Med restene av mine hender (2021):

– Ikkje sånn, for eller mot innvandring, slik partipolitikken held på, men: gitt migrasjon – kva gjer det med menneske og intime relasjonar? 

Prisen av å ta føre seg ei forflytting

Bains beskriv migrasjon som både eit både storpolitisk, historisk, og personleg fenomen. Foreldra migrerte frå India som arbeidsinnvandrarar, lik som alle syskena deira, og dei slo røter i forskjellige delar av verda: Noreg, New Zealand, Canada, England.

– No er det ingen band til India i nær familie lenger, fortel Bains. I boka speler dette inn saman med fri dikting, forklarar ho.

– Kva er det du legg i at migrasjon er ei eksistensiell erfaring?

– Det eg har tenkt mest på, er tilfelle kor ein reiser frå ein kultur og seier at slekta skal opphøyre å eksistere der, seier Bains og utdjupar:

– Tenk på familie som ei lang linje bakover i tid, som har utvikla seg på ein enkelt stad. Plutseleg blir linja kutta, snøret kasta ut ein annan plass, og ein seier: ver så god, ta det vidare herfrå.

Det er eit valdeleg bilete på kva det er å flytte seg frå ein kulturell kontekst og så skulle slå røter på bar bakke ein annan stad, seier ho.

[    familien sier: / hvor snur du deg for trøst / når du ikke kommer hit? / forstår de det når du sier / at du savner noe / du aldri har holdt / i dine egne hender / at du ble frarøvet et helt liv / lenge før du ble født 

Med restene av mine hender, Priya Bains (2021)]

Bains presiserer at «kastet» sjølvsagt blir endå valdelegare om det er tale om flukt, men legg til:

– Reint eksistensielt er det likevel i alle fall noko ofseleg for alle som tek føre seg ei slik forflytting. Det brutale kjem både av brotet med slektshistoria og møtet med landet ein migrerer til.

Kulturarv i eit migrasjonsperspektiv

Priya Bains fekk Olav H. Hauge-stipendet 2022. Foto: Nynorsk Forfattersentrum

Ein første pris ved migrasjon som Bains tek opp, er brotet med kulturarv. Ho peikar på si eiga mor som vaks opp med andre songar og TV-program, mat og språk. I Noreg står dei aleine i oppgåva det er å føre denne kulturelle referanseramma vidare, forklarar Bains.

– Det er jo vondt å aldri få dei same erfaringane som foreldra sine, å bli sitjande med så mange spørsmål og ei kjensle av å aldri få forstå heilt, fortel ho.

– Og ein dag døyr foreldra, og då døyr på ein måte koplinga til ein heil verdsdel, legg ho til. 

For dei eldre generasjonane er det òg ei smerte i å vite at barna aldri kjem til heilt å forstå kulturen dei er stolte over og gjerne vil føre vidare. I mellom dei kjem dessutan nye kulturelle referansar, som andregenerasjonen tek ganske umiddelbart, berre i kraft av å vere født der, forklarar Bains.

– Det skapar distanse. Så kan ein seie det er distanse i mange familiar, men dette er altså berre eit produkt av migrasjon, seier ho.

Mangel på anerkjenning av kulturell kapital

Ei anna smerte ved migrasjon som opptek Bains, er mangel på anerkjenning av den kulturelle kapitalen innvandrarar kjem med.

Ho trur mellom anna det skuldast kva ein anerkjenner som kulturell kapital:

– Om nokon viser til Ibsen, veit ein at dei er skolert i same kanon som ein sjølv. Om nokon siterer ein Sufi-poet frå 1400-talet er det mange som har vanskeleg med å plassere det i sitt verdihierarki, seier Bains.

Mangel på kunnskap om heimlandet som migrantar møter i eit nytt land, omfattar òg nasjonalhistoria og dei krigar, revolusjonar og opptøyar som inngår i ho, legg Bains til.

– Det er jo ein kolossal del av nasjonalhistoria til heimlandet, men kan vere noko folk ikkje eingong har høyrt om. Det gjer jo òg noko med deg å ikkje bli møtt på dei trauma folket ditt har erfart, utdjupar ho.

Migrasjon som konsekvens av kolonialisme

Ved migrasjon frå det globale sør til Vesten, oppstår det vidare ei eiga form for vald i møtet med landet ein migrerer til, meiner Bains:

– Dei fleste som flyttar frå det globale sør til Vesten, gjer det fordi sjansen for eit godt liv er større der enn i heimlandet. At det er slik, er ein direkte konsekvens av kolonialismen.

– Å komme til Vesten i ei postkolonial verd, inneber å leve i eit rasistisk samfunn. Du er uvelkommen, nokon det ikkje må vere for mange av. Det gjer jo unekteleg noko med sjølvforståinga, og i dette oppstår òg ei form for vald, fortel ho.

Poet Priya Bains fotografert til Akerselva Litteraturfestival. Foto: Benni Gjemble

Kvit kritikk

Sjølv om diktsamlinga Med restene av mine hender vel så mykje handlar om familierelasjonar og kulturarv i migrasjonsperspektiv, fortel Bains at det i byrjinga òg kom lesingar som primært trekte fram sosial kontroll og frigjering som tema.

I utgangspunktet vil ikkje Bains ta posisjon mot lesingar av boka, men desse lesingane kritiserte ho som uttrykk for eit lite representativt anmeldarkorps. På den bakgrunn engasjerte ho seg i debatt om «kvit kritikk». 

– Det er noko med at kva ein legg merke til seier mykje om blikket som kikkar. Alle minoritetspersonar eg har snakka med, har lese boka annleis. Det handlar jo om at dette primært er ei kvit offentlegheit, seier Bains.

Eit døme på dikt som set gamle og nye verdiar opp mot kvarandre lyd slik:

«Familien sier: / vi våknet til at noen hadde tatt våre barn/ de sa de ville gi barna gaver/ vi tenkte: et septer av funklende stein/ mynter av gull, papagøyetunge/ vi var fortumlede og trøtte / så vi takket ja /men alt våre barn fikk / var en brennende lyst til å kle seg i nye klær». 

Bains meiner boka nok tangerer spørsmål som er knytt til sosial kontroll, men seier ho er kritisk til at litteratur om innvandrarfamilien er forventa å beskrive ein maktstruktur som ein burde fjerne seg frå.

Minoritetsforfattarar handsama som ein front

Ei anna side av å vere minoritetsforfattar i ei kvit offentlegheit, er tendensen til at ein blir samanrøyrd med andre minoritetsforfattar, seier Bains. Dette sjølv i tilfelle ein har ulike bodskap:

– Det er illustrerande at både eg og Sumaya Jirde Ali engasjerte oss i debatten om kvit kritikk, kor vi sa ulike ting, men i tilsvar blei samanrørd og kritisert fordi vi ikkje var samstemte nok. Det var liksom så vanskeleg å forstå kva problemet var, fordi vi snakka om ulike aspekt ved det å gi ut bøker som minoritetsforfattar. Vi opptredde jo sjølvstendig, men blei lesne til å vere ein front.   

– Sånt trur eg mange minoritetsforfattarar opplever, legg ho til.

Gjennom utdanning i Danmark og samarbeid med lyrikarar i Sverige, fortel Bains at ho har fått inntrykk av at det stiller seg annleis når det finst mange minoritetsforfattarar.

–  I kraft av at der finst fleire minoritetsforfattarar i Sverige, oppstår eit rom til å vere forskjellig, og ein les kanskje ikkje inn det same narrativet i alt minoritetsforfattarar skriv, forklarar ho.  

Kuraterer seg ei anna offentlegheit

Som motsats til det «kvite blikket» har Bains på fleire måtar vore engasjert i å skape ytringsrom med andre rammer.

I kjølvatnet av drapet på George Floyd gjekk ho saman med biletkunstnar, poet og aktivist Melanie Kitti for å lage tidsskriftet Abhivyakti. Dei reagerte på at mange av samtalane som oppstod var på eit heilt grunnleggjande nivå, som spørsmål om det eigentleg fanst rasisme i Noreg. I Abhivyakti, som tydar «eksistens» på sanskrit, kunne utelukkande etniske minoritetar vere bidragsytarar.

– Vi ville skape eit rom der ein ikkje treng vere uroa for at redaktørane ikkje fattar, forklarar ho og utdjupar:

– Eit rom der minoritetsforfattaren ikkje berre er invitert for å snakke om rasisme, medan majoritetsforfattarane får snakke om alle moglege ting. Om dei likevel ville skrive om rasisme eller utanforskap, skulle dei heller ikkje ha ei kjensle av at vi som redaktørar stilte oss heilt uforståande ovanfor innhaldet.

I FETT feministisk tidsskrift, der Bains er redaksjonsmedlem, går føre seg ei liknande kuratering av samtalen, fortel ho. Meininga er på same måte å oppnå samtale på eit djupare enn spørsmål om ein framleis treng feminisme.

På spørsmål om dette ikkje skapar ekkokammer, svarar Bains kontant:

– Tvert imot tenkjer eg det er ein offentleg samtale utan representasjon som er å rekne for eit ekkokammer. Fritt Ord-logo, blå


Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Slik ser det ut når Natur og Ungdom demonstrerer i den fiktive bygda Utfjord i NRK sin nye dramaserie «Vi lover et helvete». Foto: Max Emanuelson/NRK