Strukturell rasisme i Noreg – kven stiller vi spørsmål ved?

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av ti norske kommunar hevdar at dei ikkje har problem med rasisme, ifølgje ei undersøking Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom utførte i 2022.

Ingen rasisme, altså. Det høyrest unekteleg flott ut. Men kva for syn på rasisme ligg eigentleg bak slike utsegn?

Arnfinn H. Midtbøen, migrasjonsforskar og sosiologiprofessor ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

– Det kan sjå ut til at ein del norske kommunar tar utgangspunkt i den klassiske rasismen: ein type ideologi om eksistensen av forskjellige rasar med ulik verdi. Men denne typen rasisme er svært lite utbreidd i Norge.

Det meiner Arnfinn H. Midtbøen, migrasjonsforskar og sosiologiprofessor ved Universitetet i Oslo.

Han peikar på at ei ganske anna forståing av rasisme no er i ferd med å veksa fram i den norske offentlegheita.

– Vi trong ei slik hending

Særleg har dette skjedd i kjølvatnet av politidrapet på George Floyd i USA og Black Lives Matter-rørsla sin framvekst. I Noreg var demonstrasjonen til støtte for Floyd og andre offer for politivald i USA den største samlinga framfor Stortinget nokosinne.

– Ei slik hending måtte nok til for at nye forståingar av rasisme skulle siva inn i det offentlege rom. Sjølv om drapet på Floyd var djupt tragisk, er dette verdifullt både for norsk debatt og sjølvforståing, understrekar Midtbøen.

Med denne forståinga er rasisme ikkje berre forstått som noko rasistiske enkeltindivid står ansvarlege for. Rasismen kan også vera strukturell. Akkurat kva det betyr, kan vera vanskeleg å få grep om.

Som i mange andre amerikanske storbyar, marsjerte amerikanarar i Washington D.C under slagordet Black Lives Matter i 2020. Foto: Taylor Brandon, Unspash.com

Utgangspunktet for at ein begynte å snakka om strukturell rasisme i USA, var at svarte amerikanarar opplevde, og framleis opplever, massiv ulikskap samanlikna med kvite amerikanarar. Og det trass i at rasismen formelt sett var oppheva.

Men ifølgje teoriar om strukturell rasisme, skuldast ikkje den vedvarande ulikskapen mellom svarte og kvite amerikanarar rasisme i klassisk forstand. Snarare flytter slike teoriar fokus frå individet og over på dei underliggande strukturar i samfunnet, som verkar på langt meir subtile, umerkelege måtar.  

Tanken er at den historiske rasismen så og seia har bite seg fast i institusjonar, kollektive førestillingar og tankemønster. Rasismen lever altså vidare, men på måtar som kan vera vanskelegare å få auge på. Det betyr at folk med minoritetsbakgrunn kan oppleva ei form for diskriminering, utan at den som diskriminerer er ideologisk og bevisst rasist.

Eit døme er når professoren med minoritetsbakgrunn blir tatt for å vera reinhaldar, eller stadig spurd kvar ho kjem frå. Spørsmålet treng ikkje bety at spørsmålsstillaren trur på biologiske rasehierarki. Likevel vitnar spørsmålet om at noko ved professoren er påfallande, skil ho frå andre professorar, og vekker merksemd. Og etter å ha insistert mange nok gonger på at du er professor, og du er norsk, begynner du kanskje å spørja «er eg norsk?». 

Norsk og unorsk

Kven er det som glir saumlaust inn i det norske, og kven blir stilt spørsmål ved? 

Forskar Jon H. Friberg fann at innvandrarar til Norge frå andre europeiske land blei betrakta av andre som meir norske enn dei sjølv identifiserte seg som. Motsett var det for barn av innvandrarar frå Asia og Afrika: dei identifiserte seg ofte som norske, men blei i liten grad rekna som norske av andre.

Ein kjem langt med kvit hud, med andre ord.

I opningsmonologen til teaterstykket «De må føde oss eller pule oss for å elske oss» skildrar den norsk-gambiske dramatikaren Camara Lundestad Joof opplevinga av å skulle bli sminka og fotografert når teknikken er tilpassa kvit hud og rett hår.

Den tilsynelatande «nøytrale» sminka og teknikken viser seg å berre passa 15 prosent av befolkninga, mens alle andre blir avvik. Dag inn og dag ut må ho bruka tid på at folk ikkje veit korleis dei skal handtera svart hud og krølla hår.

Kvardagsrasisme har vore eit viktig tema for forfattar Camara Lundestad Joof. Foto: Maria Gossé / Samlaget

I boka Living a Feminist Life spør forfattar Sara Ahmed kva som skjer når spørsmåla hopar seg opp.

Kva blir resultatet når ein stadig blir spurd kvar ein kjem frå, når ein stadig blir tiltala på engelsk snarare enn norsk, stadig blir betrakta som litt annleis og eksotisk?

Kjenner ein seg framleis norsk?

Synlege og usynlege hindringar

– Særleg som ung blir ein usikker når det stadig blir stilt spørsmål ved identiteten din. Rasisme i skulen, gjentatt avvising i møte med storsamfunnet – alt dette gjer at ein får manglande tillit til autoritetar og storsamfunnet. Her ser vi utanforskap oppstå.

Det seier leiar i Antirasistisk Senter, Hatem Ben Mansour.

Som Joof fortel han at den strukturelle rasismen også får ei rekke praktiske utslag i kvardagen. Nordmenn med minoritetsbakgrunn må derfor utføra ein masse meirarbeid som andre ikkje treng å bekymra seg over.

– Ting tar lenger tid. Det kan vera fordi ein bur i Groruddalen og har lang reiseveg, eller fordi saksbehandlar har førebudd seg på feil ting fordi du har utanlandsklingande namn. I jobbintervju kan ein bli spurd om norskkunnskapane sine, sjølv om ein har jussutdanning frå Noreg. Dette gjer i sum at ein heng etter heile tida.

Og så veit vi også at folk tilset folk som liknar dei sjølv. Slik bygger dei negative stereotypiane opp under diskriminerande strukturar, seier Ben Mansour.

– Game changer i debatten

Saman med Jon Rogstad fann Midtbøen i 2012 at jobbsøkarar med utanlandsklingande namn i snitt hadde 25 prosent lågare sannsyn for å bli kalla inn til jobbintervju – eit klart døme på objektiv diskriminering i Noreg.

Undersøkinga bidrog til å skifta den offentlege forståinga, og slo så uomtvisteleg fast at utbreidd diskriminering går føre seg i Norge, at knapt nokon lenger hevda det motsette.

– Det var så sterkt. Det var ein game changer i debatten om diskriminering, fortel Midtbøen.

Den slags diskriminering på arbeidsmarknaden kunne ein også kalla ei form for strukturell rasisme, der forskjellsbehandlinga ikkje nødvendigvis har opphav i biologisk rasisme, men snarare kan skuldast negative stereotypiar og fordommar om søkarar med utanlandsklingande namn.

Klare forskjellar frå USA

Omgrepet strukturell rasisme er henta frå ein amerikansk kontekst. Mens det har klare fordelar å ta i bruk eit slikt omgrep i Noreg, er det også nokre viktige forskjellar mellom Noreg og USA som gjer at omgrepet må brukast med varsemd, understrekar Midtbøen.

For uttrykket strukturell rasisme kan gi inntrykk av at rasisme er noko som finst overalt, i alle krikar og krokar av samfunnet, og at situasjonen dermed er håplaus.  

– Eg er redd for å gi minoritetsungdom eit feil inntrykk av mogelegheitene sine i dette samfunnet. Ein har mykje større risiko for å møta diskriminering på sin veg, og ein må jobba hardare og senda fleire jobbsøknadar. Det er ein realitet, og viktig å dokumentera. Men det er farleg å gi inntrykk av at ein ikkje har ein sjanse i det norske samfunn.

– Her er det ein hårfin balanse, seier Midtbøen.

Dette er likevel noko ganske anna enn situasjonen i USA. Der finn ein vedvarande ulikskap mellom svarte og kvite amerikanarar kva gjeld kvar ein bur, kva for jobb ein har, inntekt og tilgang til helsetenester. Og særleg viktig: i USA har stoda stått stilt i fleire tiår. Det blir ikkje betre for neste generasjon enn for den førre.

I Noreg ser vi det motsette, fortel Midtbøen, og viser til at barn av innvandrarar til Norge tenderer til å klara seg langt betre enn sine foreldre kva gjeld inntekt og utdanning.

Vi ser altså både inklusjon og eksklusjon: den norske velferdsstaten bidrar til at etterkommarar klarer seg betre enn sine foreldre i Norge, men også etterkommarar møter diskriminering på arbeidsmarknaden, og opplever å ikkje bli akseptert eller anerkjend som norske, sjølv om dei oppfattar seg nettopp som nordmenn.  


Fritt Ord-logo, blå

Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Les også: Forfattar Priya Bains (27) etterlyser ein djupare debatt om migrasjon

Poet Priya Bains. Foto: Baard Henriksen/Forlaget Oktober