NTNU forbyr bruk av ChatGPT på eksamen: – Nødvendig å nemne det eksplisitt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

NTNU er ein av fleire utdanningsinstitusjonar som føler behovet for å presisere for studentane kva som er lov og ikkje lov no når det nærmar seg eksamen. Å bruke ChatGPT blir ikkje lov.

– Vi tolka det eksisterande regelverket som omhandlar plagiat slik at det også omfattar bruk av ChatGPT, men med tanke på all merksemda dette nye verktøyet har fått, meinte vi at det var nødvendig også å nemne det eksplisitt.

Det seier prorektor for utdanning ved NTNU, Marit Reitan, om regelverket for heimeeksamenar som nyleg har blitt oppdatert, til Khrono.

Gjeld spesielt heimeeksamen

Under skuleeksamen har ikkje studentane tilgang på internett og dermed heller ikkje på ChatGPT, men under heimeeksamen er alle hjelpemiddel tillatne. Det har gjort at desse presiseringar i avsnittet om juks og plagiat, har blitt tekne med i regelverket:

«Det er ikkje tillate å generere oppgåvesvar ved hjelp av kunstig intelligens (ChatGPT eller liknande) og levere den heilt eller delvis som eige oppgåvesvar.»

Prorektoren understrekar at det å bruke ChatGPT på same som ein brukar søkemotorar eller andre tillatne hjelpemiddel, er lovleg. Forbodet gjeld det å levere svar som framstår som om dei er sjølvproduserte men som eigentleg er er produsert av kunstig intelligens.

På spørsmål frå Khrono svarar fleire statlege universitet og høgskular at dei ikkje har gjort tilsvarande endringar i eksamensregelverket.


Gammel mann med pave-kallott i ei stor, kvit boblejakke og kjede med kross rundt halsen

Desse falske bileta av pave Frans i ei Balenciaga-jakke har gått viralt. Bileta er laga av ein amerikanar ved bruk av eit kunstig intelligens-verkty kalla Midjourney. Foto: Reddit