Rasisme råkar kvinner og menn forskjellig

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Menn blir samanlikna med dyr, og får dyrelydar ropt etter seg, medan jenter og kvinner i større grad blir møtte med avsky knytt til utsjånad, seier Cora Alexa Døving i ei pressemelding frå Kilden kjønnsforskning.no.

Ho er redaktør for ei ny bok om rasisme i Noreg og forskar ved Holocaustsenteret i Oslo.

Tidlegare har ho skrive boka Hva er rasisme saman med Sindre Bangstad.

Døyving merka ei tydeleg forandring etter våren 2020. Då hadde Black Lives Matter-rørsla nådd Noreg og sett sitt preg på den offentlege debatten.

– Folk byrja å ta inn over seg at rasisme var eit fenomen vi trong å ta tak i, også her heime.

Lite villige til å ta eit oppgjer

Årsakene til at det har vore så vanskeleg å snakke om rasisme i Noreg, er fleire, ifølgje Døving.

– Det er vanskeleg å snakke om rasisme i ein nasjon som ser på seg sjølv som så homogen som i Noreg. Vi har generelt vore svært lite villige til å ta eit oppgjer med vår eiga rasistiske historie, som til dømes fornorskingsprosessane mot samar og taterar, seier ho.

– Ei anna forklaring er at historisk har folk flest sett på rasismen i Noreg som eit fenomen knytt til nynazismen og til grupper på ytre høgre.

Samtidig oppstod det ein debatt om i kva grad omgrep utvikla i land som USA og England er nyttige for å forstå rasisme i norsk kontekst, fortel ho.

– Eg fekk lyst til å spørje ulike forskarar om nettopp det – har omgrep som kritisk raseteori, strukturell rasisme eller kvite privilegium betydd noko for deg som forskar. Eg ville også finne ut kva forskinga samla sett kan seie om norsk rasisme.


Les om korleis det er å vakse opp med norsk kvardagsrasisme: «Hald kjeft, jævla negerungar!»

Bilde av rasistiske utsegner

Rasisme i Noreg.